Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

Profilen til Osafestivalenpå Voss er å vera eit møtepunkt mellom klassisk musikk og folkemusikk. Namngjevar til festivalen er Sigbjørn Bernhoft Osa, spelemannen og fiolinisten som grunnla Ole Bull Akademiet på Voss. Med utgangspunkt i arbeidet ved Ole Bull Akademiet og med Voss Spelemannslag som samarbeidspartnar er festivalen ein liten, men intim kraftsalve i haustmørkret. Festivalen går i år frå 10. til 12. oktober, og byr mellom anna på nytinga verk for solo-hardingfele, framførd av Nils Økland, Liv Merete Kroken og Lars Underdal.

Nils Økland

Osafestivalen ynskjer velkomen til den trettande festivalen. Som tidlegare er den eit samarbeid mellom Ole Bull Akademiet og Voss Spelemannslag. Festivalen inneheld kurs, seminar og konsertar med både klassisk musikk og folkemusikk. Profilen har ein valt fordi namngjevaren til festivalen, spelemannen og fiolinisten Sigbjørn Bernhoft Osa (1910 - 90) meinte at det var viktig for utøvarar med klassisk bakgrunn å møte folkemusikarar for å utveksle kunnskap og erfaring. Osa markerte seg sterkt i kulturlivet i si samtid, og var grunnleggjaren av Ole Bull Akademiet.


Festivalen i år startar med urframføring av fem nyskrevne verk for solo-hardingfele som er tinga i lag med Ultima i Oslo. Komponistane kjem frå fem ulike land, og dei skal framførast av Liv Merete Kroken, Lars Underdal og Nils Økland. I samarbeid med samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo er det tinga verk for solo-hardingfele der ein ynskjer å setja fokus på instrumentet for vår tids komponistar. Komponistane har fått vite om dei tradisjonelle uttrykksformene ein har på hardingfela. Intensjonen er at verka skal kunne utøvast av ein "spelemann" slik at det vil klinge på instrumentet.

Michael Finnissy har skrive store klaververk basert på Griegs slåttetranskripsjonar, men har også laga verk prega av asiatiske og austeuropeiske tradisjonar. Asbjørn Schaathuns komposisjonsstil er knytta til den sentraleuropeiske avantgardismen i etterkrigstida. Koreanske Kunsu Shim kombinerer austens filosofiske stillstand i sine komposisjonar, med verk prega av ein eksperimentell leik. Malin Bång er ferdig med fjerde og siste året som komposisjonsstudent ved Musikhögkolan i Stockholm, men har allereie ei brei verksemd som komponist av både soloverk, orkester- og elektroakustisk musikk, og har ei særskilt interesse for musikkdrama. Kevin Volans frå Sør-Afrika/Irland slo gjennom med verk der han henta komposisjonsteknikkar frå afrikansk musikk, og det han har skrive for den kjende Kronos-kvartetten har toppa platesalslistene for klassisk og world music i USA.

Nils Økland er ein kreativ og allsidig utøvar på fiolin og hardingfele og har brukt mykje tid på fleire stilar innan både folkemusikk og klassisk musikk. Han er frilans musikar involvert i mange ulike prosjekt og har gjeve ut 2 soloplater med mykje eigenprodusert musikk. Bakgrunnen hans gjer at han høver svært godt for dette prosjektet.

Liv Merete Kroken og Lars Underdal var begge studentar ved fyrste kullet på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Med bakgrunn i heimbygda Hornindal i Nordfjord er Liv Merete utøvar av musikk frå Nordfjord til Hardanger. Utover å vera soloutøvar har ho i lag med Sigrid Moldestad duoen Spindel, og dei to med Unni Løvlid trioen Fjøgl. Repetoaret i desse to gruppene byggjer på både tradisjonell musikk og ein del eigenprodusert materiale. Lars voks opp i Vinje i Telemark og har difor felespel frå Telemark som sitt basisrepertoar. Han er med i gruppa Blåmann Blåmann som dei siste åra har vore aktive både på festivalar, turnear og enkeltkonsertar. Sist år var han solist med Sinfonietta Dresden i "Violintripelkonzert" av Karsten Gundermann, under Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Han har og vore med på fleire cd-plater og gav i 1998 ut plata "Gullfakse".

Som avslutning på festivalen er det eit tingingsverk av Per Indrehus med utgangspunkt i tekstar av tre lyrikarar frå Voss. Heilt frå starten av Ole Bull Akademiet var Indrehus med og presenterte bruk av folkemusikk for studentane som kom hit. Han har i sitt virke som komponist henta element frå folkemusikk, jazz og klassisk musikk og ved det funne sin stil. I mykje av det Per har komponert har han tonesett lyrikk. Per ynskjer med dette verket å dra fram i lyset nokre av bygda sine dyktige lyrikarar ved å bruke dikt av Signe Seim, Ingjald Bolstad og Magne Myhra. Gjennom ein mannsalder har han vore ein markant komponist på Vestlandet og i landet elles.

Marianne Juvik Sæbø, Berit Opheim og Andreas Friis Jørgensen skal stå for den vokale delen av framføringa med både song og resitering. Alle desse har tidlegare vore med i mange av Per sine prosjekt. Dei tre er allsidige utøvarar som står for ulike musikalske retningar som klassisk, gospel og samtidsmusikk, via visesong til folkemusikk, og som finn eit møtepunkt i Per sin musikk. Vidare skal den bergensbaserte strykekvartetten "Sedici Corde" som består av Tor Jaran Apold og Bjarte W. Eike, fiolin, Bergmund Waal Skaslien, bratsj og Johann Sebastian Blum, cello delta. Dei har etablert seg blant dei fremste session-strykarane i landet, og medverkar bl.a. på Jan Eggum-plata "Ekte Eggum", to av platene til Kaizer's Orchestra og Odd Børretzens siste utgjeving "Kelner", og på mange ulike konsertprosjekt.

Den faste klubbkvelden fredag er i år samansett av to grupper. Majorstuen er fem studentar frå Musikkhøgskolen i Oslo som framfører norsk felemusikk med høg bakoversveisfaktor. Frå Tyskland kjem Oechsner-Weiss-Ensemble, ein sigøynerkvartett med fiolinisten Mic Oechsner i spissen. Musikken dei presenterer er alt frå sigøynermusikk til felejazz i Django Reinhardt stil.

Osafestivalen presenterer og eit nytt konsertprosjekt med utgangspunkt i "dei reisande" sin musikk. Songaren Laila Yrvum har fått med seg Leiv Solberg på mandola og gitar og Einar Olav og Gjermund Larsen på fele. Dei sistnemnde er utøvarar av musikken etter Hilmar Aleksandersen som óg var av dei reisande.

Mat, vin og musikkoppleving med Harald Osa, Aage Kvalbein og Håvard Gimse på Park Hotel Vossevangen som er kjent for sin gode vinkjellar.

Utover det kjem Camerata Romeu som er eit kvinneleg kammerorkester frå Cuba. Jorun Marie Kvernberg skal ha intimkonsert, stundentane på Spelemanns- og kvedarskulen har eigen konsert og det vert konsert med Utla. Laurdagskvelden er det dansekveld med ulik dansemusikk.

Seminar om gamle norske notebøker og dansekurs er og ein del av festivalen, som du kan lese meir om på denne sida.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no