Duo Oktava – Pilgrimage

MELDING: - Den alt for lite kjende Duo Oktava spelar både vakkert og rått, mener Ballades anmelder om ukens utvalgte plate. Duo Oktava er Povilas Syrrist-Gelgota på bratsj og cellisten Toril Syrrist-Gelgota. På Pilgrimage lar de seg inspirere av folkemusikk fra ulike steder i verden, og til tross for at alle komponistene er fra det 20. århundre, inneholder musikken elementer av barokk, romantisme og neoklassisisme. - Typisk for fleire av verka er at dei er bygde etter klassiske formar; og slik er det tradisjonsbevarande sentralt både kva gjeld folkelege og kunstmusikalske aspekt, mener Ballades anmelder.

Duo Oktava_Pilgrimage

Av Ida Habbestad

Duo Oktava inviterer med si første plate til ei vandring gjennom tid og stad. På heimesida deira formidlar dei korleis ein er på søken; ”etter det innerste i mennesket som har eksistert uforandret i alle kulturer gjennom alle tider”.

Med det er ramma lagt, for ei stillfarande, kontemplativ innspeling, der Povilas og Toril Syrrist-Gelota presenterer ei rekkje ulike komponistar, alle frå det 20. århundret. Dei seks opphavsmennene er av ulik nasjonalitet, og folkemusikk frå deira respektive tradisjonar er utgangspunkt for dei presenterte verka.

Rått og polert

Slik vert felles tematikk belyst frå mange sider, med spaninga mellom folkekultur og kunst, rått og polert som det gjennomgåande. Innleiingsvis i norske Kjell Mørk Karlsen sitt ”Partita Brevis”. Den byrjar med ein lang kvintbordun som sender tanken til middelalder og religiøs mystikk, til klostergangar og heilage rom der ein får bli gjennom store delar av stykket.

Sidan varierast stemninga. Heile tida med det meditative til grunn, men med meir eller mindre utettervende innslag. Dømevis er det tidlege Lutoslawski-verket, ”Bucolics”, eitt av dei meir leikne på plata. Verket frå 1952 er dessutan ein interessant studie av folketonehandsaming i Bartok-ånd, i eit tonespråk han sidan skulle ta meir avstand frå.

Hjå israelske Noam Sheriff finst andre spaningstilhøve. Her er dialogen mellom jødisk folkekultur og vestleg kunstmusikk, men òg eit spel mellom gamalt og nytt i kunstmusikken – gjennom konkrete referansar til Bach og barokke vendingar, iblanda Sheriff sitt eige tonespråk.

Rasa Bartkeviciute sitt stillfarande ”In Memoriam” byd så på meir langsame progresjonar, der dei mørke klangfargane i instrumenta kjem særleg til rett. Tyrkiske Mert Karabey sin suite har større ekspressivitet, dissonansar og ujamn rytmikk, før amerikanaren Walter Piston får avslutta reisa, med sin nokså lystige ”Duo”.

Mellom konsonans og dissonans

Det fascinerande er at mykje kling likt, om musikken enn er norsk, polsk, jødisk, litauisk, tyrkisk eller amerikansk. Typisk for fleire av verka er at dei er bygde etter klassiske formar; og slik er det tradisjonsbevarande sentralt både kva gjeld folkelege og kunstmusikalske aspekt. Det gjer at musikken ofte opplevest som noko ein har høyrt før, og somme gonger er dét mindre interessant. Til dømes i Sheriff sitt verk, som etter mi meining verkar meir oppteke av å samanstilla uttrykka enn å søkja ny meining i dei.

Men jamnt over trivst ein i dette spaningsfeltet mellom konsonans og dissonans, mellom nytt og gamalt. Den alt for lite kjende Duo Oktava spelar både vakkert og rått, og har med denne samansetjinga av verk lukkast fylla det som kunne vore ei høgtsvevande og innhaldslaus erklæring med eit rom av ettertanke - utan svar.

Duo Oktava – Pilgrimage (Platearbeiderne)
Medverkande:
Povilas Syrrist-Gelota (bratsj), Toril Syrrist-Gelota (cello)

Komposisjonar av
Kjell Mørk Karlsen
Witold Lutoslawski
Noam Sheriff
Rasa Bartkeviciute
Mert Karabey
Walter Piston

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no