MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Marius Neset. FOTO: Moldejazz.no



- Bra utstillingsvindu

Publisert: 07/22/2011 av Olav Opsvik

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2011072212461262818951

I år blei saksofonisten Marius Neset den femte mottakaren av JazZtipendiatet under Moldejazz.


Under Moldejazz hadde Stian Westerhus, som tok i mot stipendet i fjor, premiere på sitt prosjekt med Jazzorkesteret på tysdag, i tillegg til at CD-utgivinga av fjorårets konsert med Magic Pocket blir lansert fredag.

-Moldejazz er eit utruleg bra utstillingsvindu som gir mykje merksemd til desse prosjekta, seier kunstnarleg leiar i Trondheim Jazzorkester (TJO), Eirik Hegdal.


Ringverknadar
Dagleg leiar i Midtnorsk jazzsenter, Bjørn Willadsen, kan fortelje at dei ulike stipendiatprosjekta har hatt store ringverknadar.

- Prosjektet har blitt mykje større enn stipendiatet i seg sjølv, seier han.

Fleire av prosjekta har hatt fleire konsertar etter premiera i Molde, også i utlandet.

-Til dømes har prosjektet med Kim Myhr blitt tatt med til Canada, og det ser ut til at det blir nokre konsertar i Australia i januar, fortel Willadsen.


Nerve
-Stipendiatordninga gir jazzorkesteret eit utvida repertoar og praksis. No har vi dei større, internasjonale samarbeida på den eine sida, og talentutvikling på den andre.

Eirik hegdal synest det er vel så spennande å jobbe med dei litt meir uerfarne artistane.

-Stipendiatane har ein sterk søken og ein eigen nerve. I TJO vil vi alltid invitere til å gjere noko nytt, fortel han.


Eit steg vidare
Dei tre stipendiatane som er aktuelle i år representerer ganske ulike uttrykk.

-Magic Pocket er eit reint brassband uten bassist. Dei er sterke komponistar som har satt eit sterkt preg på arrangementa. Med Stian Westerhus nærmar vi oss meir rock, støy og samtidsmusikk, seier Hegdal.

Medan dei som har mottat stipendiat til no har base i trondheimsmiljøet, har årets stipendiat base i København.

-Å dele ut stipendet til Marius Neset er eit steg vidare, fortel Willadsen.

Hegdal er spent på kva Neset vil finne på.

-Eg kjenner ikkje like godt til Neset som dei andre stipendiatane, men eg veit at han er ein heftig saksofonist. Han har eit litt meir amerikansk preg enn dei norske utøvarane, og neste års prosjekt blir heilt sikkert unikt, fortel han.
 

Relaterte bedrifter:

Molde International Jazz Festival (Festivaler\Juli; Festivaler\Jazz)

Trondheim Jazzzorkester (Utøverinstitusjoner\Orkestre)

Midtnorsk Jazzsenter (Profesjonelle organisasjoner)

Relaterte begivenheter:

18.07.2011 Moldejazz 2011

Relaterte artikler:

19.09.2011 Med lisens til å tolke

08.09.2011 - Uryddig prosess

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no