Av mus og menn

DEBATT: - Kvinnelege profesjonelle musikarar har vist for heile verda at dei definerer seg like mykje gjennom arbeidet sitt som sine mannlege kolleger. Ein vel ikkje musikarutdanning og eit liv med prøvespel-påkjenningar dersom målet er å stelle heime. Kor tar Kise Larsen det fra at kvinner speler kjedeleg? Dette er noen av spørsmålene Marielle Minutella tar opp i dette innlegget, som kommenterer Per Erik Kise Larsen utspill om kjønnsfordelingen i kunstmusikkfeltet.

Marielle Minutella

Av Marielle Minutella, tidligere hornist i bl.a. marinemusikken, nå masterstudent i statsvitskap og musikklærer

Direktøren i Det Norske Kammerorkester har sjenarende lita evne til å tenke. Dette er verken typisk for 50% av menneskeheita eller for direktørar i norske orkester. Det er tvert imot typisk for menneske som nærar seg av fordommar framfor å ha sjølvtillit til eiga vurderingsevne.

Han registrerer at han "har klart å hisse på seg den kvinnelige delen av norsk musikkliv med noen av (sine) spissformuleringer i Musikkredaksjonen sist torsdag". Registrerte han ikkje at også den mannlege direktøren i Oslo Filharmoniske Orkester (OfO) og den mannlege leiaren i Musikernes Fellesorganisasjon kom med salt kritikk? Men det er kanskje takknemleg å vere martyr under "hysteriske" (?) kvinner?

Eg kan forstå dei som ikkje vil gå i debatt med Kise Larsen fordi dei meiner han representerer eit "ikkje-tema". Dessverre er det også representantar for kulturlivet der ute som tvert om meiner Kise Larsen er "festleg politisk ukorrekt" og koser seg med "provokasjonane" hans. Som sjåartala til Pia Haraldsen på TV2 viser, meiningslaus idioti er god underhaldning hjå mange.

Dessverre er ikkje Kise Larsen ei einsleg øy, - ein treng ikkje dra lenger enn til Tyskland før kvinner kan få grei beskjed frå ein orkesterdirektør om at "wir wollen keine Frauen". Kvinner fører med seg lågare status som annenrangs menneske, uansett kor bra dei måtte spele. I tillegg kan kvinnene skape dårleg arbeidsmiljø, sidan jo" alle veit" at kvinner er onde intrigemakarar, samt kan friste uskuldige menn til å tenke på andre ting enn fag.

Den andre halvdelen av menneskeheita er derimot opne, ærlege, tøffe, samt sladrar eller baksnakkar aldri (til Kise Larsen: Dette er sarkasme). Korleis den ikkje-vestlege verda ser på kvinner, treng eg ikkje gå inn på her. Vi bør uansett ha klart for oss at Kise Larsen slett ikkje er ei "artig lita ukorrektheit", han representerer noke liberalarar har sloss mot ( i alle fall) sidan opplysningstida, og som det ser ut til at vi framleis bør vere vakne mot.

Kort om dei logiske bristene hans: 80% av elevane på orkesterinstrument i musikkskulen er jenter. Av dette ser han for seg framtidig kvinnedominans i orkestra, - noko som i tilfelle vil vere "galt" og føre til "lågare status" for yrket. Han gjer heller ikkje denne gongen, i Ballade, forsøk på å forklare kvifor kvinner i eigenskap av å vere kvinner representerer lågare status.

Kise Larsen "meiner" (!) altså at kvinner er meir borte frå jobben på grunn av omsorgsoppgåver en menn er. Han har tydelegvis merka seg at omsorgsyrke har kvinnedominans, utvilsomt fordi mange kvinner vil jobbe deltid og slik jobbe meir direkte og uregistrert for familien enn det menn gjer. Men her trekk Kise Larsen feil slutning frå det generelle til det spesielle. Mi erfaring i marinemusikken er vel heller den motsette: At kvinnelege mødre har høgare terskel for å vere borte frå ei prøve enn det menn har.

Direktøren i OfO forklarte også at det var ingen kjønnsskilnad med omsyn til omsorgsfri mellom menn og kvinner i filharmonien (om ein ser bort i frå sjølve barselspermisjonen). Vi snakkar jo om fast tilsette menn i offentlege institusjonar her, vi snakkar ikkje om karrieremenn som tradisjonelt må jobbe masse overtid for å bli forfremma. I tillegg har kvinnelege profesjonelle musikarar vist for heile verda at dei definerer seg like mykje gjennom arbeidet sitt som sine mannlege kolleger. Ein vel ikkje musikarutdanning og eit liv med prøvespel-påkjenningar dersom målet er å stelle heime.

Kor tar Kise Larsen det fra at kvinner speler kjedeleg? Høyrer han i det heile tatt på musikk? (Dette har du sagt på band, Kise Larsen, ikkje prøv å bortforklar deg).

Legg merke til dette: Kise Larsen modererer ikkje påstanden sin om at kvinner speler tammare enn menn, men han legg til at mannsdominans "er ekvivalent" til at orkestermusikken vil bli meir "vulgær". To minus blir ikkje eitt pluss, Kise Larsen! Sorry!

Begge påstandane er jo det reine sludder, det er ei liding for eit tenkjande menneske å skulle formulere "motargument" til dette. La oss berre ha desse påstandane ståande for oss som eksempel på manglande refleksjon og musikkjensle.

Om å spele kjedeleg: Kanskje einkvan skal la Kise Larsen ta ein blindtest bak ein skjerm? Få våre eminente kvinnelege verdsstjerner frå Oslo-filharmonien, (for eksempel den kvinnelege solohornisten eller solotrombonisten i OfO) til å spele før eller etter eit par introverte mannlege austeuropearar? Så kan Kise Larsen dele ut mannlege eller kvinnelege karakterar. Ein artig tanke, dersom Kise Larsen hadde vore verdig desse musikarane si verdifulle tid.

Kva var norske orkester på 50-talet, og kva er dei i dag? Når var det mannsdominans, og når er det flest kvinner? Eg går sjølvsagt ikkje inn i Kise Larsens ulogiske verd og påstår at våre orkester er mykje betre i dag, på grunn av kvinner. Likevel: Kva kan det kome av at jentedominans og jenters dugleik blir sett på som eit problem? For 400 år sidan kastrerte dei gutar, for å halde jentene borte frå sangen. Så kunne (dannede) piker til nød få lov til å spele pianoforte og kanskje litt amatørteater, så fekk dei lov til å spele strykeinstrument.

I Norge i dag er det altså flest jenter som speler orkesterinstrument. Vil dette seie at dette er brot med "naturens orden"? Er det altså eit sjukdomsteikn at det er fleire jenter enn gutar i musikkskolen?

"Den europeiske kunstmusikkens status forvitrer langsomt (...) Den blir betraktet som kjedelig (...), Den er fortrengt fra oppmerksomheten i media (...). Derfor frister bassgitaren mer enn fiolinen for gutter selv langt inn i de beste hjem med vekt på god oppdragelse. Og det er et sted på denne veien symptomene begynner å gjøre utslag i forhold til ulike valg mellom kjønnene. Men det spiller til syvende og sist liten rolle om symptomene gir deg vondt i beinet eller armen når diagnosen er kreft med spredning." - held Kise Larsen fram.

Dette er synsing og påstandar. Eg kan påstå at det er langt fleire kunstelskarar i massen i dag enn i gamle dagar. Tidlegare kunne ein kanskje høyre litt Bach i kyrkja, men var elles tilvist til datidas popmusikk (folkemusikk) og eigne krefter. At kunst og akademia blir mindre respektert enn pengar i eit nyrikt Norge, er kanskje vår form for dekadense. Det kan også i vårt sosialdemokratiske land no vere billegare med ein subsidiert studentbilllett til filharmonien enn ein kinobillett.

Dette kan for prestisjen til kunsten sjølvsagt slå ut negativt. Men at gull gir meir sjølvtillit enn dannelse, er evig og menneskeleg - det ingenting nytt ved dette, og kanskje er det heller ingenting å gråte over. Hadde det ikkje vore for pengepugarane, kunne eg ikkje fått subsidiert billett til filharmonien.

Eg forstår dette sitatet også slik at Kise Larsen viser til at gutta tar over "det nye" og overlet "den gamle statusen" til kvinnene? Slik som at mange jenter i dag er hestegale, mens gutane har sloppe hesten og interesserer seg for motorar. Problemet er igjen Kise Larsens mangel på logisk resonnement. Der hesten i dag er redusert til eit kjæledyr, er jo norske orkester betre enn noken gang. Eller meiner han at kvalitet er avhengig av dekning i VG og Dagbladet?

Gud bevare oss vel. Min påstand er at kunsten er langt meir høgverdig i ei tid då ekte interesserte går i filharmonien, framfor tidlegare behov for å gå i operaen/filharmonisk selskap for å bli sett.

Det mest graverande er at han ikkje ser det som ideal å oppgradere alle menneske til lik status. "Likestilling" er langt frå eit poeng, - vi er fullstendig hjernevaska av kvoteringssjuka som herjar vårt land, ei sjuke som til og med går langt inn i borgarlege politiske parti. Kise Larsen seier: "Og for å feie all tvil om min kvinnefiendtlighet til side, jeg tror det optimale er en 50/50 deling mellom kjønnene både i et orkester og på enhver annen arbeidsplass der dette er mulig."

Det mest optimale er at orkesteret blir godt, Kise Larsen. Du treng å bli frigjort frå kjønnsfengselet ditt!

Det er både rasjonelt, logisk og idealistisk rett å rekruttere orkestermusikarar frå 100% av menneskeheita. Dette er ein vinn-vinn situasjon. Både for at faget skal utvikle seg, og såleis for stadig å auke statusen for faget og kunsten. Så enkelt er det. Vil dette seie at det i 2050 er 90% kvinner i OfO, so be it. Då er OfO det beste orkesteret det kunne ha blitt, i 2050.

Eg vil tilrå Kise Larsen å sleppe tvangstankane han har med "likestilling". Likestilling har aldri vore eit mål. I alle fall ikkje for tenkjande menneske.

Kvinnefrigjering, derimot, mannsfrigjering, tankefrigjering, frigjering frå alle slags tankefengsel er menneskeheitas sitt store mål.

Vi er av ånd!

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no