Berit Opheim Versto - Slåttar på tunga

PLATEMELDING: Berit Opheim Versto er aktuell med ei samling slåttar frå Vestlandet. ”Det er fortalt at når dansarane ikkje fekk tak i seplemann til å spela for seg, måtte dei somme tider ty til ein kvedar som tralla i staden” skriv Versto i coveret. - Versto trakterer denne uendelege variasjonen av melodiar særs elegant, og får dei mange danseformane til å klinga nettopp dansante, skriv Ballades meldar om utgjevinga.

Berit Opheim Versto: Slåttar på tunga (cover)

Av Ida Habbestad

For ein som ikkje kjenner den lokale koloritten, framføringstradisjonane – og heller ikkje noko breidt repertoar innan sjangren – er det umogleg å vurdera Berit Opheim Versto sine prestasjonar i lys av forgjengarar eller nolevande kollegaer.

Det er likevel ikkje vanskeleg å formidla at møtet med slåttetrallane på plata gjev høve for ei fascinerande innføring i det som kan finnast i den rike tradisjonen. Stadig kan ein la seg overvelda over oppkomet av stubbar, vers og melodiar som nokon kringom i landet ein gong har komme på, foredla og gjeve vidare.

Det er heller ikkje vanskeleg å høyra at Versto trakterer denne uendelege variasjonen av melodiar elegant. Stemma hennar er lett og ung, men har samstundes eit vakse særpreg som kjem til syne i rekkja av instrumentale slåttar, springarar, hallingar og rullar.

Versto får dei mange danseformane til å klinga nettopp dansante. Ikkje nødvendigvis med med same snert som når dei er framførte på hardingfela eller ei fløyte, og sjeldan i same friske tempi eller med høve for dei dynamiske spenn som hjå førstnemnde. Snarare kling herverande tolkingar meir dempa, meir tenksame; kroppsnære og varme.


Snirklande frå høgt til lågt

Tidvis saknar eg dette litt råare uttrykket frå fela. Dømevis i den første rullen etter Severin Kjerland, der Versto si framføring tidvis kan kjennast kultivert - haldt; heilt enkelt ikkje trekt til yttergrensa av sitt potensiale.

Samstundes opererer kvedaren med eit omfangsrikt register som skapar god variasjon i eit materiale der tonaliteten ofte er beslekta, for enkelte nokså likt-klingande.

Dømevis i ”Gamleslåtten” etter Sjur Helgeland der melodilinja snirklar seg frå høgt til lågt, og den råare klangen i bryststemma kontrasterer det lyse og lette. Eit anna variasjonsskapande element er dei fleirstemmige kora der Versto akkompangerer seg sjølv – og det utfaldar seg ein meir vertikal tankegang i tillegg til den lineære.


Enkle dissonansar, smidige ornament

Men aller best likar eg når Versto syng åleine. Og særleg har eg ein forkjærleik for den forsiktige innleiing og avslutning på enkelte spor. Som slutninga av ”Rudl etter Trygve Hæve” – og den etterfølgjande lydarslåtten etter alt nemnde Helgeland.

Sistnemnde er etter mi meining eit høgdepunkt på plata. Måten Helgeland – eller Versto – har framheva frasene her, virkar på mange vis framsynt, med vektinga av ein einkelt dissonans i forløpet, den smidige plasseringa av ornament – i mine øyre særs lekkert utført. Opheim si varme nærleik i stemma kjem heilt til sin rett, og samstundes er der teknisk overskot.

Sjølv kunne eg gjerne tenkt meg eitpar fleire slike langsame tonar på plata. For variasjonens del, men kanskje endå meir sidan Versto mellom mykje variert slåttemateriale er på sitt verkeleg beste i det heilt nedtona.

Nyansane ho framkallar i det vesle er heilt enkelt dei som berører meg mest.


Berit Opheim Versto - Slåttar på tunga
Medverkande: Berit Opheim
Selskap: 2L

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no