Harald Gundhus til minne

MINNEORD: - Vil alltid minnast Harald Gundhus og alltid vere han takknemleg for at han i vår samtid var av dei som forsto at folkemusikk er ikkje si tids eller mi tids, men alle tiders musikk. Det skriver folkemusiker Agnes Buen Garnås i dette minneordet over musikeren Harald Gundhus.

Syng, Klapp og Swing: Harald Gundhus

Av Agnes Buen Garnås

Da eg ikkje fekk til å kome til Kragerø Kirke til Haralds gravferd, vèl eg å skrive nokre ord:

Harald Gundhus var av dei fyrste i vår samtid som arrangerte folkemusikk her til lands. Ein felles ven, trubaduren og visesongaren Helge Songe, foreslo for Harald at han skulle arrangere Draumkvedet.

Fyrst skreiv han ned songen vers for vers på noter. Med 60 vers var berre det eit arbeide. Så måtte han vite alt han kunne få vite om teksten. I 1984 kom Draumkvedet ut på Kirkelig Kulturverksted med Harald som hovudarrangør og musikalsk leiar, med musikarane Kåre Nordstoga, orgel, Knut Buen, hardingfele og Warren Carlstrøm keltisk harpe.

Harald hadde klare tankar om korleis han ville dette skulle bli, men var og open for andres forslag, slik at vi alle som tok del, kjente oss med i prosessen. Slåttetemaene Knut kom med, likte han svært godt. (Det var stadig i hans tankar gjere meir med instrumental folkemusikk, men tida strakk ikkje til. Han hadde alltid store prosjekter i gang, og involverte alltid mange med i sine musikkarrangement.)

Vi hadde kykjekonsert-turnear rundt om på austlandet - og seinare hadde vi konsertar rundt 13.dag jol i nokre år. Haralds religøse folketonar, i arrangementet for fløyte, viste hans fleirsidige kunne, og kanskje og noko om hans skiftande natur. Ein høyrer kven som spelar om det er på fløyte eller saksofon. Det er Haralds stemme.

Barneprogram for alle aldre…

Erling Wicklund og Jørn Gjersøe (nrk.no) skriv at Harald viste med sine populære barneprogram ”Syng,klapp og swing” at barns musikalitet er utan grenser, og at intet jazztema er for vanskelig for dem. Leiande norske jazzmusikarar, m.a. saksofonisten Bjørn Johansen og pianisten Egil Kapstad, møtte barna. Når ein høyrde på desse programma, var det som ein var i same rom som dei.

Dei beste er gitt ut på CD-plate, heldigvis. Dette er musikkformidling av beste merke! I nesten 20 år hadde han fast denne programposten..

Om det var jazz eller klassisk musikk, eller frå andre genre, var programma hans inspirerande og lærerike og dei gjorde deg glad! Slik var det og å treffe han. Han hadde alltid noko han brann for å fortelje om - idear han skulle vidareføre.

Han lagde nokre program med folkeviser og stev over same lest som ”Syng, klapp og swing” på Borgåsen. Barna song med Guttorm Guttormsen og Harald Gundhus som musikarar. Gjett om det var glade og stolte små jondøler og teledøler som fekk vere med på dette! Levande og sprudlande blei denne vesle programrekka også - og tidlaus.

Vil alltid minnast Harald Gundhus og alltid vere han takknemleg for at han i vår samtid var av dei som forsto at folkemusikk er ikkje si tids eller mi tids, men alle tiders musikk!

---
Harald Gundhus
Tenorsaksofonist og fløytist, 03.01.1942 - 10.08.2007.
Full biografi finnes her.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no