Festkveld med Ole Bull

Ole Bull Akademiet i Bergen skipar til stor festkveld i Grieghallen 14. juni med Arve Tellefsen, Liv Bernhoft Osa, Jon Eikemo, Steinar Ofsdal. Musikken er av bl.a. Ole Bull og Edvard Grieg, og i tillegg til blir det både norsk folkemusikk og dans.

Arve Tellefsen

Elles medverkar frå akademiet Leif Rygg, Gunnar Stubseid, Berit Opheim, Jostein Mæland, Einar Mjølsnes, Arne Anderdal, Håkon Dregelid og studentane på spelemanns og kvedarskulen m.fl.

Programmet vil ha stor spennvidde. Frå musikk av Ole Bull, Grieg til folkemusikk og dans i tradisjonell form. Steinar Ofsdal har laga eit arrangement av mellom anna slåtten "ein golo gut" som skal framførast.

Verbalt vil ein få smakebitar av mellom andre Jakob Sande og Per Sivle

Liv Bernhoft Osa og Steinar Ofsdal vil binda programmet verbalt saman.

I førekant av konserten vert det i foajeen demonstrasjon av baking og brygging og smaksvandring i tradisjonsmat og drikke der alle får ein smak av spekemat, flatbrød, eplesaft, sider og øl.

Det heile vert avslutta med ei samkome i Terminus Hall med dans til musikk av gamaldansgruppa «Marylands».

Bakgrunnen for konserten er Ole Bull Akademiet sine planar for ei omfattande utbygging av lokalitetane på Voss. Med stadig utvida drift av akademiet vert trongen for rom til kontor, øvingsrom, forelesing og overnatting meir plasskrevjande.

Alle aktørane stiller gratis opp, og heile inntekta går til utbygginga av akademiet.

Meir informasjon om konserten og Ole Bull Akademiet finn ein på www.olebull.no

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no