MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Utanom vande rammer

Publisert: 10/15/2007 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007101513400918632639

KONSERTMELDING: I den siste meldinga frå årets Ultima er det konsertane med KORK og den japanske songarinna Michiko Hirayama som står i fokus. - Dei to opplevingane bar mål om variasjonsbreidda i den etterkvart så omfattande Ultima-festivalen, og er begge døme på eksperiment som me gjerne ynskjer meir av i dei komande år, skriv Ballades meldar her.

Ørets teater/Foto: Ann Iren Ødeby, www.ultima.no (400x268)

Av Ida Habbestad

Det er ikkje lenge sidan me såg KORK i utfalding på T-banestasjonar i Oslo sentrum, til glede for store og små forbipasserande. Om kort tid legg ”heile landets orkester” ut på kulturcruise-turne, med behørige stopp ved ei rekkje av dei nord- og vest-norske kulturhusa.

At det var KORK som skulle stå for den mest spesielle – og fleksible – orkesterkonserten under Ultima dette året var dermed inga overrasking, og med komponist Henrik Hellstenius som kurator sto lyttaropplevinga i fokus.

Gjennom ei rekkje verkemiddel vart lyttinga problematisert. To skodespelarar på lydband sto for ei verbal utgåve, der dei representerte publikummet, og sat som oss med programhefter fylde med intellektuelle kommentarar som skulle gje dei bilete av kva dei skulle høyra. Kva dei fekk ut av det er ikkje godt å seia – og korleis er det så med det vanlege publikumet?

Publikum i sentrum

Sidan kom den ukjende samtidsmusikken, men utanom vande rammer. Orkestret spelte i mørkna, bak forheng, og først etterkvart fekk me sjå inn bak ei glipe av teppet – til den nesten eventyraktige orkesterverda som skjulte seg der. For i teatret, gjennom desse enkle verkemiddel, vart framsyninga like mykje ei forteljing som ein konsert, ikkje minst gjennom Hellstenius sine monologiske introduksjonar som var beretningar om verket, eller tankar om lyttinga – til dømes hjå Luigi Nono.

Alt kom nærare i teatret enn i den vanlege orkestersalen; ikkje minst etter pause då orkestret var plassert langs veggane, og me som lytta sat i sentrum. Tanken er for så vidt ikkje ny – kora har til dømes eksperimentert med ulike oppstillingar lenge – men eg har aldri før opplevd eit heilt orkester gjera tilsvarande, med heile den verknadsfulle spennvidda det medførte.

Det usikre ved kva som ville komma, dei mange overraskande utbrota var ein tankjevekkande påminnar om kor mykje me lyttar med augo, og ein sat der på vakt, før ein etterkvart fann sine eigne mønstre og vegar i musikken – og lærde seg til å forstå når nye utbrudd var i emning.

Japansk legende

Den siste Ultima-konserten for min del vart konserten med Michiko Hirayama søndag. Den 84 år gamle songaren har dei siste 40 åra levd med Scelsi sitt ”Canti del Capricorno” – ei samling på 20 songar som Scelsi skreiv i samarbeid med henne i åra mellom 1962-1972.

I dag er ho den einaste i verda som framfører verket, og berre møtet med songaren sjølv var ei oppleving; gjennom den overveldande prestasjonen det er for eit eldre menneske å stå framfor eit stort publikum med vokale utladningar i halvannan time – i hovudsak åleine, men tidvis akkompangert av Matthias Bauer (kontrabass), Ulrich Krieger (altsax), Jürgen Grözinger og Roland Neffe (slagverk).

Dei instrumentale innslaga var gode avvekslingar i det elles smalt fokuserte Scelsi-verket, og særleg Bauer sin solosats på kontrabass – framført på lause strengar, med dynamiske utsving som einaste variasjonshøve – var magisk i denne samanhengen.

Men òg den legendariske Hirayama som frå høge utbrot med mykje vibrato til nasale vendingar og gryntande, mørke klangar tok oss med på den reisa gjennom verdshistoria som ho har fortalt at dette handlar om.

Dei to opplevingane bar mål om variasjonsbreidda i den etterkvart så omfattande festivalen Ultima-festivalen, og er begge døme på eksperiment som me gjerne ynskjer meir av i dei komande år.

Konsertar:
Ørets teater, Kringkastingsorkesteret, dirigent Ingar Bergby, Elisabeth Holmertz (sopran)
Henrik Helstenius (NO): Like objects in a dark room (2007)
Claude Vivier (CA) "Lonely Child" (1980) for sopran og orkester
Salvatore Sciarrino (IT) "Autoritratto nella notte" (1982)
Luigi Nono (IT) ”No hay caminos, hay que caminar” (1987)

Michiko Hirayama (vokal): Giacinto Scelsi: "Canti del capricorno"
Matthias Bauer (kontrabass), Ulrich Krieger (alt-sax), Jürgen Grözinger (slagverk), Roland Neffe (slagverk)
 

Relaterte bedrifter:

ULTIMA (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Oktober; Festivaler\Samtidsmusikk)

Kringkastingsorkestret KORK (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Relaterte personer:

Ingar Bergby, Dirigent

Henrik Hellstenius, Komponist

Relaterte begivenheter:

27.09.2007 ULTIMA 2007

Relaterte artikler:

15.10.2007 Nils Henrik Asheim mottok pris

12.10.2007 Sveens fantastiske allsidighet

11.10.2007 Dromo-dans og leiketøysuite

11.10.2007 En japansk vulkan

10.10.2007 Ultima: Teater for øret

08.10.2007 Kvinner og etnisitet i samtidsmusikken

08.10.2007 Transparente klangar

05.10.2007 I orkan-auget

04.10.2007 Gamalt nytt på Ultima

04.10.2007 louder

02.10.2007 Ultima 2007: Den 7. himmelretning

28.09.2007 Equatorial Rhythms – live

01.10.2007 Enkel uhyggje

28.09.2007 LabField

27.09.2007 Ultima 2007: Rebekka

27.09.2007 Ultima 2007: På tvers av modernismen

28.09.2007 Ultima 2007: Å lytte til rytme i kunst

29.08.2007 Peter Szilvay: Forlagene tar ikke ansvar

28.08.2007 Kork-prisen 2007 deles ut lørdag

15.06.2007 Edvard Grieg 164 år i dag

13.06.2007 KORK feirer Grieg med gratis podkast og T-banekonserter

23.04.2007 Stor kåring av vår tids beste komponist

02.09.2009 Norsk samtidsopera framføres i Tyskland og Polen

25.06.2009 Med pop og barokk på programmet

09.09.2008 Konflikt og forsoning

25.08.2008 Ultima med konferanse om dans og opera

28.03.2008 Ny produksjonsleder på Ultima

26.02.2008 BIT20 med konsert og plateslipp

11.02.2008 Manze blir gjestedirigent

27.12.2007 Ultima i Vietnam

04.12.2007 Avslutter i Hochiminh City og Hanoi

28.11.2007 Ultima til Roma

06.11.2007 På kulturcruise, men framleis utan kaptein

16.10.2007 Ultima oppsummert

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no