Ny musikkfestival i Bergen: BrassWind 2004

1. og 2. oktober er det for første gang klart for BrassWind festival i BIT Teatergarasjen. Her vil nokre av dei aller beste brass- og windbanda i Norge urframføre heile seks nye musikkverk samt anna samtidsmusikk. I tillegg til fem av dei beste blåseensembla i Noreg vil bl.a. trompetrekka frå Bergen Filharmoniske og komponistane sjølve vil vere tilstades og delta, melder Norges Musikkorps Forbund og Manger Musikklag. Det er Manger Musikklag som saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen har teke initiativ til festivalen.

Torstein Aagard-Nilsen (Foto: Mic.no)

BrassWind er ei nyskaping i musikk-Norge. Fokus er ny musikk for blåseensemble. Den beste konsertmusikken for blåsarar vert presentert her og mange verk får si verdspremiere. Norske verk får god plass. Det er Manger Musikklag som saman med komponist Torstein Aagaard-Nilsen har teke initiativ til festivalen.

- BrassWind skal vere ein arena der ein får teste ut ny musikk og større verk for brass- og windband. Ein ny arena for å eksperimentere med nye lydar, seier samtidskomponist og ein av initiativtakarane, Torstein Aagaard-Nilsen. - Det vil komme musikalske godbiter på rekke og rad for publikum.

De Tre Trompeter deltar

Bergen Filharmoniske Orkesters "Tre trompetere" har fått mange roller på festivalen. Martin Winter dirigerer Dragefjellets Musikkorps og har skreve eit verk der Gary Peterson er trompet-solist. Allan Withington dirigerer Manger ML som urframfører Gary Petersons nye verk.Også Jon Behncke er med i ensemblet. Alle fire sit til vanleg i trompetrekka til Bergen Filharmoniske Orkester, dei fire arbeidskollegene vil altså framføre, dirigere og komponere for kvarandre.

Nye komponistar
I løpet av festivalhelga vil det bli urframført fire nye verk. Fredag 1. oktober vil ein få to urframføringer. Eilert Tøsse frå Samnanger sitt første verk "Rastløse Tider" for brass band, som er ei tinging frå Manger Musikklag, og Gary Peterson sitt verk "Psalms for Good Friday".

Lørdag 2. oktober vil Ørjan Matre, ung komponist frå Bergen, få urframført eit verk av Eikanger-Bjørsvik Musikklag og Martin Winters "Merit" blir framført av Dragefjellets Musikkorps.

I tillegg blir det framført bl.a nye verk av Knut Vaage, Harrison Birtwistle, Wolfgang Plagge og Ketil Hvoslef. Til saman representerer desse eit bredt spekter av erfaring og nytt materiale av samtidsmusikk.

Oslofjord Brass og Nanset Ungdomskorps (Wind), to av Noregs fremste brass og windbands har teke turen over til Bergen for å vere med på den nye festivalen. I tillegg deltar Manger Musikklag, Eikanger Bjørsvik Musikklag, Dragefjellets Musikkorps, De tre Trompeter frå Bergen Filharmoniske Orkester og Bergen Tubakvartett.

Festivalprogrammet

Opninga skjer fredag 1. oktober kl 19.00 i Teatergarasjen med konsertar av De Tre Trompeter og Manger Musikklag. Urframføringar av verk av Eilert Tøsse og Gary Peterson.

Laurdag 2. oktober vil fleire av skulekorpsa i Bergen halde konsert på Torgallmenningen. Akkurat kva som skal skje er hemmeleg, men framføringa har fått namnet Blåsebølgen, og vil vere improvisasjon av skulekorpsmusikantane. Desse framføringane vil skje mellom kl 12.00 og 13.00.

Frå kl 14.00 og utover kvelden vil det vere konsertar i Teatergarasjen med Oslofjord Brass (kl. 14.00), Dragefjellets Musikkorps (kl.15.30), Nanset Ungdomsmusikkorps (kl. 18.00) og Eikanger-Bjørsvik Musikklag (kl.20.00).

Etter konserten, ca. klokka 22, blir det festleg aften der alle er velkomne med Bergen Tubakvartett. Denne meir uoffisielle delen av festivalen varar fram til klokka to om natta.

Både fredag og laurdag vil Teatergarasjen ha open bar med høve til å kjøpe forfriskningar.

BrassWind er støtta av Norges Musikkorps Forbund, Norsk Kulturråd, Norsk Musikkfond og Ny Musikk Bergen.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no