Fjøgl til fjells

Trioen Fjøgl med dei tre Nordfjordjentene Liv Merete Kroken ( hardingfele/song), Unni Løvlid (song) og Sigrid Moldestad (hardingfele/fele/song) er klare for nye sprell. 3 november har dei premiere på eit nytt folkemusikk-show på Logen Bar i Bergen. Tittelen denne gong er "Fjøgl til Fjells".

Fjøgl, 2002 (Foto: Thor Brødreskift)

Fjøgl-jentene har i sommar dreve intens research på Honndalssetra i Nordfjord og testa ut bunaden som egna fjellplagg såvel som lur og lokk i fjellheimen. Og dei har sjølvsagt venta på alle potensielle friarar på laurdagskvelden, heiter det i pressemeldinga frå gruppa sjølv.

Fjøgl er vorte kjent for sine uhøgtidlege konsertar der stillett og stev lett lar seg kombinere. Dette gjeld også i haustens nye show. Som instruktør og teksthjelpar har dei henta inn Tore Nysæther, kjent frå mange revyar og cabaretar i Norge.

Publikum får møte tre av landets fremste yngre utøvarar som kvar for seg har nådd A-klassen i norsk folkemusikk. Dei har sine utdanningar frå Norges Musikkhøskule eller Ole Bull Akademiet/Greigakademiet og driv aktivt som frilansmusikarar kvar for seg og saman.

Fjøgl fekk mykje god omtale med sin forrige cabaret, "To Feler og En Diva", som hadde premiere på Førde Internasjonale Folkemusikkfestival 2001. Denne vart sendt på turne gjennom Rikskonsertane og har vore frå Tromsø i nord til Sandnes i Sør. "Budeier på randen av noko nytt", skrev Sunnmørsposten, medan avisa Hordaland skreiv "Dei er gode historieforteljarar alle tre, og leverere glup sjølvironi på vegne av folkemusikktradisjonen".

Denne gong er produksjonen først og fremst deira eigen, og i tillegg til sang og musikk på høgt nivå lovar jentene både det tårevåte, morosame og absurde. Publikum vil også få ein guide til folkemusikk-norges indre liv der både trespikka teltstenger, rosemåla brennevinsflasker og matrettar med langt vansklegare titlar enn Kebab gjeld.

Og om du lurer på det: Fjøgl er et ord som du finn i Ivar Aasen si ordbok og betyr: Glitter, Stas og Fjas.


Her kan du høyre og sjå Fjøgl denne hausten:

  • 3 november: Logen Bar, Bergen
  • 4. november: Logen Bar, Bergen
  • 5. november: Logen Bar, Bergen
  • 8. november: Nordfjordeid (ikkje bekrefta)
  • 11. november: Logen Bar Bergen
  • 12. november: Logen Bar Bergen
  • 13. november: ikkje bestemt
  • 14. november: Teaterfarbikken, Ålesund.
  • 15. november: Rica Sunnfjord Hotel, Førde
  • 17. november: ikkje bestemt.
  • 28. november: St-Croix Huset, Fredrikstad

I tillegg skal Fjøgl innom Oslo med eit par forestillingar. Dato er ikkje bestemt, men det vil bli i slutten av november eller starten av desember. Du kan lese meir om Fjøgl på denne lenka frå Norsk Folkemusikkatalog.
Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no