MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Sveens fantastiske allsidighet

Publisert: 10/12/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007101115023673809567

KONSERTMELDING: I denne meldinga rapporterer Ballades utsende om ytterlegare to konsertar under Ultima. - Under cellist Rohan de Saram sin konsert vart mangelen på engasjement påtrengjande, men Amund Sjølie Sveen sin seinare konsert vart den definitive motsats til alt som før var lite engasjerande, skriv Ida Habbestad her.

Amund Sjølie Sveen2/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ultima.no (330x219)

Av Ida Habbestad

Arditti-kvartetten er eit årleg innslag under Ultima-festivalen, og i det siste har òg tidlegare medlem av ensemblet vitja landet med solokonsertar. Bratsjisten Garth Knox’ kunne opplevast under Borealis i vår, og onsdag kveld heldt cellist Rohan de Saram konsert i Gamle Logen.

Stilla sette sitt preg over denne konserten, innleiia av Morton Feldman sitt ”Durations 2”, eit innettervend og søkjande verk som dei to utøvarane framførte med stor konsentrasjon.

Dette lydlege uttrykket skulle imidlertid verta gjennomgåande for heile konserten, sjølv om dei ulike komposisjonane nok innbaud til ein større uttrykksmessig variasjon. Etterkvart vart denne mangelen på engasjement nokså påtrengjande for underteikna.

Til punkt og prikke

Rohan de Saram, som avslutta engasjementet i Arditti-kvartetten i 2005 for å følgja sin eigen kunstnarlege visjon, er stadig aktiv innan samtidsfeltet. I 2002 ferdigstilte Berio sin ”Sequenza XIV” for de Saram, og til festivalen har han fått skrive ”The Hesperides” av skotske James Dillon.

Ingen tvil om hans storleik som utøvar, med andre ord, men begge dei nemnde verka vart framførte onsdag utan særleg gnist og overskot. Heller ikkje medspelaren, pianist Noriko Kawai greidde å løfta oss ut av dette litt slitne preget – men spelte nøkternt, distansert og korrekt James Dillons ”The Book of Elements Volume 3”. Avslutninga, Zimmermann sin ”Intercomunicazioni” frå 1967, vart ein tålmodsprøve å lytta til – med lange, flate klangar, nokså hardhendt traktert av cellisten.

Dei som forlot konserten i pausa for å nå neste Ultimakonsert gjorde dermed klokt i dette – og vonleg var det denne kollisjonen som gjorde at det var få tilskodarar ved både første og siste konsert i rekkja (eller er det berre eit teikn på slitne Ultima-gangarar?). Uansett tykkjest det lite klokt å køyra tre konsertar så kloss innpå kvarandre når publikumstilstrøyminga i utgangspunktet ikkje er overveldande.

Glasskår og minnebobler

På Parkteatret same kveld opptredde Amund Sjølie Sveen som den definitive motsats til alt som før var lite engasjerande.

Hans verk ”Deconstructing IKEA” – i ein spissformulert hyllest til IKEA sin visjon: Å gjera kvardagen enklare for dei mange menneske i verda – var byrjinga på ein vital og overdådig straum av innfall, der tallerkenknusar-soloen var det første i rekkja.

Sidan fekk me ei frodig oppvisning i Sveens utrulege og allsidige instrumenttraktering. Bak lerretet, der innleiinga av Nordheims ”Minnebobler – en orgelreparatørs erindringer” vart vist, skjulte seg eit vell av instrument, frå trøorglet til speledåsen, trombonen, kontrabassen, el-gitaren, flygelet, fela – for ikkje å gløyma harmonikaen og trekkspelet.

Alt dette og meir til ville Sveen, utkledd som orgelreparatøren i filmen frå 70-talet, spela på – nokre brotne akkordar, ein enkel melodi, ei tone hist og her, som dinest gjekk i loop og skapte ei fascinerande vakker og samtidig banal og humoristisk klangverd.

Både komponist Kaare Dyvik Husby og Sveen sjølv har hatt ei hand med i verket, basert på Nordheims fjernsynsverk, som i utgangspunktet krinsar om hukommelsen som fenomen. Om det ikkje akkurat var verdshistoria og musikkhistoria som kom fram i denne versjonen, virvla verket fram like mange inntrykk som antalet instrument, og heile tida vart dei blanda saman med noko anna og uventa nytt.

Mange karakterar

Sveens allsidighet kom òg til syne gjennom det neste, langt meir innettervende, suggererande og alvorsfylde verket av Globokar. I ”Corporel” spelte Sveen på seg sjølv - og i likhet med dei andre komposisjonane, gjorde også dette verket krav på utøvarens sceniske overskot, som Sveen har til fulle.

Karakterane han teikna denne kvelden spende frå den ironiske tallerkenknusaren, den gamle mannen i kjeledress, til den hinduistisk-relaterte meditatør og til slutt den amerikanske våpenseljaren. I sistnemnde reklamerte han og eit fulltallig NING for den svenske våpenindustrien i Bergström og Sveen sitt stykke ”Sound of Freedom”, som dramatisk nok enda med Sveens likvidering av sitt eige publikum.

Såg ein til desibelmålet for applausen etter kveldens to konsertar med om lag like mange tilhøyrarar, talde meiningsmålinga for seg. Sistnemnde konsert burde fylt salen, publikum burde kjenna sin besøkelsestid.
 

Relaterte bedrifter:

ULTIMA (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Oktober; Festivaler\Samtidsmusikk)

Ning (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Amund Sjølie Sveen, Slagverker

Arne Nordheim, Komponist

Kaare Dyvik Husby, Komponist

Relaterte begivenheter:

27.09.2007 ULTIMA 2007

Relaterte artikler:

11.10.2007 Dromo-dans og leiketøysuite

11.10.2007 En japansk vulkan

10.10.2007 Ultima: Teater for øret

08.10.2007 Kvinner og etnisitet i samtidsmusikken

08.10.2007 Transparente klangar

04.10.2007 Gamalt nytt på Ultima

05.10.2007 I orkan-auget

04.10.2007 louder

02.10.2007 Ultima 2007: Den 7. himmelretning

01.10.2007 Enkel uhyggje

28.09.2007 Equatorial Rhythms – live

28.09.2007 LabField

28.09.2007 Ultima 2007: Å lytte til rytme i kunst

27.09.2007 Ultima 2007: Rebekka

27.09.2007 Ultima 2007: På tvers av modernismen

13.04.2007 Pling plong hos bling-bling

23.03.2007 Samtidsmusikk for folk flest - velkommen til Happy Days på Oslo City!

27.09.2006 Ning presenterer: Transitt

09.03.2006 "Extending the string from your neck" - en forelesning

21.06.2010 On the beach på stranda

25.08.2008 Ultima med konferanse om dans og opera

28.03.2008 Ny produksjonsleder på Ultima

27.12.2007 Ultima i Vietnam

22.11.2007 Solaris

16.10.2007 Ultima oppsummert

15.10.2007 Utanom vande rammer

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no