Oslo lag for folkemusikk er 100 år - om media, bevisstgjering og interesse

- Den tid er forbi då folk trudde at den beste og einaste folkemusikaren i Norge var han som budde lengst inn i ein Vestlandsfjord, i den minste bygda utan veg, i den minste hytta med geiter på taket, iført den eldste bunaden og med den lengste slektstavla innanfor bygda, skriv folkemusikar Unni Løvlid i dette opne brevet kring Oslo lag for folkemusikk sin 100 årsmarkering . - Folkemusikken er ei av musikkformene som krev at du som mottakar tar fyrste skritt, eit umenneskeleg krav i vår flimmerkvardag der dei fleste av oss er drukna i informasjon frå medier som mykje er basert på sensasjon og skandalar, hevder ho.

Unni Løvlid - Ultima 2003 (Foto: Ann Iren Ødeby)

Av Unni Løvlid, folkemusikar og leiar i Laget for Folkemusikk

Oslo sitt lokallag for folkemusikk er 100 år. Laget for Folkemusikk er det eldste lokallaget i Landslaget for Spelmenn, og det eldste lokallaget for folkemusikk i Norge. Har du medlemskort i LfF, LfS, NFD, eller ein av dei andre organisasjonane for folkemusikk, er du truleg informert om dette jubileet. Du veit at det helga 24. til 25. oktober skal markerast på Trikkestallen og i Nordahl Bruuns gate med jubileumskonsert, jubileumsfest, CD-lansering, Oslokappleik og kappleiksfest. Er du ikkje medlem, er det ikkje rart at du er uinformert. Det er vanskeleg å finne fram i mangel på informasjonskanalar om folkemusikk i Oslo, og Norge generelt. At folkemusikken er skjult i dagens mediebilete er kanskje naturleg sidan media mykje er basert på sensasjon og skandalar. Det er ikkje så interessant for den nasjonale presse å dekke julefesten i LfF med vossakorv og kålstappe. Eg hadde reagert meir om Dagbladet hadde slått opp på midtsida at vossakorven i år var kjøpt på Prix.

Er du såkalla utanforståande, men heldig, kan du få glimt av denne kulturen ein sein kveld på Valkyrien eller Oskar Braaten vertshus, på trikken, på folkemusikkpøbb i Prøverøret, og gjennom kvardagslege samtaler der folk fyller ut med musikalske kommentarar. Du kan møte denne musikk-kulturen der du gjev rom for den, men du må sjølv finne den, for det er sjeldan media vil hjelpe deg, og eg veit heller ikkje korleis eg skal nå deg. Dette er ei av musikkformene som krev at du som mottakar tar fyrste skritt, eit umenneskeleg krav i vår flimmerkvardag der dei fleste av oss er drukna i informasjon.

Laget For Folkemusikk gjev eit miljø på tvers av alder og bakgrunn, og det samlande er musikken. Behovet for å utøve, danse, lytte til og snakke om folkemusikk, har danna organisasjonar som t.d. Laget for Folkemusikk. Hovudarbeidet til Laget er i dag å lage festar. Dette er samlingsstunder med dans, buskspel, møte mellom folkemusikarar, kunstnarar og alle slags folk. Det er fyrst og fremst ein musikalsk og sosial møtestad, og det er omlag som når det er fest på ungdomshuset heime i Hornindal.

LfF har vore og er ein viktig organisasjon for dei som flyttar til Oslo for kortare eller lengre tid, men LfF ynskjer og å gje rom for den folkemusikken som allereie eksisterer og vert utvikla i bykulturen. Det er klart at områder som Torshov har ein mangfaldig folkemusikk. At denne musikken er vanskeleg å møte for meg som innflyttar, fortel like mykje om meg som mottakar. Eg veit ikkje kvar eg skal leite, og mitt bilete av kva som er Torshov sin folkemusikk samsvarar truleg ikkje med røynda. Skal eg få møte denne kulturen, må eg bli kjent med dei ulike miljøa, lære dei lokale vandrehistoriene, og utvikle ei kommunikasjonsform der den musikken vert nytta. Kanskje eg må lære å hogge stein før kjelda kjem på at han kan ein arbeidssong, og eg får lære den. Vi skal passe oss for å påstå at det som er usynleg, ikkje eksisterar. Det kan handle om bevisstgjering og interesse.

Eg opplever som innflyttar at Oslo har mange av dei same kvalitetane som mi eiga heimbygd, Hornindal. Dei ulike bydelane har ein sterk lokal identitet. På Torshov slår du av ein prat når du opnar døra for nokon på posten, du handlar varene dine i nærområdet, og du veit kva dama i lampebutikken heiter. Der er eit medvit kring å ivareta lokalkultur samtidig som bydelen erstattar småbutikkane med Rema 1000. Ein tar med seg det gamle og smeltar det inn i det nye. Dette er og eit av grunnprinsippa til folkemusikken. Den tar med seg litt av det gamle og litt av det samtidige, og formar seg vidare etter personen som eig musikken i augneblikket, før musikken vandrar til neste ledd.

Framleis er dette ei musikkform som er oftare utøvt innanfor heimen sine veggar, om det er i Tuddal eller på Stovner, enn i det offentlege rom. Eg håpar som folkesongar og leiar i LfF, at vi etterkvart får ein kulturjournalistikk som har ein høgare kunnskap, og som gjev rom for denne typar kultur i mediekvardagen. For etterspørselen etter folkemusikk er aukande, og dette skapar nye behov. Utdanninga på høgare nivå innan folkemusikk vert utbygt, arbeidsplassar vert skapt, faste konsertarenaer utvikla, og medvitet om og interessa for at vi har ein eigen folkemusikk veks i og utanfor Norge. Vi er fleire og fleire som satsar på ei utøvande profesjonell karriere, og fleire av oss har i tillegg til å gå i lære hjå ulike meistarar, utdanning frå Noregs Musikkhøgskole eller Ole Bull Akademiet. LfF er Oslo sitt lokallag for folkemusikk og ikkje eit nasjonalt lag. Eit av våre største ynskjer i samband med hundreårsjubileet, er at Kulturskulen i Oslo skal fylgje opp folkemusikken si endring i traderingsmønster. Tida er no komen for at vidareleveringa av folkemusikken og skal kunne skje innanfor kulturskulane, ikkje berre i Oslo men over heile landet. Nettokostnaden for å opprette ei eiga stilling i folkemusikk innan Oslo kommune, er i fylgje kulturskulerektor i Oslo, Olav Kjøk, kr 279 828. For å kunne realisere dette, treng kulturskulen ei ekstraløyving frå kommune eller stat.

I tillegg til dette tilbodet vil dugnadsbaserte lag som LfF vere eit ekstratilbod som byd miljø på folkemusikken sine premiss, etter behov. Eg håpar Laget for Folkemusikk i dei neste hundreåra, får vere eit lag som ynskjer velkomen tilflyttarar og fastbuande i Oslo, og at vi kan verte eit lag som er med på og bevisstgjere den kulturen som er lokal, grunna kombinasjonen gamalt og nytt, fastbuande og tilflytt. Velkomen!

Unni Løvlid har gått i lære hjå fleire kjelder i Hornindal. Ho har utøvande hovudfag i folkesong frå Noregs Musikkhøgskole, Cand.musicae, og underviser ved NMH og Ole Bull Akademiet. Ho er frilands folkesongar på heiltid, og er ikkje redd for å gjere det ho trur på. Ho har dei siste åra gjort fleire prosjekt med improvisert og ny musikk, med utgangspunkt i folkesongen, og ho er fast i folkemusikktrioane RUSK og FJØGL. Ho er med på fleire fonogramutgjevingar, og gav ut boka "So ro liten tull" tidlegare i år.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no