Tid for Seljordkappleiken

No er det tid for den årlege kappleiken på Granvin Kulturhus i Seljord att. - I år har me tenkt nytt og ungt. Og på kappleiken laurdag lanserar me eit nytt konsept, nemleg publikumsdømming av omspele, seier Sara Fjågesund.

Per Anders Buen Garnås 2003

Seljordkappleiken er i år lagt til helga 22. og 23. september.

Det blir konsert på fredagskvelden med to av dei beste, unge utøvarane i landet på hardingfele: Per Anders Buen Garnås frå Bø og Daniel Sandèn Warg frå Valle i Setesdal.

Begge har kvalifisert seg til A-klassa i hardingfele og arbeider med forskjellige typar prosjekt innan folkemusikk. Dei to har samarbeidd før, og på konserten vil ein få høyre både samspel- og soloinnslag. I tillegg til dette vil ein få sjå dansegruppa Sviv, som er sett saman av fire unge dansarar frå Seljord.

- I Seljord har me stor rekruttering innan folkemusikk. Me er svært opptekne av å halde på dei unge, og ser at ein heile tida må fornye seg for å skape eit levande miljø, fortel Sara Fjågesund.

- Det må vera spanande å høyre på folkemusikk og å vera på kappleik. På Seljordkappleiken i år vil me difor arrangere publikumsdømming av omspelet. Dette er ein måte å gje det kyndige publikumet som sit i salen ein sjanse til å uttale seg.

- På ein annan måte kan det appellere til dei unge fordi kappleiken vil få litt ”reality”-preg. Me ser det som viktig at folkemusikk også følgjer med i tida, og utviklar seg deretter, seier ho.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no