Ung og utforskande?

Festspillene i Bergen har ei omfattande satsing på unge talent. Satsar dei òg på den unge musikken?

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Troldhaugen 09/Foto: Festspillene i Bergen

Av Ida Habbestad

Tradisjonelt er det unge utøvarar som står for storparten av festspela sine konsertar i komponistheimane Siljustøl og Troldhaugen. Her har INTRO-klassisk eigne program, samt andre norske og nordiske musikarar.

Til saman utgjer konsertane ein solid del av programmet – og satsinga er spenstig. Men kan ein seia det same om programmeringa av konsertane?


Tid for utfordring?
Rett nok fanst der i år eit tydeleg grep, ved Razumovskyakademiet sine fire konsertar i Troldsalen. Ved samtlege fire vart der framført eit verk av ein nolevande norsk komponist.

Men både ved desse og under konsertane for øvrig er der dei tunge, klassiske verka som er gjengongarar. Forutan dei nemnde norske verka, kan eg einast finna eitt stykke (av Takemitsu) som nærmar seg vår eiga samtid.

Og der det heilt sikkert finst gode grunnar til at utøvarane konsentrer seg om verk frå standardrepertoaret, er det òg mykje som talar for at programmet i komponistheimane kunne trenga ei ansiktsløfting. Dei er gjennomført nokså likt gjennom mange år, og er soleis særs føreseielege. Kanskje er tida inne for ei meir tydeleg utfordring til dei unge – om å gjera noko anna enn nett det forventa?


Unaturleg skilje
Lærarane ved Razumokvsky Ensemble er karakterisert mellom dei framste i verda, elevane er handplukka. At dei held høgt nivå er ingen tvil om, ressursane gode, og det eg høyrde frå desse unge er imponerande.

Soleis er det flott at dei tek turen til Bergen og at unge musikarar òg får konsertar "prime time" i sentrum av byen.

Men korkje junior-ensemblet eller lærarane deira finn plass til nyare musikk på programmet. Den einaste framføringa av noko nytt under deira programparaply – ein ny komposisjon av Ruben Sverre Gjertsen – var det samtidsensemblet BIT20 som sto for.

Eg hadde teke hatten av for prosjektet dersom dei unge musikarane hadde tredd inn i ensemblet for høvet – konsentrert kring Gjertsen sin mystiske, glidande, fragmenterte og vakre tonespråk. I staden vart det slik eg opplevde det, ved denne løysinga skapt eit skilje, som for å befesta at det var snakk om to ulike fag.

Inntrykket vart understreka ved måten programheftet var oppbygd. Gjennom omfattande materiale kunne me lesa om dei unge utøvande, opphavet til kvartetten av Grieg, septetten av Saint-Saëns og meir, men verket til Gjertsen – eller komponisten si verksemd for øvrig var ikkje nemnt med eit ord.


Fokus og kompetanse
Truleg var det siste ein glipp, neppe meint slik frå festspela si side. Og likevel kan det gje ein peikepinn på kvar ein har sitt største fokus, kvar ein har størst kompetanse, og kva det er enkelt å gløyma.

Og når dei eksisterande omtalane av kanoniserte verka stadig krinsar kring plasserande formuleringar som ”noe av det heftigste i norsk musikkhistorie”, ”musikkhistoriens mest fremragende arbeid av en så ung komponist”, ”betegnet som den mest fullkomne trio som noensinne er komponert” utstrålar det etter mi meining meir eit ynskje om å konservera; å få stadfesta det som me veit er framifrå, enn ynskjet om å utforska nye landskap.

Ikkje for det – når dei unge spelte i Korskirken tirsdag, er det tydeleg at dei utforskar. Det interesserte blikket dei har på Grieg er sjølvsagt prisverdig, og gjer klårt at verka hans står seg.

Vona er berre at utforskina ikkje stoggar der.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten