MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Borealis 2007: Navigasjon med nattkikkert

Publisert: 01/19/2007 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007011909124388109864

9.-18. mars er det klart for Borealis i Bergen. I år fokuserar festivalen på kva politisk elektronisk kyrkjemusikk, metal-sjangrar, gladtrist italodisko, elektronika, støy og ikkje minst god gammaldags samtidsmusikk har til felles.

Nicholas Møllerhaug 2006 (Foto: www.borealisfestival.no) (330x440)

Det fullstendige programmet kjem snart opp på festivalens heimesider, men frå Bergen meldast her nokre smakebitar:

Metal i Domkirken: Sunn o))) avslutter Borealis
Avslutninga av Borealis finn stad i Bergen Domkirke. Finalen i programmet tek for seg slektskapen mellom djup dronete metal og kyrkjemusikk. Festivalkomponist Kaija Saariaho’s verker, fremført av cellisten Anssi Kartunnen (fi), organist Tor Grønn blir etterfulgt av den amerikanske teatralske metal-dronegruppa Sunn o)))  i kyrkje-skipet og på galleriet. Eit band som vanlegvis er trekkplaster på metallfestivalar verda over avsluttar borealis med ei spesiallagd verk for Domkirken. For første gong nokon-sinne tek dei utgongspunkt i salmemelodikk og kyrkjetoneartar frå ein svunnen mellomalder. Den vanlegvis supersoniske spelestilen deira blir utvida med kirkeorgel og spesialtilpassa Domkirkens kyrkjehvelv. .
 
Politisk elektronisk kyrkjemusikk
Den venezianske komponisten Luigi Nono (1921-1990) vil teikne dystre tidsbilete av Auschwitz , portrett av borgaretts-forkjemparen Malcolm X og fabrikkarbeidarar i italiensk tungindustri i Johanneskirken 12. og 13. mars. Kyrkjene  i Venezia var viktig framføringsarena særleg for Nono sine elektroniske politiske verk. M.a. vil Dansk Radiokor, dei lokale musikarane Bjørnar Habbestad (fløyte), Ragnhild Eide Akslen (sopran), Eirik Gjerdevik (tuba) og den italienske klangregissøren professor Alvise Vidolin stå bak framføringane.
 
Finsk komponistkomet i Bergen
Årets festivalkomponist kjem frå Finland men bur i Paris: Kaija Saariaho vil undervise unge komponistar i  komposisjonsteknikkane sine på Bergen Offentlige Bibliotek. Fleire av av hennar sentrale verk står på programmet  - mellom anna speler Bergen Filharmoniske Orkester det store orkesterverket Orion. På same konsert urframfører dei også Ketil Hvoslef  sin bratsjkonsert. Iløpet av festivalen vil ei rekke av Hvoslef sine verk bli framførde - m.a. av Ensemble Risognanze, BIT20, Cikada og Tor Grønn. Både Nono, Hvoslef og Saariaho blir hedra med miniseminar og minikonsertar på Bergen Offentlige Bibliotek. Det er første gong Borealis og biblioteket samarbeider.
 
Ensembler og urframføringar i Logen
Festivalveka blir prega av Forsvarets Musikkorps Vestlandet si urframføring av Glenn Erik Haugland, den britiske bratsj-stjerna Garth Knox, den finsknorske noiseduoen Testicle Hazard, Griegakademiets komposisjonssjef Morten Eide Pedersen, Christian Wallumrød Ensemblet si plate-lansering, den kontroversielle eksilamerikanske elektronikaartisten John Duncan frå Bologna, det virtuose oslo-ensemblet Asamisimasa, dei femten unge musikarane i Ensemble Risorgenze frå Milano, opningsverket til den unge bergensaren Sigurd Fischer Olsen, London-ensemblet Plus Minus, Bergen Barokk si urframføring av Christian Blom sitt sceneverk på Lydgalleriet,  Emmerhof & the Melancholy Babies si tysk-engelske nytolking av Duino-elegiane av Rainer Maria Rilke, forfattarane Tomas Espedal og Mia Berner, Italonatt på Landmark med to av åttitalets største italienske diskokongar:  Mr. Robotnick og Casco. New York-kunstnaren Banks Violette står bak Borealis-utstillinga i No.5 i Kunsthallen i år.  Den veit ingen enno korleis kjem til å bli. Truleg blir det dystert.
 
Festivalprogrammet i sin heilskap blir lagt ut for sal 1. februar.
 

Relaterte bedrifter:

Borealis (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mars; Festivaler\Samtidsmusikk)

Forsvarets Musikkorps Vestlandet (Plateselskap; Utøverinstitusjoner\Korps\Militær)

asamisimasa (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Bergen Barokk ()

Relaterte personer:

Nicholas Møllerhaug, Kunstnerisk leiar

Bjørnar Habbestad, Fløytist

Ketil Hvoslef, Komponist

Glenn Erik Haugland, Komponist

Morten Eide Pedersen, Musikkviter, skribent

Christian Blom, Komponist

Relaterte artikler:

18.03.2009 Law vs Order

18.02.2009 Gammelt og nytt

07.01.2009 Blått korps i Bergen

12.12.2008 AVGARDE i miniatyr

11.11.2008 Samarbeider om Messiaen i Bergen

01.07.2008 Ny festivalsjef i Borealis

25.02.2008 Ekstrem, men optimistisk festival

15.01.2008 Støy, tysk motstand og hardingfeler i uvær

07.01.2008 Borealis 2008 - Ekstrem tradisjon, høye trær

10.10.2007 Møllerhaug fortsetter

28.06.2007 Ny styreleiar i Borealis

11.05.2007 Strålande resultat for årets Borealis

19.04.2007 Forsvarets Musikkorps Vestlandet til Tyskland med Grieg og Gimse

20.03.2007 Kammerkonsertar med Garth Knox og Plus Minus

16.03.2007 Frå det vesle til det store

13.03.2007 Hvoslefs bratsjkonsert

12.03.2007 Korps med sax: Galge for galge, tann for tann

09.03.2007 Bankens lyder

06.03.2007 Rykende fersk samtidsopera på AVGARDE

06.03.2007 Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

05.03.2007 Borealis 2007: - Kor kan eg finne Grieg-plater i Milano?

02.03.2007 Borealis 2007: Frå poesi til opera

28.02.2007 Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

27.02.2007 Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

06.02.2007 Avgarde: konsertserie for ny musikk i Bergen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no