MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



- TONO er lite imøtekommande

Publisert: 03/14/2006 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006031408593822920119

I dette tilsvaret til TONOs styreleder Håkon Berge tar Jorun Marie Kvernberg og Frode Rolandsgard i Landslaget for Spelemenn (LfS) for seg problemstillingen rundt kompensasjon for ikke verna folkemusikk. Kvernberg/Rolandsgård er samtidig svært kritiske til vektgruppesystemet i TONO, som avgjør hva slags vederlag rettighetshaver skal ha utbetalt. - Dersom TONO verkeleg ynskjer å freiste vere gjennomgåande objektive bør dei eksempelvis fjerne krav om ”høg presisjon i notasjon” (...) då dette diskriminerer ein sjanger kor notasjon av musikk ikkje inngår som eit naturleg element, skriver Kvernberg og Rolandsgard i dette innlegget.

Jorun Marie Kvernberg (Foto: www.majorstuen.biz) (x300)

Av Jorun Marie Kvernberg og Frode Rolandsgard, Landslaget for Spelemenn

Artikkelforfattarane tilknytta Landslaget for spelemenn (LfS), landets største utøvarorganisasjon for folkemusikk, reiste ein del spørsmål i innlegg her på Ballade siste veke. På fredag kommenterte styreleiaren i TONO, Håkon Berge, innlegget vårt, med eit lite imøtekommande svar.

Vi meiner TONO har ei utfordring på informasjonsområdet.

Tema nr. 1: Kompensasjonsordning for ikkje verna folkemusikk.

Vi seier ikkje, som Berge hevdar, at det er TONO sitt ansvar å arbeide for «ikkje verna» musikk. Vi skriv at vi ønskjer lovendringar på området. Berge skriv vidare at Fond for utøvande kunstnarar (FFUK) tek ansvar for «ikkje verna» musikk. Men FFUK sitt arbeid gjeld bruk av lydopptak, og såleis berre ein liten del av feltet.

Berge skriv at LfS ønskjer ein kompensasjon for musikk der opphavskvinna eller opphavsmannen har vore død i 70 år. Men det LfS først og fremst snakkar om er musikk som aldri har hatt ein enkelt opphavsmann eller –kvinne, men mange opphavsmenn og -kvinner, utan namn. Det er ein stor skilnad. I det første tilfellet har komponisten og familien fått rettigheiter i komponisten sitt liv + 70 år til. I det andre tilfellet har ei kulturell gruppe forvalta eit kulturelt uttrykk over lang tid og skapt musikk, og aldri hatt rettigheiter til det! Det er dette me synest er viktig å arbeide for å få ei lovendring på. Andre sjangrar kan sikkert i enkelttilfelle kome opp i ein liknande situasjon, men dette er og blir ei særeiga problemstilling først og fremst for folkemusikksjangeren. Nokon dominoeffekt er det difor unaturleg å frykte. Men nok ein gong, dette er ikkje eit ansvar me legg i TONO sine hender, men ei sak som me føler det er naturleg å diskutere og rådføre oss med nettopp dei som har kompetanse på området; TONO.

Tema nr. 2: ”Skikkeleg betalt for musikken registrert i TONO.”

Kva vektgruppe eit verk blir plassert i, avgjer kva vederlag du får. Det vi meiner med klassifisering er altså i kva for vektgruppe verket blir plassert. Me påstår ikkje (som Berge skriv) at TONO trekkjer ut verk i ein sjanger for å behandle dei dårlegare enn andre. Derimot meiner vi at når TONO har to personar i jobben med å vurdere 12.000 – 14.000 verk årleg, så må dei vere overmenneske både i forhold til arbeidskapasitet og når det gjeld å kunne alle musikksjangrar for å yte alle innsendte åndsverk rettferd. Vårt ynskje når det gjeld folkemusikksjangeren er difor at TONO hentar inn kompetanse på feltet slik at me er sikre på at sjangeren blir ivareteken ved plassering i vektgrupper.

”Det er ikkje det å kunne sjangrar som er viktig. Vi prøver å lage objektive reglar med minst mogeleg rom for skjønn”, seier Tono-direktør Cato Strøm til avisa Nationen 10. mars på spørsmålet om to menneske kan kjenne alle musikksjangrar godt nok til å vurdere det som kjem inn. Å påstå at det finnast objektive parameter på tvers av alle sjangrar synest me er ganske sprekt. Me trur at med eit slikt utgangspunkt vil nettopp enkelte sjangrar kome dårlegare ut enn andre, då slike objektive parameter etter vår meining ikkje finst. Å godta at alle sjangrar har sine heilt særeigne kvalitetsparameter synest me er særs viktig, og dette kan ein berre følgje opp med å ha inngåande sjangerkunnskap.

Dersom TONO verkeleg ynskjer å freiste vere gjennomgåande objektive bør dei eksempelvis fjerne krav om ”høg presisjon i notasjon” i både vektgruppe II og III under verktype B (Kunstmusikalske uttrykksformer) då dette diskriminerer ein sjanger kor notasjon av musikk ikkje inngår som eit naturleg element.

Konsertarrangørane våre kan sikkert bli flinkare til å melde inn bruk av musikk, noko vi kontinuerleg oppmodar medlemmene våre om å gjera, men 95% av musikken på dei store arrangementa våre er «ikkje verna», dvs. tradisjonell folkemusikk, då monnar det lite å oppmode «opphavsmennene i LfS om å ta en alvorsprat med konsertarrangøren LfS», slik Berge skriv. Debattinnlegget vårt gjeld korleis den nyskrivne og arrangerte folkemusikken elles i samfunnet blir handsama i TONO-systemet, og dermed kva komponistane og arrangørane våre får tilbake.

Når styremedlemmet i LfS og EDVARD-prisvinnar Kvernberg reiser denne kritikken, er ho ikkje åleine. Dette kan tyde på at TONO har problem med å nå fram med kva for reglar dei styrer etter. Manglande innsikt i TONO sine rutinar har skapt misnøye særleg mellom dei unge, nyutdanna folkemusikkkomponistane/-arrangørane, ei misnøye vi synest TONO bør ta på alvor. Folkemusikken sine TONO-medlemmer er også medlem i LfS, og vi er sjølvsagt interessert i eit konstruktivt samarbeid med TONO. Vi tolkar difor svaret frå styreleiaren i TONO som invitasjon til eit felles møte for å diskutere problemstillingane.

Avslutningsvis vil vi seie at prisvinnaren var særs takknemleg for Edvard-prisen i klassen folkemusikk. Når styreleiar i TONO trekkjer dette fram, så må prisvinnaren også få presisere denne tankevekkaren: Det beste folkemusikkverket i 2005 vart av TONO sjølv plassert i den lågaste vektgruppa.
 

Relaterte bedrifter:

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

TONO (Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter)

Fond for Utøvende Kunstnere (Støtteordninger; Støtteordninger\Plate; Støtteordninger\Konsert / Turné)

Relaterte artikler:

13.02.2006 Om å slenge dritt om andre

16.02.2006 Trond Giske: Ingen navngitt, ingen renvasket

20.02.2006 Tore Hansen: - Trond Giske har helt rett

22.02.2006 TONO - ingen særnorsk oppfinnelse

23.02.2006 Henning Kvitnes: - Om Gjøk-unger og egne reir

23.02.2006 Deathprod: - Det må være rom for TONO-debatt

24.02.2006 Frode Gjerstad: - Når viste komponistene solidaritet med andre enn seg selv?

24.02.2006 Bendik Hofseth: - Vi står eller faller - sammen

27.02.2006 "Om gjøkunger" - Tono og NKF svarer på kritikken

28.02.2006 - TONO opererer i strid med både åndsverkloven og konkurranselovgivningen

01.03.2006 Varsler omlegginger i TONO

01.03.2006 - Svar på spørsmålene, TONO og NKF!

02.03.2006 Dagfinn Koch: - På horrortrip med Tore Hansen

02.03.2006 - TONO skal være en kulturpolitisk aktør!

07.03.2006 Folkemusikken og Tono

08.03.2006 TONO om TONO - klare svar

10.03.2006 TONO: - Vi tar folkemusikken på alvor

05.05.2008 - Demokratisk pynt på gammel styringsmodell

13.08.2007 Legg ned organisasjonane!

27.02.2007 FFUK i etterlengtet vekst: - Dette vil merkes!

26.02.2007 TONO reformeres

15.11.2006 FFUK er fornøyde - nytt regelverk fra nyttår

02.11.2006 Nytt styre i Fond for utøvende kunstnere

31.10.2006 50 år etter Gammleng: - Fellesskapstanke under press?

04.09.2006 Trykker TONO-vederlag på konsertbilletter

31.03.2006 TONO går i tenkeboksen

30.03.2006 - Strukturelle endringer vil skje

29.03.2006 Nytt EU-forslag kan stoppe TONO og STIMs nasjonale fordelingspolitikk

29.03.2006 Sondre Bratland: - Set TONO pris på norsk folkemusikk?

29.03.2006 Arne Bendiksen: - Slik gjør Finland det

28.03.2006 Glenn Erik Haugland: - Hvem spiller dum?

28.03.2006 Christian Blom: Om TONO-debatten

27.03.2006 Susanna Wallumrød: - En kraftig avsporing

27.03.2006 Helge Sten: Riking = kjiping?

24.03.2006 Skouen: Kommentar til Kvitnes

24.03.2006 Aleksandersen, Eidsvåg, Paus & Co. - plyndringstokt eller demokratisk kamp?

23.03.2006 "Dø, samtidskomponister, dø!"

23.03.2006 Kulturlivets siste diktatur?

21.03.2006 Arne Bendiksen: - Se til Danmark!

21.03.2006 - Nå er vel nesen lang nok?

21.03.2006 Demokrati eller pengemakt?

20.03.2006 - Hva er galt med rettferdighet, Glenn Erik Haugland?

20.03.2006 - Jeg tok feil, men lyver ikke!

20.03.2006 - Demokrati i Tono NÅ!

20.03.2006 Glenn Erik Haugland: - Tore Hansen lyver

16.03.2006 Tore Hansen: - Vi gir oss ikke nå!

15.03.2006 TONO og folkemusikken: - Tungen rett i munnen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no