MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Utamde landskap?

Publisert: 10/17/2008 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2008101716594023220874

KONSERTMELDING: Saman med klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad samt sopran Ellen Aagaard, sto Nordic Voices bak urframføringa av eit heilaftans verk på Ultima i går. - Med ”Wild Spaces” baud Øyvind Torvund på ei vell av lydlege nyansar, frå abrupte impulsar til bastante klangpålar og meir diffuse vokaliser. Her fanst ei mengd fint teikna abstrakte rom – men som kanskje ikkje romma den villskap som tittelen indikerer? spør Ballades meldar her.

Nordic Voices/Ultima Foto: Ann Iren Ødeby (370x246)

Av Ida Habbestad
Foto: Ann Iren Ødeby

Med sine heilt opne titlar legg Øyvind Torvund grunn for ei lang rekkje assosiasjonar. Tidlegare under festivalen har me høyrt hans ”Wolf Studies II” – for fiolin og ulv. Der let fiolinist Anna Lindal sine glidande melodiar slynga seg over og under opptaka av ulande ulv. Tilsynelatande uaffektert av nærværet av det utstoppa ulvehovudet rett ved – sistnemnde beteiknande for komponistens rike idéverd.

Med eit slikt bilete friskt i minnet, var det kanskje ikkje rart at den første førestillinga mi i møte med ”Wild Spaces” var den om ville dyr.

For om ikkje like konkret som i ulve-studiene, fanst naturen og det dyriske òg i "Wild Spaces", ikkje minst gjennom undertittelen ”Beast Madrigal”. Men biletet fann etterkvart ein større omkrets. Undertittelen ”Basic Knowledge” sende tanken attende mot det menneskelege, før ”Psychedelic Landscape” (også den med menneskelege trekk) og ”Idyllic Scene” bar bod om abstrakte rom eller landskap – fredelege så vel som utamde.


Små nyansar i endring

Korvidt slike betraktningar er relevante, kan sikkert diskuterast. Verket utan tekst handla truleg aller mest om lyd, og komponisten kunne henta opp frå bunken eit vell av slike.

Til dømes var klarinettenes abrupte impulsar sett opp mot meir vokalise-liknande klangatmosfærer i ”Idyllic Scene”. Her var bastante klangpålar i ”Basic Knowledge”; eit repetert kvintintervall som sende tanken til gregorianikk og gamal tid. Til fundamentet sjølv, eller som tittelen seier: den kunnskap som me alle har.

Der var noko svevande bestialsk i ”Psychedelic Landscape”. Ei tidløyse i ”Beast Madrigal” der mangelen på kjensle av puls og framdrift kunne få ein til å kjenna seg som i fritt svev. Over ein avgrunn kanskje – eller berre på vegen mot det heilt bastante, ostinatliknande i den grunnleggjande kunnskap som stadig vende attende.

Her var plystring og glissandi, mumlande murring, mikrotonalitet, akkordar som berre var ”litt sure”. Små nyansar i stadig endring – når Torvund på eit vis sette komposisjonen på repeat. Etter første runde av dei fire satsane, kom ”Idyllic Scene II”, ”Basic Knowledge II” og vidare, før han ved tredje gjennomgang forkludra – snudde om på rekkefølgja, let dyremadrigalen liggja og etterlet oss til det psykedeliske som tona stille ut.


Sakna krefter utan kontroll

Imidlertid undra eg meg over kvifor Torvund ikkje nytta ressursane i større grad. Å forsterka Nordic Voices med sopran Ellen Aagaard, virka ved dette verket nesten overflødig. Potensialet hennar er stort, men ho fekk utfalda seg lite i eit materiale som rett nok ofte var annleis ensemblets, men som sjeldan fekk framtredande plass. Dei to klarinettistane Peter Brötzmann og Frode Gjerstad skapte større kontrastar. Dei forstyrra oftare dei vokale klangsfærene som var lagt, men sjeldan med den eksplosive karakter dei begge er kjende for.

Jamvel Nordic Voices klang forunderleg lite variert i samanhengen; i alt kunne dynamikken kjennast einsidig, ein lys, mumlande, forsiktig og homogen klangverd vart den rådande.

Slik vart det for meg eit uforløyst aspekt over konserten - eit potensiale som låg ubrukt.

Korvidt ein alltid skal få alt ein ynskjer seg er så si sak. Men midt i det rike vellet av lydlege nyansar kom eg til å sakna det ekstreme; forløp som tok av; kampar som vart utspelt, krefter som var utanfor kontroll.

Så handla kanskje "Wild Spaces" meir om den forunderlege sivilisasjon enn om utamd villskap?


Konsert:
Kulturkirken Jakob, torsdag 16. oktober
Øyvind Torvund: "Wild Spaces"

Med Peter Brötzmann, Frode Gjerstad, Ellen Aagaard og Nordic Voices
 

Relaterte bedrifter:

ULTIMA (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Oktober; Festivaler\Samtidsmusikk)

Nordic Voices (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Ellen Aagaard, Sanger

Frode Gjerstad, Musiker; Orkesterleder

Øyvind Torvund, Komponist

Relaterte artikler:

17.10.2008 Ekstraforestilling Meir/Mera

17.10.2008 Utholdte dødsøyeblikk, del 2

16.10.2008 Utholdte dødsøyeblikk

15.10.2008 Al Kamandjati - Ei engasjert beretning

09.10.2008 I Stockhausens utopiske univers

10.10.2008 Helgen på Ultima

07.10.2008 Ultima Ukokt

06.10.2008 Høgt nivå, manglande tilretteleggjing

03.10.2008 Til grunnvollen

02.10.2008 Flater ut

02.10.2008 Melancholia - Lysets komponist i operaens black box

01.10.2008 Pluralismene – Lever de?

16.11.2007 Nordic Voices – Reges Terrae: Samstemt klangvev

29.02.2008 Frode Gjerstad 60 år - jubileumsturné

18.02.2003 Frode Gjerstad og Peter Brötzmann til Tou og Blå

07.02.2003 Frode Gjerstad: - Saksofonen er et bastardinstrument

06.02.2003 Frode Gjerstad: - Den døde kulturen kommer alltid forut for den levende kulturen

05.02.2003 Frode Gjerstad: - For meg var det det mest naturlige uttrykket i hele verden

04.02.2003 Frode Gjerstad: - Hvor er kjærligheten til det vi driver på med?

26.06.2006 Å fortelle historier som ikke finnes

24.09.2004 Vokale eksperimenter med Ellen Aagaard

13.05.2009 Færre tema - fleire uttrykk

19.02.2009 Buddy-prisen til Frode Gjerstad

18.02.2009 Peter Brötzmann Chicago Tentet

06.02.2009 Intro-komponist i Berlin

17.12.2008 Positiv publikumsundersøkelse

11.12.2008 ULTIMA søker direktør i ett års engasjement

21.10.2008 Gode føresetnader, ubrukt potensial

20.10.2008 Sterkt perspektiv på dødsstraff

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no