Betent grenseland

INNLEGG: - Mi vurdering av profesjonalitet handlar ikkje berre om utdanning, men om korleis ein har arbeidd, og kva rammer ein har hatt for arbeidet, skriv Ballades meldar i dette svaret til Kristin Knudsen i Opera Bergen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Ida Habbestad

Styreleiar i Opera Bergen, Kristin Knudsen, reagerer mi melding av ”Madama Butterfly”. I det høvet ynskjer eg å komma med nokre merknader.

Når eg skriv at eg opplever å vera i grenseland mellom amatørar og profesjonelle, rører eg meg openbart inn på eit betent område, der omgrepsbruken lett kan verta misforstått.

La det vera klårt: Eg ynskjer ikkje å frårøva nokon verdien av profesjonen deira. Eg anerkjenner sjølvsagt musikarane og andre bidragsytarar si utdanning. Eg er klar over at fleire av musikarane i orkestret er tilsette i høvevis Bergen Filharmoniske Orkester og Divisjonsmusikken (Forsvarets Musikkorps Vestlandet) i Bergen.

Eg ynskjer ikkje å støta korkje desse eller Opera Bergen med mi vurdering. Tvert imot er eg imponert over innsatsen dei gjer for operakunsten på Vestlandet. Det meiner eg òg kom fram i meldinga eg skreiv.

Snarare ynskjer eg å ta organisasjonen seriøst, gjennom å oppsøkja dei og vurdera produksjonen deira. Men eg finn det problematisk å gjera det på nokon rettvis måte, all den tid dei krev ei vurdering frå reint profesjonelle kriterier. Mi vurdering av profesjonalitet handlar ikkje berre om utdanning, men om korleis ein har arbeidd, og kva rammer ein har hatt for arbeidet.

Eg meiner at ei vurdering opp mot til dømes Den Norske Opera, som har heilt andre økonomiske vilkår, samt profesjonalitet i alle ledd, ville undergrava fleire av dei aspekta som fungerer, og som eg lot meg imponera av i denne framsyninga.


Relevant spørsmål
Gjennom heile framsyninga eg såg var spørsmålsstillinga tydeleg. Spørsmålet er difor relevant - og interessant, meiner eg. Reint faktisk kjem ein jo ikkje utanom at me finn oss i grenselandet mellom det profesjonelle og det amatørmessige. Som Knudsen sjølv påpeikar, medvirkar eit amatørkor samt amatørar i tre mindre roller.

Det administrative produksjonsapparatet utstråler vidare ei blanding av profesjonalitet og idealisme, der mykje er på plass men ikkje alt. Dømevis ein praktisk ting som handteringa av billettar. Den dagen eg var til stades, kunne billetten einast betalast kontant – og trass i utlegget står det på billetten kr 0,-.

I programmet står ingenting som indikerer at orkestret av organisasjonen er vurdert profesjonelt. Alle andre aktørar har fått sin biografi i programmet, orkestret er ikkje nemnt. I går vart eg oppringt av dirigent Anne Randine Øverby som kunne informera om at av 40 orkestermedlem er berre 3 ikkje ferdig utdanna utøvarar. Desto meir underleg at det ikkje er med i programmet. Og desto meir overraskande å lytta til resultatet dei leverer.

Vidare tyder mykje av produksjonen på at den er driven med opp mot idealistiske rammer. Den Norske Opera sitt orkester har i inneverande sesong 4-13 prøver pr produksjon, avhengig av repertoar og om det aktuelle verket var framført tidlegare.

Øverby kunne fortelja meg at Opera Bergens Orkester berre har hatt fire prøver, og at ein dermed ikkje kunne forventa perfekt resultat, i alle fall ikkje tidleg i framsyningsperioden (av fire framsyningar).

Dermed tenkjer eg slik: Det er ikkje profesjonelt å undervurdera så kraftig behovet for prøvetid. Det er ikkje profesjonelt å levera et så ujamnt musikalsk resultat. Det er heller ikkje særleg profesjonelt av solistane å opptre som det var eit venstrehandsarbeid for dei. Eg konkluderer at me er i eit grenseland, og at resultatet må vurderast ut frå at dei medverkande har gjort så godt dei kunne, ut fra ideelt baserte økonomiske rammer.


Å strekkja seg vidare
Om omgrepsbruken provoserer er så si sak. Viktigare er kanskje dette: Den største utfordringa i denne versjonen av ”Madama Butterfly” – mellom mykje fint – var at den i liten grad bergtok.

Eg meiner stadig at det hjelper med omsetjing av tekst, anten at ein gjer verket på norsk, eller at ein altså tekstar. Ikkje fordi eg på død og liv må forstå kvart ord, men avdi framføringa utan dette sentrale elementet krev ei ekstra nyansert formidling av innhaldet – det vere seg musikalsk, scenisk eller på anna vis. Dét heldt heilt enkelt ikkje mål i denne framsyninga.

Og det er altså her eg gjerne ynskjer å utfordra organisasjonen. Slik eg les Knudsen kan det sjå ut som ho meiner at musikken kan dryppa av innhald berre i kraft av at den vert presentert. Eg meiner ein ikkje kan gje seg der. Eg ynskjer meg noko meir: at ein i større grad freistar å avdekkja innhaldet, problematisera det. Og framfor alt at ein var med på ynskjet om å kunna formidla ei meir engasjert, levande framsyning.

Ida Habbestad er journalist og meldar i Ballade.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten