MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
SPUNK er ei av gruppene som mottek Kulturrådets tilskotsordning for ensemble i 2011



Kulturrådets ensemblestøtte fordelt

Publisert: 12/21/2010 av Sigrun Sæbø Åland

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2010122110593073495078

Kulturrådets tilskotsordning for musikkensemble har fordelt til saman 18,2 mill kr på 75 musikkgrupper og orkester for 2011.


Den samla søknadssummen var på 88,7 mill kr, og til saman 150 ensemble søkte økonomisk tilskot frå Kulturrådet for 2011. Målsetjinga for denne tilskotsordninga er å gi grupper og orkester i ulike sjangrar utviklingsmoglegheit samt profesjonelle vilkår for produksjon og formidling.

Heile oversikta over tildelingane finn du her.

Utvikling og mangfald
I vurderinga legg Kulturrådet vekt på kvalitet og utvikling, samt omfanget av ensemblet sin konsertproduksjon og formidling. Det vert også teke omsyn til om ensemblet bidreg til eit sjangermessig og kunstnarisk mangfald

- Tilskuddene til musikkensembler bidrar til den store utviklinga og mangfoldet i det profesjonelle musikklivet utenom institusjonene, og sikrer en økonomisk plattform for kunstnerisk produksjon på høyt nivå. Det var mange høyt kvalifiserte søkere til tilskuddsordningen, og utvalget har gjort en tøff prioritering i forhold til den begrensede budsjettrammen, seier Vegard Snøfugl, medlem av Norsk Kulturråd og leiar av utvalet for musikkproduksjon i ei pressemelding.


Fleirårig tilskot
Tilskotsordninga inkluderer også moglegheita for fleirårig støtte. Ensembla som får tildelt denne støtta frå og med 2011 er Vervato strykekvartett, Oslo Strykekvartett, Jazzkammer og Lemur. Frå før av er også tolv andre grupper inne i eit fleirårig tilskotsløp.


Sjangerområde
Sjangrane som inngår i denne ordninga er klassisk musikk, samtidsmusikk, Tradisjons – og verdmusikk og jazz – og improvisasjonsmusikk. Kategoriane Rytmisk musikk (rock og populærmusikk) og Kor og vokalensemble hamnar innafor andre tilskotsordningar. Tildelinga av ensemblestøtte for kor og vokalensemble vil bli vedtatt på Kulturrådet sitt fyrste møte i 2011, den 4. februar.
 

Relaterte bedrifter:

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

Relaterte artikler:

17.12.2010 UDs tilskotsordning fordelt

17.12.2010 Sterk økning i konsertinntekter

14.12.2010 Musikere tjener mer i Danmark

16.12.2010 Profesjonalisering i stampe

13.01.2011 Norsk Barokkorkester inntar Operaen

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no