MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Borealisfestivalen ankar Kulturrådets avgjerd

Publisert: 01/10/2006 av Arvid Skancke-Knutsen

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006011009405331937285

Borealislogo (201x219) Borealisfestivalen i Bergen ankar no avgjerda om å kutte festivalløyvinga for Borealis med meir enn 50 %, frå 850 000 til 400 000,- og har sendt anke til Kulturrådet innan klagefristen. - Me har fått granska saka nøye - og me meinerat vedtaket er i strid med Kulturrådets eigen strategi for Borealis som Kulturrådet tok iniativet til i 2002, seiar kunstnarisk leiar Nicholas H. Møllerhaug i ein kommentar.


Av Arvid Skancke-Knutsen

Styret og kunstnarisk leiar i Borealis stiller seg uforståande til kutten i løyving. Denne kom utan forvarsel - mindre enn tre månadar før festivalstart. Årets festival finn stad 9. til 16. mars, og byr mellom anna på møter med Klangforum Wien - eit av verdas beste samtidsensemble.

Festivalen har i år eit sæskild fokus på austerrikaren Friedrich Haas, som for tida skriv opera om Tysværmålaren Lars Hertervig, basert på ein heilt ny libretto av Jon Fosse. Dette er den første librettoen Fosse har skrive nokon sinne. Operaen er bestilt av eit av Europa sine fremste operahus- Opera de Paris.

I tillegg kjem Kairoskvartetten frå Berlin, som har fått prisar for sine Haas-utgjevingar. Av norske utøvare under Boralisfestivalen 2006 finn me mellom anna Bergen Filharmoniske Orkester, Forsvarets divisjonsmusikk Vestlandet, BIT20 Ensemblet og fiolinisten Lars Erik ter Jung.

- Kutten frå Kulturrådet kjem på eit tidspunkt då samtlege artistane på programmet allereie er klåre. Programmet skulle blitt lansert 9. januar. Naturlegvis rammar ein slik dramatisk kutt planane våre, skriv Møllerhaug og Borealis-styret i si klage til Kulturrådet.

- Me har oppfyld alle vilkår Kulturrådet har stild, og kan vise til ein svært vellukka festival i 2005 trass berre 3 månadars førebuingstid. Me stiller oss difor undrande til kva kulturrådet vil oppnå med å kutte stønaden - mindre enn tre månadar før
festivalstart.

I følge klaga vil ”konsekvensane bli omfattande og langvarige- og vil særleg gå utover dei lokale ognasjonale festivalaktørane”.

- Det syns me er synd. Dei utanlandske aktørane har me for lengst gjort avtalar for å sikre at dei kjem, fortel Møllerhaug, og konkluderar:

- Ved å kutte løvyinga vår bryt Kulturrådet med sin eigen strategi for ein samtidsmusikkfestival i Bergen.
 

Relaterte bedrifter:

Borealis (Festivaler\Mars)

Forsvarets Musikkorps Vestlandet (Plateselskap; Utøverinstitusjoner\Korps\Militær)

BIT 20 Ensemble (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Nicholas Møllerhaug, Kunstnerisk og Daglig leder

Lars-Erik ter Jung, Dirigent, Fiolinist

Relaterte artikler:

16.12.2005 Klangforum Wien til Bergen

28.06.2005 Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

18.03.2005 Rapporter om god oppslutning for Borealis

18.03.2005 Tanja Orning med plateslipp på BLÅ ikveld

22.02.2005 Borealis: Navigasjonshistoria utanfor kartet

18.02.2005 Borealis: Her er programmet

18.02.2005 Minimalisme, progrock, film, navigasjon: Borealis!

02.11.2004 Borealis: Medlemsorganisasjon på trappene

01.10.2004 Miljøet støtter Borealis, men vil skifte ut styret

24.09.2004 Etterlyser medlemsorganisasjon i Borealis

24.09.2004 Styremedlemmer går - og kommunen truer med pengestopp i Borealis

20.09.2004 Minimalistlegende til Borealis-festivalen: Guru med svigermor frå Bergen

16.09.2004 Borealis har funnet en navigatør

07.01.2008 Borealis 2008 - Ekstrem tradisjon, høye trær

28.06.2007 Ny styreleiar i Borealis

12.03.2007 Korps med sax: Galge for galge, tann for tann

27.02.2007 Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

28.11.2006 Hemsing-søstrene spiller med FMKV

28.08.2006 Ledige stillinger i Borealisfestivalen

23.06.2006 Borealis med 300% publikumsauke og sitt første overskot

16.03.2006 Georg Friedrich Haas om emosjonell djupne, desperasjon og lys

15.03.2006 Super-improvisasjon på Borealis torsdag

14.03.2006 Nye kart teiknast på Borealis

07.03.2006 FMKV med urfremføring

16.02.2006 Borealis-festivalen i Bergen med ferdig program

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no