MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Alle tiders musikk og dans

Publisert: 04/28/2008 av Agnes Buen Garnås

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2008042815005410287022

KRONIKK: Agnes Buen Garnås er kvedar, sangpedagog, varamedlem i Norsk Kvedarforum, og en framtredende formidler av kvedartradisjonen. I denne kronikken redegjør hun for sitt syn på tilstanden i dagens folkemusikkmiljø. Garnås fokuserer blant annet på Landskappleiken og rollen til Landslaget for Spelemenn. - Urban folkemusikk, med eit nettverk tettare enn kva som bra er, har kome som eit uvær over oss på nokre få år. Ikkje eingong for dei få som blir nytta mykje, er dette berre bra, er blant aspektene Buen Garnås berører her.

Agnes Buen Garnås (Foto: Birte Ulveseth) (300x)

Av Agnes Buen Garnås

Det var ein gong for lenge sidan, og ikkje berre ein gong, men gong på gong, at nokon kom på at dei ville vite kven som var den ”beste spelemannen her i verda”. I Bø i Telemark var det Nordbø og Statskleiv som satt i gang kappleiken, og i Varden i 1888, sto annonsen:

Da det fra flere hold har været ytret Ønske om en sammenkomst tager undertegnede sig herved den frihed at indbyde samtlige spillemænd til møte i tingstuen på Grivi, den 8 juli f.k. kl 2 eftermiddag for at konkurere om mesterskapet på hardangerfelen. Der blive nedsat en bedømmelsekommite` af 3 udenbygds og 2 indenbygds medlemer, efter hvis skjøn der vil blive uddelt 5 præmier.

Mellom domarane finn ein bønder, ein lensmann og ein klokkar. Byfuten i Brevik hadde sagt seg viljug, men kom ikkje. Ei musikkunnig samling av folk flest kom òg. Dei kunne språket i tale og musikk, og kunne trå dansen etter å ha tatt del sidan dei kom til verda...

Turistforeiningane hadde tevlingar der det blei blåse på lur og bukkehønn. Sume stader lokka dei og lala dei òg. Dette var kanskje idégrunnlaget?

I Bergen blei det halde kappleik 16. mai eit år. Edvard Grieg var tilstade, og domarkollegiet var konsul Grieg, kapellmeister Halvorsen, og dispasjør Frants Beyer (det var han Gjendine sa ho lika best da dei spurte henne om korleis ho lika Grieg; ”Å, e’ lika no best han Beyer e'" skal ho ha svara).

I alle fall ser vi det er satt store krav til å være domarar. Storspelemennene møtte mangtallige opp, frå fjern og nær.


Landskappleiken

Trur du dei har slutta med å kappast? Da må du tru om att. Til sumars møtes medlemmene av Landslaget for Spelemenn (LfS) til kapping på Landskappleiken.

Det gjer vi kvar midtsumars. Om det er berre for spelemenn? Å nei, det skal gudane veta det ikkje er. Det er berre namnet på laget som blei danna i 1923 som tyder på at dette er for spelemenn.

Spelet er basen. Spel, dans og song høyrer saman. Dansen og songen er langt meir ålmenne enn spelet.

Det er vanskeleg å bli god spelemann. Langt verre enn dei fleste skjønar. Men på kappleik kan du melde deg på, uansett alder og nivå. Det er ope for alle. Det tevlast i bygdedansar (gangar, springar og halling). Gamaldansar, som kan vere gamle, men så gamle som det høyrest ut til å vere av omgrepet, er dei ikkje alle stader.

Til dømes i Gudbrandsdalen er gamaldansen gamal. Lett skal det ikkje vere…

Hardingfelespelarar og vanleg felespelemenn, lur - og bukkehønnblåsarar og munnharpe og durspelemenn i klasseinndelingar senior og junior, etter alder og kunne: A - er dei beste, og B - er dei over 18 år, som kanskje ynskjer seg opp i A.

Det kan dei ved å kvalifisere seg ved å få 1. premie i B-klassa to år på Landskappleiken. C er for rekruttar, og D er klasse for seniorane. Mange fortset i A, for her er romsleg tankegang. Vil du, så kan du.

Gamle vil da ingen være i våre dagar, unntatt dei få, som kjenner glede over sine mange år.

Dei kappast så det tyt og tråkkar utover i dei små timar – og etter minst 12 timars dyst på dagtid på dei små og store arenaer er det meir dugnadsspel på kvelden og utover natta. Alle betaler reisa si, opphaldet og mat og påmeldingsavgift for å delta sjølve, og er like blide eller heilt motsatt…

Til dansarane som tevlar, spelast det òg. Alle mottar fribillett til stemnet. Etter all speling, song og dans, blir dei fleste del av publikum. Er det ikkje flott?

Eg meiner det eg skriv no. Dette er eineståande i vår musikkhistorie. Dette er ei musikkmønstring utan like. Profesjonelle og amatørar om kvarandre – i same klasser – og musikkopplevingar og danseprestasjonar du aldri gløymer.

Hallingkonkurransane er idrett på høgt nivå. Og stadig finn dei ulike måtar å utøve dansen på. Lagdansen, der dei stiller med opptil tjuge par som dansar samstundes – og folk i ulike aldrar viser scenisk at dette er ein måte å vere saman på. Det er eit høgdepunkt på kvart års Landskappleik. Bygdedansane er vakre. Felespel du ikkje drøymde om fantes, finn du her.

Trur du det ikkje? Da burde du ta deg ein tur og sjå og høyre sjølv.


Laga og foruma som skal styrke spelet, dansen og songen, og spelemenn, dansarar og kvedarar

I bygd og by finst lokale lag, fylkeslag og regionale lag. Oftast heiter dei noko med spel og dans. Paraplyorganisasjonen til spelemanns- og dansarlaga heiter Landslaget for Spelemenn (LfS).

Song blir ofte kalla kveding. Andre kallar det vokal folkemusikk. Da høyrer lokk, og å låte med kjafte (som dei seier i Hallingdal) med. I Telemark kallar vi det å tulle. Å låte er å spele. Oftast tullar ein ein feleslått, men det kan og vere ein lurlåt. Er ein god, kan ein høyre likskap med instrumentet det blir ”herma” etter. Synge ei salme og kveda eit stev, seier folk.

Men i salmane står det at vi skal kveda Herren ei visa.

Noregs Ungdomslag (NU) hadde tevlingar på 1800-talet. B.U.L. Bondeungdomslaget og B.U. Bygdeungdomslaget er og med på å halde oppe interessa, i tillegg til LFS, NFD (Norsk Folkemusikk- og Danselag) og NU. Vi har også lokallag som Telelaget og Songdanslaget – for å nemne to av alle i Bygdelagssamskipnaden.

Eit lag som har tydd enormt mykje for dei mange speltradisjonar og spelemenn i Norge, er Laget for folkemusikk i Oslo. Spelemenn frå heile landet, både på hardingfele og vanleg fele har halde lag der. Derifrå har vi mange ugløymelege musikkopplevingar og hyggelege festminner! Kor mange spelemenn og kvedarar bur i Oslo i nåtid tru? Det er ikkje så få!

Ein bør bu der den som skal leve av musikken eller songen. Slik har det vore så lenge eg har levd.


Dei nasjonale laga

Norsk folkemusikklag (NFL) ligg i Trondheim, tilknytt Rådet for folkemusikk og folkedans-senteret (Rff). NFL si årbok er tiknytt Novus forlag, Oslo. LFS, NFD og NU har alle sitt sekretariat i Oslo. Alle bryr seg om og med songen, dansen og spelet, og dei utøvande.

Lur og bukkehornlaget, Norsk Munnharpeforum og Norsk Kvedarforum er aktive samanslutningar av utøvarar. På få år har dei fått fart i rekruttering til klassene på Landskappleiken i munnharpespel, lur og bukkehorn.


”Splitt og hersk?”

På representantskapsmøtet i Rådet for folkemusikk og folkedans i Trondheim i 2005 blei det hevda at foruma burde leggast inn under LfS. I Valdres same år, med invitasjonen frå Munnharpeforum, som ville drøfte saka, sa nestformann i LfS det same, med innlegg i Spelemannslaget litt seinare om at han hadde blitt så lei denne splitt- og herskteknikken.

Vil ha oss fritekne frå splitt og hersk. Samarbeidd har vi gjort, slik vi lova da vi med stønad frå LfS, NFD og Rff inviterte til stifting i 2002. Til dømes samarbeidde vi med Folkemusikkscena, eigd av LfS og NFD i 2005, som resulterte i 8 fullsette salar med 7 av våre beste unge kvedarar, lagt til ulike lokale stader, i samarbeid også med lokallag. Vi har hatt seminar i Bø, Valle, Oslo, Trondheim, Trysil og Voss. I august 2008 står Målselv for tur. Alle i samarbeid med andre lag og institusjonar, dei fleste tilslutta LfS.

LfS har stadig minna oss på at vi må leggast til landslaget. Det skal folk frå våre styresmaktar ha sagt. I dei utsegn eg har sett skriftleg har det blitt oppfordra om å samordne og samarbeide, og ikkje å parallellkøyre. Eg har korkje sett eller høyrt at vi gå inn i eitt lag! Kven har sagt det er forbode å arbeide med folkemusikk utanfor LfS?

LfS, NFD og NU har gått saman med rock og jazz i SAMSTEMT, frå i 2005. Dette har til no ført til enda meir støtte til rock og jazz, og mindre til folkemusikk. Det står att å sjå kva som skjer i framtida.

Ikkje alle uttrykk kan nytte same formidlingsmåten og ha dei same organisasjonsmetodane. Heller ikkje når det gjeld til dømes faste hus, faste scenar etc. etc.

Etter mi meining bør folkemusikken vere meir der andre er. Vi som spelar, syng og dansar er ein del av vår samtid alle saman, slik folkemusikk og dans alltid har vore. Det er og blir alle tiders musikk og dans og høyrer til det tidlause.


Difor blir "dagens folkemusikk" ein reklametekst, ikkje ei sanning

Mitt inntrykk er at det er ein tendens til å ville gjere det same som andre gjer, spele og framstå som andre, for å nå til dei same summar som dei har oppnådd?

Det er vi som kjenner til musikken og songen og dansen, og formidlinga av den, som har det virkelege ansvaret. Ansvar til å opplyse dei som seier og meiner til dømes at vi må gå saman i eitt lag.

Vi oppnår ikkje noko meir eller noko anna med det! Men vi kan samarbeide, som har vore gjort og i mange saker i dei siste åra.

Folkemusikken har ein heilt annan historie enn rock og jazz, og er organisert annleis. Størstedeilen av medlemer i LfS høyrer til det frivillige musikkarbeidet.

Folkemusikken er ikkje i den grad musikk for dei store arenaer. Ikkje berre det. Vår musikk, og song er sterkt solistisk. Dette er spesielt også innan Norden og Europa. Kvifor skal ikkje det fokuserast på?

I det organiserte formidlingsapparatet er det satsa mest berre på band, og samspelgrupper. Ser m.a. at Norsk Kulturråd gir stønad til ensemble på to! Dette vil gjere til at vår musikk blir meir lik irsk, svensk, og finsk folkemusikk, kveding blir meir lik visesong.

Vi har ein grunn tradisjon i samspel og gruppespel. Da blir naboland og Irland ideal det blir inspirert frå.


Det er 50 år sidan kveding kom som tevlingsgrein på Landskappleiken

Klassa for kveding har blitt klasseinndelt i seinare år. A, B, C-klasse. Elles er det som før. Ingen reglar, slik som i til dømes spel. Kvedarforum blei bedne om å evaluere tevlingsgrein kveding på Landskappleiken. Vi blei glade for å få dette viktige arbeidet. Ola Grøsland, Unni Løvlid og eg arbeidde grundig med dette for nokre år sidan.

Sidan har ingen sett noko meir til det.

Forum tyder møteplass. Vi møtas for å kveda og å snakke saman om dei ulike tradisjonane som framleis er levande rundt om i vårt langstrakte land . Det arbeider vi med.

"Det vil vere lettare å vere ein liten samanslutning enn ein stor framyve,” sa ein forskar, som arbeider spesielt med kulturpolitikk og kulturadministrasjon, til meg.

Ikkje så ille å vere ein stor, liten interesseorganisasjon som LfS heller da, om han spår sant…


Det akustiske og det øyredøvande

Den store scenen med show med blinkande farga ljos og røykkanon. Band med folkrock og folkpop, med eit volum som ikkje passar dei som må ha øyro sine i orden så ein høyrer kva ein syng. Hørsel får ein ikkje att om ein missar den, og skal ein synge er den like viktig som stemma.

Folkemusikkfestivalane, Rikskonsertane og i dei siste åra, Folkelarm har etter mitt syn einsidiggjort folkemusikaren.

Utøvarrolla har blitt snever. Folkemusikaren kan nyttast i dei fleste samanhangar, som i bryllaup og i gravferd. Kjøgemeisterrolla i store offentlege festsamlingar like eins. Spelemenn, songarar og dansarar kan nyttast i ei kvar lita eller stor samkome, på ein scene, ja, men og i eit fødselsdagsselskap, ei gravferd, både i kyrkja og i minnesamværet.

Folkemusikaren som har lært dette innan sin tradisjon vil kunne takle dei fleste speloppdrag. LfS har tatt i vare og nytta spelemenn i mange, og ulike samanhangar opp igjennom åra.

Men dei seinaste åra har fokus vore satt berre på folkemusikk på dei store scenar - framfor alt!

Og så og sei berre band.

På operascenen har dei sunge Mozart med band til og med! Og det organiserte folkemusikkfolket jubla, og folk gjekk mann av huse. I desse dagar forstår vi betre enn nokon gong kvifor.

At programformidlarar som festivalar, Rikskonsertene og Folkelarm har ein slik fokus, er ikkje så uventa. At laga våre, og skuleinstitusjonane køyrer same løpet, er verre å forstå.

Det er for einsidig. Kvifor rock og pop i spelemannslaga?

På premielistene har gode tradisjonsformidlarar hamna midt på lista, eller kanskje til og med i botn. Lokalt kan utøvaren vere den einaste som kan bringe tradisjonskunna fram til neste generasjon. Bindeleddet mellom nå og seinare. Domarane vel å gje meir poeng til vakker song eller visesong.

Urban folkemusikk, med eit nettverk tettare enn kva som bra er, har kome som eit uvær over oss på nokre få år. Ikkje eingong for dei få som blir nytta mykje, er dette berre bra.

Eg er einig med Synnøve Bjørset i Ballade, der ho skriv om kor slitsamt det er å reise og vere frilans. Ei sanning om det å reise omkring.

Konkurransar som gjer til at dei som vinn, får konkurrere opptil tre gongar, ved å reise til tre ulike festivalar for å vinne eller ikkje vinne. Og så hamne i frilansgruppa.

Den flokken har hatt sterk auke!

Har institusjonane, LfS, NFD, Rikskonsertene og bransjen tenkt over om alle vil greie å halde på som musikarar?

Les innlegget til Bugge Wesseltoft på Ballade 16.04.08!

Dette gjeld oss alle, også folkemusikarane.

Agnes Buen Garnås (født 23. oktober 1946) er norsk folkemusiker (kveding) og sangpedagog, kjent som en av landets mest fremtredende formidlere av vokaltradisjoner. Buen Garnås mottok Kongens Fortjenestemedalje i gull i 2002 og Norsk kulturråds ærespris i 2005. Les mer om Buen Garnås på Wikipedia.
 

Relaterte bedrifter:

Landslaget for Spelemenn (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere)

Norsk Folkemusikk- og Danselag (Amatørorganisasjoner; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Profesjonelle organisasjoner\Rettigheter; Profesjonelle organisasjoner\Dans / Teater)

Rådet for folkemusikk og folkedans (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek; Offentlige institusjoner; Støtteordninger)

Norsk Kvedarforum (Foreninger)

Relaterte personer:

Agnes Buen Garnås, Kveder, Artist

Relaterte artikler:

25.04.2008 - Statusheving for rytmisk musikk

10.03.2008 Årsmøte NFD - Vetrhus gjenvalgt, felles infoavdeling med LfS

03.03.2008 Folk og Løkenutvalget

26.02.2008 Endringsvilje i folkemusikkmiljøet

22.02.2008 Den som tier samtykker

20.02.2008 Synnøve S. Bjørset: Vi roterer i vår eiga navlelo

05.02.2008 - Ligger an til et stort løft for den rytmiske musikken

11.01.2008 Tradisjonane med snigle- eller turbofart?

09.01.2008 Mot tettere samarbeid i folkemusikken

09.01.2008 Tradisjonene med turbofart inn i framtida

28.11.2007 Forum for utøvere

21.11.2007 Musikk til folket!

19.11.2007 Store steiner og krappe svinger

14.09.2007 Folkemusikken i Kulturdepartementet

16.08.2007 Delte meninger om organisering

28.01.2009 Bygda dansar til Buskerud

15.12.2008 - Lat dei forbli ulike!

27.11.2008 Ynskjer ei felles stemme

22.10.2008 – Vi er i det året folkemusikken tok gull!

27.06.2008 Ny stor organisasjon i folkemusikken?

08.05.2008 To tanker og to ansvarsområder i hodet samtidig – om tradisjon og profesjonalisering

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no