Valen og volumpedal

Den 14. desember er det femti år sida Fartein Valen døydde. Bergen Domkirke romma heile Valevåg - bygda der Valen budde - i går. Valen vart nemleg hylla med eigne tonar og andre sine ord under Kirkemusikdagene i Bergen. Det vart ein sjeldan stor kveld for stor musikk av ein nesten tvangs-stum nordmann, skriv ein begeistra Nicholas H. Møllerhaug.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Fartein Valen

Av Nicholas H. Møllerhaug, Bergen

Kirkemusikkdagene i Bergen: Bergen Domkirke romma heile Valevåg - bygda der Fartein Valen budde - i går. Valen vart nemleg hylla med eigne tonar og andre sine ord. Det vart ein sjeldan stor kveld for stor musikk av ein nesten tvangs-stum nordmann.

Valen er nemleg 'mot si vilje' framstilt som ein innadvend sjel. Han var ein såg berre oppover eller nedover og aldri på andre. Andre gong blir han framstilt som livsfjern tulling som skreiv plingplong lenge før Arne Nordheim. Valen har blitt framstilt på denne måten sidan han gjekk frå verda for femti år sidan. Eigentleg var han ein munter kar - fortel breva han la etter seg. Den 14. Desember er det femti år sida han døydde. Av mange blir han diverre berre rekna som upopulær. Dermed blir han ikkje satt på konsertprogramma til andre enn ein stor Valen-entusiast i Bergen.

Etter at nestoren Ivar Folgerø i Haugesund døydde er det Domkantor Magnar Mangersnes som er Valenmisjonæren. Valen blir så vidt satt opp av andre også i år - fordi det er jubileum. Hadde det vore Sæverud eller Grieg hadde det vore andre boller. Det er skammeleg - når ein tenker på kva markering han hadde fått i eit anna heimland. Konserten i Domkirken igår var det monumentale høgdepunktet i dette Valen-året - viss ein skal orka å bruke eit slikt uttrykk.

Aldri har så mykje av Valen sin musikk blitt framførd på ein enkel konsert, tenkte fleire i går kveld. Ikkje ein gong under Valendagane i Haugesund - i går skjedde det trass alt: dei intense og uhyre krevjande motettane hans blei framførd av Bergen Domkantori. Dette var også avslutningskonserten for Kirkemusikkdagene i Domkirken. I tillegg blei eit seinromantisk ungdomsverk framførd. Koret song også ein kantate av Bach og eit a capella verk av Schønberg. Men, no er det jubilanten som får merksemd.

Eit stort moment under konserten var dei tre orgelverka Preludium, Fuge og Pastoralen. Desse tre verka vart tydeleg utheva av ein nyskriven Valen-suite. Lyrikaren Einar Økland frå Valevåg vaks opp med Valen i nabogrenda. Han har i ei årrekke vore oppteken av Valen som kunstnar.

Etter gårsdagskonserten kan ein iallfall ha litt godt samvit for at Valen får den merksemda han fortener. Men, det er langt frå nok - særleg når ein veit at Valen byrjar å bli populær i unge eksperimentelle musikkmiljø rundt om i Europa (særleg pga ein CD Rune Grammofon har gjeve ut).

Bergen Domkantori framførde motettane 'Hvad est du dog skiøn' og 'Et dices et die illae' med innleving, kontroll og konsentrasjon. Dt var tydeleg at den sistnemnde er skrekkeleg krevjande. Difor var nok den vanskelegast å få kontroll på. Trass det song dei med stor overbevising. Dette er teikn på at Domkantoriet befinn seg i ei internasjonal elite. Den andre motetten beherskar dei endå betre og gav ei tolking med stor kjenslemessig variasjon og intensitet. Salme 121 som Valen skreiv som ungdom er eit langt enklare verk . Det vart også meisterleg framførd som godt samspel mellom kor, orgel og sopran.

Organisten Tor Grønn viste på ny at han er den fremste Valenutøvaren i Noreg. Berre Kolbein Haga når opp på hans nivå. At han utnytter reservoaret han har lærd frå studia av den franske komponisten Messiaen merker ein tydeleg. Dynamikken han fekk fram i Valenverka i går kveld er sjeldan. Mjukt som berre drog han volumpedalen som ein bue over oss i salen. Det funkar som berre det. Det satt.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten