Russisk ros til Bit20

Bit20 Ensemble har vært i St. Petersburg og spilt på New Nordic Music festivalen, der over 30 timer med skandinavisk samtidsmusikk ble presentert. Den russiske avisen Kommersant har gjort en omtale av konserten, og Ballade bringer her videre denne teksten, oversatt av Kåre Johan Mjør. "Dette er eit fellesskap av solistar, og kvar av desse gjev lyd til partiet sitt med nesten religiøs servilitet." står det blant annet å lese i den varme og inngående kommentaren.

Bit 20 Ensemble

Konserten med det norske samtidsmusikk-ensemblet BIT 20 i Sjeremetev-palasset sette sluttstrek for festivalen New Nordic Music, arrangert av Pro Arte-instituttet i St. Petersburg. Vladimir Rannev undra seg over den musikalske mognaden til dei skandinaviske landa, som inntil nyleg har blitt rekna som ein europeisk provins på dette området. '

Festivalen bestod av 10 konsertar, 5 førelesingar, 2 masterklassar, ein rundebordskonferanse og eitt scenisk multimediaprosjekt. Petersburg fekk høyre 30 timar med skandinavisk samtidsmusikk, som har mogna i overraskande grad dei siste tiåra og som har gjort seg fortent til nemninga ”det nordlege gjennombrotet” hjå kritikarar og musikkvitarar (analogt med det historiske ”Sturm und Drang” i Tyskland).

Den yttarst høge kvaliteten på handverket til musikarane og den stilistiske rikdomen i den nye skandinaviske musikken kallar fram ei sunn misunning hjå russiske kollegaer. I tillegg kjem at til skilnad frå hjå oss, som har varma oss på bragdene til den store musikktradisjonen dei siste 150 åra, så er den skandinaviske musikken utstyrt med ein langt meir smålåten symbolsk kapital (Grieg, Sibelius, Nielsen – ja visst, men dette er ikkje tilstrekkeleg til å utgjera ein ”mektig handfull”). Ikkje desto mindre har ein ny musikalsk renessanse i Nord-Europa blitt framprovosert av det allstadnærverande kravet i desse landa om ein ny musikk (så vel som om samtidskunst generelt), samt av at han er nødvendig jamvel for dei som ikkje fullt ut forstår han, men som på modig vis grublar over kva desse lydane i det heile handlar om.

Det norske ensemblet BIT 20 (eller rettare sagt ”kammerorkesteret”, men musikarane sjølve unngår denne meir eksakte nemninga) har stått sentralt i ”det nordlege gjennombrotet”: Dei tinga verk frå komponistar og leitte fram ressursar for å oppføra dei. No, etter 16 års musisering, står kollektivet respektabelt og akademisk fram. Men dette er ikkje tilvande orkestermusikarar; slavar av musikalsk rutine. Dette er eit fellesskap av solistar, og kvar av desse gjev lyd til partiet sitt med nesten religiøs servilitet.

I Sjeremetev-palasset framførte BIT 20 fire verk – av verdsklassikaren György Ligeti (Kammerkonsert), av den danske koryfeen Hans Abrahamsen (Klaverkonsert) og av to norske meistrar – Rolf Wallin (”Boyl”) og Asbjørn Schaatun (”S”). Bortsett frå Ligetis konsert, eit genuint meisterverk som enda programmet, var dei andre verka nye for ein russisk tilhøyrar. ”Ny” treng dessutan ikkje berre bety ”førstegongsframføring”, men kan også visa til det sunne estetiske sjølvstendet, som er uvanleg i det russiske musikalske landskapet.

Her finst både lettfattelege idear, som den klanglege narrativiteten eller det ”biologiske drivet”, så vel som ein komplisert vev av teknologiske mikrobrikker, som komponistane vev sine lydlege lerret langs (den fraktale komposisjonsmetoden til Rolf Wallin). Men over alt dette kling, forutan den tvillause høge kompetansen til forfattarane, ein maksimalt gjennomtenkt, omhyggeleg finpussa indre fridom – den kvaliteten som ikkje blir undervist i ved konservatoria, men som blir kultivert av ein kollektiv vilje, av eit samfunnsmessig medvit, av kvardagslivets erfaringar.

Kanskje er det difor den skandinaviske musikken, så ung han enn er, er så teknisk og ideologisk sett moden. Nett i desse landa, i denne stunda, har samtidskomponistane, vande som dei er med eit sjølvtilfreds sekterisk einebuarliv, brått kjent si sosiale betydning og sitt sosiale ansvar.

Omsett av Kåre Johan Mjør

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no