Færre tema - fleire uttrykk

Øyvind Torvund har arbeidd med den kunstnarlege utviklinga av Music Factory og Borealis og er tilknytt Festspillene i Bergen som rådgjevar. I går vart han vald av eit einstemmig styre til leiarstillinga i Ny Musikk. - Eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk, seier han til Ballade.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Øyvind Torvund 2007 - 3 (Foto: Stian Andersen)

Av Ida Habbestad

- Eg er sjølvsagt ekstremt glad for å få denne jobben. Det er ei fin utfordring, og eg likar veldig godt å setja saman konsertar, seier Øyvind Torvund som tiltrer stillinga i Ny Musikk til hausten.

Etter endte komposisjonsstudier ved Norges musikkhøgskole i 2001 har Torvund vore aktiv komponist og produsent. Desse røynslene gjer han til ein verdig kandidat til stillinga meiner Ny Musikk sitt styre, som i ei pressemelding viser særskilt til evna han har til å skapa "intense og eksklusive konsertopplevelser".

Eitt døme på dette er Bandrom-syklusen, med utforskingar av konsertformatet, som starta då han var huskomponist for Oslo Sinfonietta i 2003.

Kva er så komponisten sine visjonar for Ny Musikk?

- Eg byrjar ikkje for fullt i jobben før til hausten, så der er ikkje lagt konkrete planar endå. Men det eg vil leggja mest vekt på er å presentera gode konsertar. Eg vil leggja vekt på å invitera interessante internasjonale aktørar, aller helst til samarbeid med norske musikarar og komponistar, svarer Torvund.


Færre tema - fleire uttrykk
Torvund etterfølgjer Lars Petter Hagen, leiar i Ny Musikk frå 2003, og no midlertidig tilsett som direktør for Ultima.

Kjem du til å gjera om på den kunstnarlege retninga som Hagen har lagt opp til dei siste åra?

- Lars Petter har ført ei veldig klår linje med konseptuelle tilnærmingar til kurateringa, i alle fall på festivalane. Eg har ikkje endå bestemt meg for om eg vil vidareføra Happy Days på ein slik måte. Eg kjem nok i allefall ikkje til å tenkja tematikkar på ein så klår måte, svarer Torvund.

- Men Lars Petter har òg vore flink til å henta spanande namn til Noreg og til å opna for samarbeid med mellom anna lydkunstmiljøet. Slike ting ynskjer eg å ta vidare, og eg ynskjer om mogleg å inkludera endå fleire uttrykk.

Du er ikkje redd for at ein mindre konseptuell tankegang vil gjera organisasjonen mindre synleg?

- Ein organisasjon som arbeider med ny musikk kan alltid jobba meir mot publikum. Mykje av det som har skjedd i Ny Musikk har vore med utropsteikn bak, som Happy Days på Oslo City. Der har òg vore ei rekkje andre prosjekt, som Klang - Rom - Stillhet-serien, festivalen med Helmut Oehring i 2008, og mykje anna som eg ser som like viktig. Utfordringa er nok heile tida å presentera den eksperimentelle musikken på ein måte som gjer at publikum vil komma og høyra på, seier Torvund.

Som meiner løysinga aller mest ligg i å laga gode konsertar, og som gjerne oppsummerer sitt noverande prosjekt for organisasjonen;

- Eg ynskjer å laga konsertar som kan vera ei oppløftande oppleving, med ein ekstrem kontrast som arbeidsmåte, men der kontrasten ikkje er utan grunn.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten