MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Super-improvisasjon på Borealis torsdag

Publisert: 03/15/2006 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006031509073988815747

Torsdag spelar Bergen Superorkester, beståande av aka Hot Shots, Amatørene, Jubelgjengen og Årstadkoret på Borealisfestivalen. Dei tilsaman førti medvirkande i Superorkesteret har alle ei psykisk utviklingshemming, og skal gjennomføra ein improvisasjonskonsert i samarbeid med Roberto Conlazo og Anla Courtis, frå det argentinske kultbandet Reynols. - Psykisk utviklingshemma kan ofte bidra med andre ting i samtidsmusikken enn det me sjølve kan, seier Courtis, som lovar ei spanande oppleving torsdag.

Conlazo & Courtis_1 (foto: www.borealisfestival.no) (330x247)

Av Ida Habbestad

- Det ein ofte gjer feil når ein jobbar med psykisk utviklingshemma, er at ein freistar gjera dei så normale som mogleg, seier Anla:

- Når målet er å setja dei i stand til å gjera det same som oss, mister ein eit viktig poeng - nemlig at dei psykisk utviklingshemma ofte kan bidra med andre ting i samtidsmusikken enn det me sjølve kan. Dei har verkeleg eit stort potensiale for friformimprovisasjon!

Verdas mest berømte trommeslagar
Anla Courtis og Roberto Conlazo utgjer kultbandet Reynols – i lag med Miguel Tomasin, som har Downs syndrom. Miguel har flyskrekk, og har dermed ikkje kunna komma til Borealis. Han er likevel sterkt representert gjennom bilete og ytringar i festivalprogrammet. Gruppa vart danna i1993, då Roberto og Anla møtte Miguel, som introduserte seg sjølv med setninga ”Hallo, eg er verdas mest berømte trommeslagar”.

- Miguel er ein fyr med sterk kontakt med musikk og lyd, seier Anla. - Det er fort gjort å tykkja synd på Miguel, å tru at han ikkje forstår. Men så kan du gje han ein synthesizer, og i andre enden kjem det ut eit stykke som har kompleksitet på linje med Stockhausen. Det er då du forstår at dei psykisk utviklingshemma kan ha eit enormt potensiale for å skapa musikk.

- Men, dei har sine eigne parametre for å tilnærma seg musikken. Og ofte er denne tilnærminga ikkje fokusert på det rasjonelle, på teknikk, notasjon og slike ting, forklarer Anla vidare.

- Dei har sine eigne spesialitetar! bryt Roberto inn. - På mange måter har dei eigenskapar som me manglar, slik me har noko av det dei manglar. Når ein plasserer dette saman, gjev det oss nye måtar å komma i kontakt med musikk på, og det er verkeleg inspirerande for oss.

Workshops med Bergen Superorkester
Det er ikkje første gong Conlazo og Courtis er i Noreg. I 1996 vart dei argentinske musikarane kjent med Lasse Marhaug. Etter ei tid reiste Marhaug og No Spaghetti Edition til Buenos Aires for å spela på Decibel-festivalen. Conlazo og Courtis har vidare samarbeidd med John Hegre, Golden Serenades og Jazzkammer, og i 2003 var dei på turne til Trondheim, Oslo, Stavanger og Bergen – i regi av NyMusikk.

Men denne gongen består prosjektet i eit samarbeid med psykisk utviklingshemma i Bergensområdet, og Conlazo og Courtis har gjennom fleire dagar hatt workshop med utøvarane som til saman dannar Bergen Superorkester. Korleis foregår arbeidet?

- Me har ikkje hatt så mykje tid ilag, - men jobbar ganske mykje no fram mot konserten, seier Anla. - Me har med oss nokre idear, men det er viktig at me ikkje har alt klart på forhånd, for det fungerar ikkje særleg bra for folk med psykiske utviklingshemningar. Det beste er å dra dit, lytta til gruppa ein arbeider med – sjå kva som er deira høve, og kva dei verkeleg har lyst til. Det er viktig at gruppa vert ein del av komposisjonen.

Musikk som kommunikasjonsform
Conlazo og Courtis gjev begge uttrykk for stor gjensidig inspirasjon som resultat av samarbeidet.

- Det er fantastisk korleis musikk er ein kommunikasjonform i seg sjølv, seier Roberto. - Me har jobba med psykisk utviklingshemma over heile verda. Sjølv om me ikkje har eit felles språk å kommunisera på, betyr det ingenting. Dei psykisk utviklingshemma finn deira eigen tilnærming til å arbeida i denne prosessen. Det er utruleg å stadig oppleva korleis musikk byggjer bru mellom språk.

- Men det er viktig å gje dei stor fridom, legg han til. - Du kan ikkje bestemma veldig strikt, men komma med forslag. Det er viktig at dei kan føla seg komfortable med det dei gjer - dei skal ha det gøy, det er føresetnaden for det skal fungera.

Eit risikabelt prosjekt
Resultatet er likevel ofte overlete til tilfeldighetene:

- Improvisajson med psykisk utviklingshemma er er eit risikabelt prosjekt, smiler Anla. - Om du treng å ha alt under kontroll bør du ikkje prøva dette prosjektet. Men eg trur at prosessen er ei kjelde til kunstnarleg inspirasjon, både for oss og for publikum – om me aksepterer risikoen, veit me at det på eit vis vil fungera.

- Og om du veit kva risikoen medfører, kan du finna måtar å omgå dette, avsluttar Conlazo og Courtis, som lovar ei spanande oppleving torsdag.

Konsert med Bergen Superorkester (aka Hot Shots, Amatørene, Jubelgjengen, Årstadkoret) + Conlazo og Courtis finn stad på Landmark, torsdag 16. mars kl. 21.00. Inngong kr 50,-. Artikkelen ”Mongoer på offensiven?” av Per Solvang kan finnast i festivalprogrammet på Borealis sine heimesider.
 

Relaterte bedrifter:

Borealis (Festivaler\Mars)

No Spaghetti Edition (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Jazzkammer (Utøverinstitusjoner\Band)

Ny Musikk (Foreninger; Konsert management / Event)

Relaterte personer:

John Hegre, Musiker

Lasse Marhaug, Artist, Komponist

Relaterte begivenheter:

10.03.2006 Borealis 2006

Relaterte artikler:

14.03.2006 Nye kart teiknast på Borealis

16.02.2006 Borealis-festivalen i Bergen med ferdig program

10.01.2006 Borealisfestivalen ankar Kulturrådets avgjerd

16.12.2005 Klangforum Wien til Bergen

28.06.2005 Borealis 06: Sofistikert austarrikar og vindskeive argentinarar

18.03.2005 Tanja Orning med plateslipp på BLÅ ikveld

18.03.2005 Rapporter om god oppslutning for Borealis

22.02.2005 Borealis: Navigasjonshistoria utanfor kartet

18.02.2005 Borealis: Her er programmet

18.02.2005 Minimalisme, progrock, film, navigasjon: Borealis!

07.01.2008 Borealis 2008 - Ekstrem tradisjon, høye trær

03.12.2007 No Spaghetti Edition i Athen

28.06.2007 Ny styreleiar i Borealis

07.03.2007 Anla Courtis - Argentiner på offensiven

27.02.2007 Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

06.11.2006 Oslo Marathon

30.10.2006 En omreisende musikkfestival for nysgjerrige ører

05.09.2006 Ny Musikk har fått ny daglig leder

28.08.2006 Ledige stillinger i Borealisfestivalen

23.06.2006 Borealis med 300% publikumsauke og sitt første overskot

16.03.2006 Georg Friedrich Haas om emosjonell djupne, desperasjon og lys

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no