Morse: Dekoding og avlytting

To-tre steinkast frå stadane Magmafestivalen er ei anna tysk soge manifestert. Ordet arkeologi får faktisk ein rar og samtidshistorisk klang her : Gestapo hadde sitt hovudkvarter her i det tredje riket. Og no ligg ruinane nyutgravne og opne for publikum - som eit object of terror. Herfrå vart okkupasjonsråskapen i Noreg også dirigert - m.a. ved hjelp av morse.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Hitlerørn, Magma 2002

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin

Igår kveld spelte Oslo Sinfonietta konsert nett desse steinkasta frå terroren. Dei presenterte eit godt og innhaldsrikt program med m.a. musikk av Karsten Fundal, Hans Abrahamsen, Jon Øivind Ness og Eivind Buene. Og særleg Buene spelte opp mot nett dèt sentimentet som så veldokumentert ligg utstilt i desse nyleg utgravne ruinane. 'Objects of Desire' er nesten ein klassikar - kor fender rhodes'en klang som ein intens morseapparat. Iallfall for ein autoprogrammatisk lyttar vart Christian Wallumrød sitt keyboard klingande som hole morsesignal. Særleg over det lekre spelet til Oslo Sinfonietta.

Nett morsesignala og ikkje minst dekoding og avlytting har vore eit heilag språk i regima i førre hundreår. Ikkje berre som del av infrastrukturen i gestaporegimet. Også som ein del av elegien synonym med Berlin under den kalde krigen. I dei førti åra etter 2ndre Verdskrigen var morse eit viktig kommunikasjonsmiddel. Berlin var ein by utan telefonlinjer mellom Aust- og Vestkanten. Då ein først fekk opna linjer på syttitalet fekk ein berre ha fem. Det er ikkje så mange.

Delinga mellom aust og vest-berlin gjorde at dei menneskelege banda blei prøvd ut på ein hard måte. Ein stad ein idag kan sjå korleis menneskelege band haldt trass diktaturet var 'Tränenpalast'. Det er ein annan venue Magmafestivalen isceneset til seine kveldskonsertar. Det var der Sidsel Endresen framførde Rolf Wallin sitt verk for elektroakustikk og stemme, "Lautleben", igår. Tränenpalast betyr omtrent tårehuset (utan tysk ordbok på pulten), og var ein stad folk frå aust kunne møte kjende frå vest - difor namnet og tårene.

Eivind Buene sitt verk "Objects of Desire" blei allikevel motto igår for nett desse spora i Berlinsk historie. Trass i at herr komponist og utøvarar kanskje syns dette er ein lettvint programmatisk analyse. Det er ikkje meininga - men, kjensla i verket kan ein kommentere slik. Nett i går - etter å ha rett før konserten vitja gestapohuset og Stasi-relikviene - blei konserten for Fender Rhodes og sinfonietta eit sært motto. Det vart like mykje ein konsert for morseapparat med patos og godt storband. Særleg partia med enkelt-tone-dronane i varierande speed er som eit pointilistisk reisverk. Då er som Buene sendermeldingar som må ha gjort vondt for å Erich Honecker å høyre. For oss i salen gjorde det derimot godt.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten