MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Borealis 2007: Vestlandets Vivaldi

Publisert: 02/28/2007 av Nicholas H. Møllerhaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007022809103510249942

Komponisten Ketil Hvoslef blei ein gong samanlikna med Vivaldi. Dette vil Borealis legge vekt på i år - med ein bukett framføringar som alle fortel det same: det er ikkje dumt å ha hatt nokre år med rytmer og rock i kofferten, skriv Nicholas H. Møllerhaug. - Det dansande og italienske er eit element Hvoslef kjenner seg igjen i. Han har stor forkjærleik for italiensk film og har ei rekke italienske filmklassikarar i videohylla heime ved Svartefjorden i Fana. Særleg har han blitt glad i den italienske komikaren Toto.

Villa d'Este (223x350)

Av Nicholas H.Møllerhaug

For det var slik han starta: som medlem av eit av Bergens første legendariske rockeband: the Mixmasters. Der var han med medan han studerte ved Kunst- og håndverksskolen i Bergen og tenkte på å bli kunstnar.

- Mixmasters var det første rockebandet i byen, fortel Hvoslef.

- Folk kalla oss Te miksmasters - dei klarde ikkje å uttale 'The'. Me spelte fast på Turnhallen i Sigurdsgate - lokalet Carte Blanche for ikkje så lenge siden blei kasta ut frå. Der var det dans på fredagskveldane. Og det var utruleg kjekt.

Raud for rock'n roll

Eit høgdepunkt var då "Te miksmasters" drog på sin einaste turné til Forus utanføre Stavanger. Bandmedlemmane hadde alle to skjorter i bagasjen: ei raud for rock'n roll og ei grøn for latino. Allereie den gongen kunne Hvoslef leikande lett gå frå ein rytmisk art til ein annan utan problem. Denne evna har blitt ein del av Hvoslef sitt særpreg. Medan store delar av norsk musikkliv har gått inn i lange klangar trudde Ketil Hvoslef på rytmikken.

Tidlegare redaktør i Ballade - tidsskrift for ny musikk - Geir Johnson, skreiv i melding av ei Hvoslef-plate i 1982:

"Ketil Hvoslefs musikk har en umiddelbarhet og friskhet som kan minne om Vivaldi, med en gjennomsiktig orkestrering, og (...) med en forkjærlighet for det rytmisk pregnante motiv, spilt unisont i strykerne, (...) Et av Ketil Hvoslefs særtrekk er hans forkjærlighet for "hook lines", repetisjon av rytmiske og melodiske elementer, henimot en intensivering og forløsning som munner ut i nye avsnitt, gjerne av kontrasterende karakterer."

Mellom bakkar og Italia

Det dansande og italienske er eit element Hvoslef kjenner seg igjen i. Han har stor forkjærleik for italiensk film og har ei rekke italienske filmklassikarar i videohylla heime ved Svartefjorden i Fana. Særleg har han blitt glad i den italienske komikaren Toto.

I åra frå 1984 til 1992 pendla han og kona - biletkunstnaren Inger Bergitte Sæverud mellom Fana og Roma. Dei hadde ei leilighet i bydelen Trastevere. I ei kyrkje ikkje så langt frå det kjende antikke monumentet Pantheon sat Hvoslef ofte og komponerte ved orgelet.

- Det vil naturlegvis seie at det var turistar innom i løpet av dagen. Eg forsøkte difor å bryte av komponeringa med jamne mellomrom for å spele "Mellom Bakkar og Berg" for gjestene. Så heldt eg fram med å komponere til ein time hadde gått. Så spelte eg "Mellom bakkar og berg" endå ein gong, og slik heldt det fram.

Sølvgrå Lancia

Då dei igjen var i Roma i 1988 kjøpte dei seg bil og køyrde på heiene kring Roma. Dei suste i ein smekker sølvgrå Lancia 74-modell til Villa d'Este - den store villaen med det flotte hageanlegget like utanføre Roma.

Anlegget er særleg kjend for sine mange og store fonteneanlegg. Det var antikk hydraulikk og ingeniørkunst frå romartida som frakta vatnet fram til fontenene. Same teknikken brukte ingeniørane og hageplanleggarane for å lage hydrauliske orgel til hagen. Vatn pressa lufta ut or ventilar i pipene og det kom orgellydar ut.

Dette orgelet var ikkje i bruk då Hvoslef vitja villaen, så komponisten kunne sjølv bruke fantasien og førestille seg lyden av det. Det resulterte i orgelstykket som blir framført på festivalen i år. Det seiest at det antikke vassorgelet utanføre Roma alltid spelte ein fanfare før det byrja å spele. Difor har Hvoslef plassert ein fanfare i starten av orgelverket.

Vassorgelet ved Villa d'Este blei gjenopna i 2004, etter hundre år med stillhet.

Tor Grønn speler "Toccata: Fontana d'organo, Villa d'Este" i Domkirken søndag 18 mars.

Borealisfestivalen finner sted i Bergen 11.-18. mars. All nødvendig informasjon finnes på nettsidene borealisfestival.no.

Ketil Hvoslef på Ballade.

Ballade vil i tiden frem mot festivalen presentere tekster relatert til artister og komponister som er aktuelle på Borealis. Tekstene er gjengitt med velvillig tillatelse fra artikkelforfatteren.
 

Relaterte bedrifter:

Borealis (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mars; Festivaler\Samtidsmusikk)

Relaterte personer:

Ketil Hvoslef, Komponist

Nicholas Møllerhaug, Kunstnerisk leiar

Relaterte begivenheter:

11.03.2007 Borealis 2007

Relaterte artikler:

27.02.2007 Borealis 2007: Alle saman reiser åleine

19.01.2007 Borealis 2007: Navigasjon med nattkikkert

01.07.2008 Ny festivalsjef i Borealis

25.02.2008 Ekstrem, men optimistisk festival

15.01.2008 Støy, tysk motstand og hardingfeler i uvær

07.01.2008 Borealis 2008 - Ekstrem tradisjon, høye trær

10.10.2007 Møllerhaug fortsetter

28.06.2007 Ny styreleiar i Borealis

11.05.2007 Strålande resultat for årets Borealis

20.03.2007 Kammerkonsertar med Garth Knox og Plus Minus

16.03.2007 Frå det vesle til det store

13.03.2007 Hvoslefs bratsjkonsert

12.03.2007 Korps med sax: Galge for galge, tann for tann

09.03.2007 Bankens lyder

06.03.2007 Rykende fersk samtidsopera på AVGARDE

06.03.2007 Borealis 2007: Tor Grønns stille musikkrevolusjon

05.03.2007 Borealis 2007: - Kor kan eg finne Grieg-plater i Milano?

02.03.2007 Borealis 2007: Frå poesi til opera

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no