Ny styreleiar i Borealis

Generalforsamlinga i Borealisfestivalen har vald Monica Salthella (37) som ny styreleiar. Salthella tek over styreleiarvervet etter Rune Gaustad som vart vald som styreleiar på det første ordinære rådsmøtet i Borealis desember 2004.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Borealis2007_logo

Den bergensbaserte finanskvinna er administrerande direktør i Formueforvaltning Vest AS (Borea-gruppen) - og har ei lang og innhaldsrik merittliste: Utdanna siviløkonom ved London School of Economics; tidlegare viseadm. direktør i Sparebanken Vest og adm. direktør i Skandia Fondsforvaltning. Ho har lang styreerfaring og har for tida styreverv m.a. i Eiendomsspar (Christian Ringnes), Eksportfinans, Jægergruppen, Universitetet i Bergen og Norsk Film Kommisjon.

- Me i Borealis trur at Salthella vil bety mykje for festivalorganisasjonen - med si lange erfaring både som leiar og gjennom sine styreverv. Hennar kunnskap om det private næringslivet i Bergen vil også vere særs verdifull for oss - ikkje minst i den vidare profileringa av festivalen i åra framover, seier festivalsjef Nicholas H. Møllerhaug i ein pressemelding.

Salthella tek over styreleiarvervet etter Rune Gaustad som vart vald som styreleiar på det første ordinære rådsmøtet i Borealis desember 2004. Gaustad valde å ikkje stille til attval - grunna flytting til Trondhjem og endra jobbsituasjon.

Dagens styre i Borealis ser slik ut:

  • Styreleiar Monica Salthella
  • Nestleiar Aashild Grana; dagleg leiar Kulturhuset USF
  • Steinar Sekkingstad - kunsthistorikar; tilknytta Lydgalleriet og Bergen Kunsthall
  • Grethe Melby - medievitar; skribent og kritikar; tilknytta ei rekke tidsskrift og aviser
  • Hild Borchgrevink - musikkvitar - tilknytta Ultimafestivalen og Musikkinformasjonssenteret MIC

Varaer:
  • Roar Sletteland - filosof - tidl. dagleg leiar ved Bergen Senter for Elektronisk Kunst
  • Hans Knut Sveen - førsteamanuensis, Griegakademiet - cembalist i Bergen Barokk
  • Susanne Christensen - skribent og kritikar - tilknytta forlaget Gasspedal

Dette i følge en pressemelding
Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten