MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Subtil, vakker og støyande reise

Publisert: 05/30/2009 av Ida Habbestad

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2009053016304583414511

MELDING: Med utgangspunkt i J. A. Løtvedt sine bilete frå norsk shipping og offshore-industri, har Morten Traavik og Kjetil Møster laga ei underfundig framsyning, med mogleg kritisk brodd.

J. A. Løtvedt på verdenshavene/ Foto: J. A. Løtvedt (370x438)

Av Ida Habbestad

”We are bound for South-Australia” syng mannskoret Navy Vocalis innleiingsvis i framsyninga – som var dei ekte sjøfarar, og tida var skrudd attende til 1920-talet.

Tittelen ”J. A. Løtvedt på verdenshavene” indikerer nettopp ei slik mytisk forteljing, og framfor oppsetjinga i Grieghallen var det ei historisk beretning om bergensaren Jan Alfred Løtvedt (1931-2008) eg hadde venta å sjå.

Imidlertid skulle tingingsverket visa seg å romma noko heilt anna. Istaden for å vera eit portrett av fotografen og filmregissøren sitt liv, fekk me i framsyninga sjå fragment frå produksjonen hans, som til saman like mykje som eit blikk på den enkelte, kunne lesast som eit innsyn i norske sjøindustri generelt gjennom førre århundret.

Utstrakt og dvelande...
Dei godt samansette klippa var det regissør Morten Traavik som sto bak, medan broren Kjetil Møster hadde komponert musikk – i all hovudsak framført av han og bandet Ultralyd.

Med utstrakte enkelttonar som det mest framtredande musikalske materialet, framsto musikken hans gjennom to karakterar i stort: Den første og oftast nytta, var eit stillferdig og langsamt dvelande uttrykk, der klangbilete var bygd opp av enkeltimpulsar, repeterte tonar; ofte luftige og reintklingande, med berre små hint av direkte innslag – ein motor, lyden av bølgjer, ei skipsfløyte.

Slik vart mektige bilete av utfart frå Bergen, polarklima, menneske og hav – som lett kunne vorte overdøva av noko meir romantisk – istaden pakka inn i vakre og mystiske klangbilete, som i den grad den kommenterte bileta i det heile, mest gav assosiasjonar til det melankolske, forgangne.


...men òg utådvend og med brodd
Meir konkret i framsyninga var utdraga frå eit intervju med skipsreiar Hilmar Reksten. Reiaren, omtala i intervjuet som ein av verdas mektigaste menn, fortalde om motivasjonen bak verksemda: Om årsaka til å segla under det norske flagg; det moralske ansvaret han meinte seg å ha, innbetalinga av skattar for gjenreisinga av landet – og synet på at skipsreiarane, gjennom å bidra til auka handel, bidro til ein auka levestandard og til å redda verda frå fattigdom.

”Look to the Pacific Ocean” var hovudbodskapen hans: Stillehavet er verdsens sentrum – aukar ein levestandarden i landa der, aukar ein sjansen for fred.

Utsegna hans var definitivt oppriktige – og særs reflekterte – og at utøvarane oppfatta bodskapen som viktig vart understreka ved at opptaket vart avspelt utan nokon parallell aktivitet. Men haldningane til skipsreiaren vart òg kontrastert gjennom dei etterfølgjande bilete av levestandarden om bord på skipa, og vidare oppbyggjinga av oljeplattformar, miljøvern, søl – som ei ynskt oppfordring til publikum om å tenkja kritisk kring utsegna.

Dette mogleg kritiske vart understreka av framsyninga sitt andre musikalske materiale – bygd opp av meir utådvende, støyfylde parti enn før, der dei lange enkelttonene stadig var fundament, men der xylofon og pauker no var erstatta av ein heftig over- og underliggjande rytmikk på trommesett.

Det dukka opp då Fredrik Saroea på vokal – utkledd som mannskap – repeterte tekstleg materiale frå Reksten sine utsegn; ”eg ynskjer å vera ein fri og uavhengig mann, difor byggjer eg skip!”. Og det dukka opp, nok ein gong som ein kime til uro, når der mot slutten av framsyninga var bilete av byggjinga av militære skip og vapen.


Ope for tolkingar
Men alt vart utlagt subtilt: bileta fekk alltid tala for seg – og ingenting sto kommentert konkret. På same måte som det var umogleg for publikum å vita om dokumentaren med Reksten – av filmskaparen som ofte arbeidde på oppdrag frå selskapet – hadde nokon kritisk brodd frå Løtvedt si side, var det aldri mogleg å vita sikkert om desse utøvarane hadde teke stilling eller ikkje.

Og då shantykoret Navy Vocalis – beståande av (stort sett pensjonerte) marineoffiserar frå Haakonsvern – fekk avrunda med sin nær romantiserande framstilling av sjømannslivet, vart biletet yttarlegare komplekst.

Nettopp dette – at der var rom for at lyttarane kunne gjera seg opp si eiga meining, var etter mi meining denne framsyninga si største styrke.


Konsert:
Grieghallen 29. Mai
”J. A. Løtvedt på verdenshavene”
Med
Ultralyd: Kjetil Møster (saksofoner, klarinett, elektronikk), Anders Hana (gitarer, elektronikk), Kjetil Brandsdal (bass, elektronikk) og Morten J. Olsen (trommer, perkusjon, elektronikk)
Fredrik Saroea (vokal)
Navy Vocalis, Hilmar Stavang (dirigent)
Morten Traavik (regi), Fredrik Hana (videoredigerer)
Produsert av Festspillene i Bergen i samarbeid med Nattjazz og Bergen filmklubb
 

Relaterte bedrifter:

Ultralyd (Utøverinstitusjoner\Band)

Festspillene i Bergen (Festivaler\Klassisk musikk; Festivaler\Mai)

Nattjazz (Festivaler\Jazz; Festivaler\Mai)

Relaterte personer:

Kjetil Møster, Saxofonist

Morten J. Olsen, Trommeslager

Kjetil D. Brandsdal, Artist

Fredrik Saroea,

Relaterte begivenheter:

20.05.2009 Festspillene i Bergen 2009

20.05.2009 Nattjazz 2009

Relaterte artikler:

26.05.2009 Kompromisslaust

25.05.2009 Tilfeldige møte - med samanheng

25.05.2009 Kunst, politikk og risiko

24.05.2009 Har samtidsmusikken kritisk kraft?

22.05.2009 Tekst og kontekst

27.07.2009 Sprikande kritikk

19.06.2009 Kontroversielle festspel?

04.06.2009 Paradoksal politikk

01.06.2009 Ung og utforskande?

31.05.2009 Mari Kvien Brunvoll tildelt Vitals talentpris

31.05.2009 Joachim K. Kwetzinsky tildelt Robert Levins Festspillpris

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no