Frå Vivaldi til Webern

FESTIVALRAPPORT: - Å einast besøka tre konsertar under Oslo Kammermusikkfestival gjev neppe noko godt grunnlag for å oppsummera årets mange arrangement. Likevel gjev desse tre små glimt frå festivalen eit inntrykk av kva mangfold som vert presentert gjennom veka, skriv Ballades meldar i denne rapporten frå Oslo Kammermusikkfestival. Førre helg vitja Ballade konsertar med Oslo Sinfonietta, Rolf Lislevand med ensemble og tenoren Werner Güra.

Rolf Lislevand 07

Av Ida Habbestad

Oslo Kammermusikkfestival 2007 er snart historie etter ei og ei halv veke med konsertar og arrangement på ei rekkje ulike arenaer i hovudstaden.

For Ballade sin del var det ikkje rom for å ta turen innom meir enn tre av festivalkonsertane – men desse tre tyktest til gjengjeld å gje eit godt inntrykk av kva ytterpunkt og mangfald festivalen kunne presentera dette året.

Med Webern som utgangspunkt

Oslo Sinfonietta er ein årleg bidragsytar under festivalen, og fredag heldt dei konsert i Gamle Logen. Konseptet er det same frå år til år; ensemblet har valt ut verk av eit knippe unge nordiske komponistar som dei presenterer i lag med verk av ein klassikar innan samtidsmusikken.

Denne gongen var det komposisjonar av Anton Webern (”Sechs Stücke op 6”, ”Fünf Stücke op 10”, og ”Variationen für Orchester op 30”) som utgjorde det ”klassiske” grunnlaget – fint samanknytta av små utdrag frå stumfilmen ”The Man with the Movie Camera” av Dziga Vertov frå 1929. Desse snuttane hadde ein nærast sorbet-aktig funksjon og skapte eit verknadsfullt rom mellom dei miniatyrliknande komposisjonane av Webern.

Før dette hadde me fått høyra komposisjonar av Christian Winther Christensen frå Danmark, samt norske Bente Leiknes Thorsen og Herman Vogt.

Vogt sitt verk var basert på ein annan klassikar; ein Lied frå ”Die Schöne Müllerin” av Schubert. Denne hadde han bearbeida ganske snedig etter mi meining, utan påfallande Schubert-sitat, men likevel nokså tydeleg knytt opp mot den originale lieden.

Thorsen sitt verk utforska klisjear i samtidsmusikk, og problematikken kring startpunkt for eit verk; ”et resultat av funderinger om hvordan musikk begynner og forløper” som det sto i festivalprogrammet. Ei betraktning kring dette var korleis verket truleg var tjent med at konserten var flytta frå Parkteateret til Gamle Logen, der konsertscena skapar ei endå meir tradisjonell ramme for konsertopplevinga enn kva ei tilsvarande framføring på Parkteatret ville gjort (jamvel om Parkteatret kanskje etterkvart har vorte ein meir klisjeaktig plass for samtidsmusikk).

Innleiingsvis var det òg interessant korleis Eggens skildring av Weberns musikk – som eit tomt landskap av stille, der det enkelte objektet får stor betydning – òg kunne høva som ei skildring av Christensen sitt verk, framført like etterpå. Med denne introduksjonen vart samanstillinga av Webern og dei andre komponistane nokså meiningsfullt ivareteke, likeeins gjennom Eggens korte intervju med Christensen om hans tilhøve til Webern og til sin eigen musikk. Med enkle verkemiddel som klangflatar, langsame rørsler, luftige innslag frå blåsarane og banketeknikkar hjå strykarane, kunne ein kanskje òg spora ei inspirasjon frå Christensens tidlegare lærar, Bent Sørensen.

Oslo Sinfonietta markerte seg som eit stødig ensemble, kanskje ikkje alltid like godt intonert i Webern, men stadig godt leia av sin dirigent Christian Eggen, som denne dagen vart utnemnt som kommandør av St Olavs Orden (meir om utnemninga her).

Vivaldi og Weiss for lutt og viola d’|Amore

Same kveld heldt Rolf Lislevand med ensemble kveldskonsert i Uranienborg kirke. Kyrkja var fullsett av publikum som kom for å høyra musikk av Vivaldi – nokså langt unna det uttrykket me hadde høyrt tidlegare den kvelden.

Ei rekkje konsertar for lutt og ensemble sto på programmet, avveksla av ein solokonsert for viola d’Amore, framført av Daniella Brown, samt stykke for solo lutt av Weiss.

Konserten byrja godt, med stilreine og overtydande tolkingar. Ein drøy time med musikk av Vivaldi tyktest likevel einsformig i lengda, og denne konserten står dermed ikkje att som det største høgdepunktet for underteikna. Kanskje kunne eit meir variert innhald (eller berre ein kortare versjon av konserten) gjort opplevinga meir spanande; ikkje minst av di det etterkvart byrja bli intonasjonsproblem i ensemblet. Konserten for viola d’Amore vart dermed ikkje den kjærkomne avvekslinga frå lutt-repertoaret den kunne ha vore.

Schumann-dag

At festivalen har fått med seg ein utøvar som Rolf Lislevand er imidlertid prisverdig – òg at han tykkjest ha fått eit nokså fritt spelerom, med konsertar kvar einaste dag i festivalens første veke. Likeeins tykkjest måten kammermusikkfestivalen plasserer dei meir tradisjonelle innslaga på å vera god. Mellom anna gjennom å leggja konsertane til nokså sjeldant nytta lokale i byen, som til dømes Slottskirken, Slottskapellet og Villa Grande på Bygdøy.

Dei siste åra har festivalen dessutan via ein heil dag til ein bestemt komponist. Søndag var det Schumanns dag, og frå tidleg formiddag hadde Slottskirken ved Akershus festning romma ei rekkje ulike besetningar som presenterte Schumann sin kammermusikk.

Lokalet tyktest vera heilt perfekt for kveldens siste konsert, der tenor Werner Güra og pianist Camillo Radicke framførte Schumanns ”Liederkereis op 39” og ”Dichterliebe op 48”. Güra synte seg som ein god formidlar, og det vesle rommet skapte ei intim ramme for opplevinga, med kort avstand til utøvarane. Størst inntrykk gjorde satsene der Güra og Radicke tona enkelte delar ned til det vesle – som i "In der Fremde" frå "Liederkreis", og likeeins når han vart meir utettervend mot slutten av "Dichterliebe".

Vital tankegang

Denne helga var det altså gjennom eit tilfeldig utval konsertar mogleg å få med seg musikk frå eit spenn på 300 år, noko festivalen gjerne kan berømmast for.

Det seiest at det er enklare å få merksemd kring festivalar i mindre byar, der ein ikkje konkurrerer med like mange andre konsertscener. Oppmøtet til konsertane der eg var tilstades slutta i liten grad opp om dette utsegnet – og med sin opne tankegang kva gjeld konsertarenaer og programmering (ikkje minst gjennom den sterke satsinga på unge) syner festivalen seg som ein av dei viktigste arenaene for utøving av kammermusikk her til lands.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no