Til Beijing med Peer Gynt

Folkemusikar Gro Marie Svidal frå Jølster, reiser fredag 8. september til Kina for å ta del i den store Ibsenfestivalen som vert arrangert i Beijing. Festivalen er ei markering av 100-års jubileet for Henrik Ibsen.

Gro Marie Svidal

Svidal skal vere musikar på ei oppsetjing av Peer Gynt. Ho reiser saman med skodespelar Agnete G. Haaland og regissør Mette Branzeg. Saman skal dei representere Europa på festivalen.

- Vi skal ha tre førestillingar som i denne versjonen er ein monolog for ungdom. Teksten skal framførast på norsk, men vil bli oversatt til engelsk og kinesisk, fortel Svidal.

Agnete G. Haaland har alle rollene i stykket, medan Gro Marie Svidal er einaste musikar. Stykket vart første gong synt på Kinn i 2005 og har sidan vore spelt for ungdom over heile landet.

- Sidan dette er ein monolog har ein måtta kutte noko i den originale teksten. Synnøve S. Bjørset har skrive ny musikk. Det er kun Solveigs song som er med frå Grieg sine komposisjonar, seier Svidal.

Gro Marie Svidal er også aktuell i hovudrolla som Den vesle prinsen i folkedansteateret med same namn. Førestillinga, som er bygd på Antoine de Saint-Exupéry si verdskjende historie, hausta stor ros under årets internasjonale folkemusikkfestival Førde.

- Vi startar turné i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane måndag 4. september. Sidan går det slag i slag før avreise til Beijing. Eg gler meg, avsluttar Svidal.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no