Storsatsing på norsk kultur i utlandet - men Pål sine høner blir heime

- I Dagsavisen 29. november kan ein lese om "Storsatsing på norsk kultur i utlandet", der det går fram at "Det skal satses stort og bredt på å presentere norsk kultur i utlandet til hundreårsmarkeringen 2005. 30 millioner er bevilget til 'Utenlandsprogrammet' i regi av Utenriksdepartementet." Denne breidda omfattar Leif Ove Andsnes, norske jazzmusikarar og Den norske opera - men ingen norsk folkemusikk, skriv Norsk Folkemusikkformidlings Ola K. Berge i dette svarinnlegget Dagsavisen ikkje ville trykke. - Den same Ollestad fortel vidare at "Millionbevilgningen, med forbehold om støtte frå Stortinget, er naturligvis ikke voldsomt stor". Det er så ein får lyst til å rive seg i håret, skriv Berge.

Hardingfele-stående

Av Ola K. Berge, Norsk folkemusikkformidling

Artikkelen, som kan lesast på adressa http://www.dagsavisen.no/kultur/article1349526.ece, kan vidare fortelje om heile 498 konsertar, utstillingar, utvekslingsprogram og seminar, som i følgje ekspedisjonssjef i UD Anne Ollestad vil bli ei "profilering av Norge på bred basis".

Det er så ein får lyst til å rive seg i håret. Kor meiningslaust stort må gapet mellom løyvingar til det ein ekspedisjonssjef i UD til ei kvar tid meiner er presentabel norsk kultur og andre kulturelle ytringar bli før nokon reagerar? Er det berre vi i Norsk folkemusikkformidling som er fortvila over budsjettsituasjonen og manglande løyvingar til utanlandssatsing om dagen? Vi har grunn til det, for i den store og breie satsinga i "Utenlandsprogrammet" til UD er ikkje norsk folkemusikk nemnt med eit ord.

For Norsk Folkemusikkformidling, som sidan 2000 har arbeidd målretta med eksport og profilering av norske folkemusikkartistar i utlandet, er kvardagen at vi for 2005 har 65 000 kroner til utanlandssatsing. Dette er i ei tid då vi stadig får høyre kor i vinden norsk folkemusikk er, kor moderne, fleksible og lite sutrete vi har blitt, og kor unik denne kulturforma er i verdssamanheng. Sanninga er vel heller, tenkjer vi, at UD og resten av det offisielle Noreg skammar seg litt over den norske folkemusikken. Den er jo så håplaust umoderne og vanskeleg å forstå. I motsetnad til den Cubanske, Irske eller Spanske til dømes.

Den verkelege skilnaden er nok heller at i dei nemnte landa blir folkemusikken, i kraft av å vere ei levande samtidig musikkform, rekna som del av det ekspedisjonssjef Ollestad kallar ein "... moderne kultur- og kunnskapsnasjon". Dette perspektivet synast å mangle her i landet. Det interessante spørsmålet er ikkje kva UD trur utlendingar meiner om norsk folkemusikk, men kva dei same utlendingane faktisk meiner om den. Og om dei vil betale for den på lik linje med kva dei gjer når dei kjøper norsk jazz, eller for den saks skuld spansk flamenco.

Var dette utgangspunktet for ein debatt om investeringar knytt til ei eksportsatsing på norsk musikk, så ville det vel vere logisk å undersøke marknaden gjennom ei satsing på ein reell brei basis, altså ein der alle er med. Men nei, det er ikkje utgangspunktet.

Så lenge norske politikarar og byråkrater sin kollektive skamkjensle knytt til ein heil sjanger styrer utvalet av kva vi som nasjon ynskjer å vise fram, kjem det heller aldri til å bli det. Synd, for vi som jobbar med dette til dagleg, og som i tillegg er glad i både musikken og dansen, opplever stadig ei aukande interesse for norsk folkemusikk frå utlandet. Med ei satsing på slik utanlandsprofilering utover vekslepengar, kunne jo dette kanskje blitt til noko.

Så lukke til Leif Ove Andsnes, Oslo Strykekvartett, Oslo Filharmoniske Orkester, Anne Sophie Mutter (?!!), "den unge generasjonen med jazzmusikere" og Den norske opera med dei 30 millionane. Reis ut å prov for heile verden at Noreg er eit moderne land, med naturresursar, fred, klassisk musikk og jazz. Skulle ein forvirra tyskar eller japanar på vegen stille ubehagelege spørsmål om det finst særeigne norske folkemelodiar eller liknande, så kan de godt ringe Norsk folkemusikkformidling på mobil, så kan vi kviskre "Pål sine høner" i røret.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no