Nils Økland med lanseringskonsert måndag

Måndag 8. november kl. 19 blir det lanseringskonsert på Deichmanske Hovedbibliotek for den kritikarroste spelemannen Nils Økland. "Bris" er Økland sitt tredje album, og det første der han sjølv har skrive praktisk talt all musikken. - Nils Økland er ein innovativ musikar som på eit kreativ sett utvidar grensene for norsk tradisjonsmusikk, skriv Folkemusikkatalogen, som har kåra Haugesundaren til Månadens Artist.

Nils Økland, 2003

- Nils Økland er ein innovativ musikar som på eit kreativ sett utvidar grensene for norsk tradisjonsmusikk. Han er ein fornyar av folkemusikken, ein brubyggjar til genrar som klassisk, samtidsmusikk og improvisasjonsmusikk. Spelet hans kombinerer fridom med respekt for den musikalske nasjonalarven. Han er opptatt av å verne om den munnlege tradisjonen samstundes som han ser moglegheitene i musikken når den blir påverka av moderne impulsar, skriv nettstedet til Norsk Folkemusikkatalog, som vert driven av Norsk Folkemusikkformidling, på initiativ frå Norsk Folkemusikk- og Danselag og i samarbeid med Landslaget for Spelemenn.

"Bris" er Økland sitt tredje album, hans andre for Rune Grammofon, og det første der han sjølv har skrive praktisk talt all musikken. Dette understrekar interessa hans for å bevege seg i nye retningar og for å utforske nye moglegheiter både i instrumentet og i sjølve spelet. Musikarane han har med seg på denne plata er i seg sjølv eit tydeleg bevis på genreblandinga, med Sigbjørn Apeland (harmonium) - som også var med på dei førre albuma "Blå Harding" og "Straum" (RCD 2015).

Per Oddvar Johansen (perkusjon) og Mats Eilertsen (kontrabass) er unge veteranar frå den blomstrande norske jazz-scena, mens Håkon Stene (perkusjon), kommer frå den klassiske verda. Deler av albumet er basert på musikk Økland skrev for "Melankolika", et skodespel basert på Jon Fosse sin roman om biletkunstnaren Lars Hertervig (1830-1902).

Media har vore særs begeistra for dei tidlegare utgjevingane til Økland, og Folkemusikkatralogen bringer vidarer følgande skamros: "If this is holy music, it is for a space church, at once ethereal and heartily substantial." (The Wire, UK) "Ektefølt og heftig, det mest spennende energisenteret i norsk folkemusikk". (Dagbladet) "Ekstraordinært, genuint og spennende"(Aftenposten) "Vakkert og magisk, Øklands musikk har virkelig substans." (Dagsavisen) "Historisk. Det er musikarar som Økland som vil bli hugsa som pionerar." (Spelemannsbladet) "Høydepunktene er så mange at å peke ut favoritter er vanskelig. Anbefales på det varmeste." (Morgenbladet) "A series of exquisite moments". (FolkRoots, UK).

Nils Økland er ikkje berre ein av dei mest kjende og respekterte hardingfelespillere her heime, men og ein fornyar av folkemusikken og ein brobyggar til både samtidsmusikk, klassisk og improvisert musikk. Spennvidda er stor, frå vakre melodiske balladar til svevande lydmaleri og intense solostykker.

Nils Økland var musikalsk leiar ved Ole Bull Akademiet i 6 år, har vore solist med ulike orkester og ensemble ute i Europa, og har gjort fleire turnear for Rikskonsertene. Han har urframført fleire verk for solo hardingfele og med orkester, i tillegg til at han også komponerer mykje av sitt konsertrepertoar.

For tida er han medlem av Christian Wallumrød Ensemble med Per Oddvar Johansen. Han har medverka ved dei fleste norske festivalane, og er ein hyppig gjest under Festspela i Bergen. Økland har gitt konserter i dei fleste europeiske land.

Konserten på Deichmanske hovedbibiotek finn stad måndag 8. november, klokka nitten. Med seg har han Sigbjørn Apeland (harmonium) og Håkon Stene (perkusjon).

Fleire Månadens Artistar - med lydeksempler og meir bakgrunnstoff - finn du på denne sida hos Norsk Folkemusikkatalog. Månadens artist i oktober var Karl Seglem, og i september trioen Trispann.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no