Songar som brettar seg ut over tid

- Lyttar ein til gamle kjelder frå Setesdal, finn ein at mange av dei berre syng ut – ”Høyr her er eg”! seier Kim André Rysstad. I kveld framfører han stev og balladar på by:Larm.

Kim André Rysstad 08-1

Av Ida Habbestad

– Hadde nokon sagt til meg i 2002 at eg skulle byrje med folkemusikk og halde på med alt eg gjer no, hadde eg berre ledd, seier Kim André Rysstad.

Han brukte synast at folkemusikken var ”noko gnål”; noko han hadde nært innpå seg i miljøet og familien; noko som ”berre var der”.

For Rysstad var det meir Whitney Houston eller Jan Werner Danielsen – folk som kunne synga stort, eller som han seier det, ”kunne bruka stemma både høgt og lågt” – som nettopp var det store.

Men vendepunktet kom etter ei nokså kort karriere i militæret. Det gjorde Rysstad i beit for jobb, og han takka ja til ein plass ved Agder Folkemusikkarkiv, hjå Harald Knutsen, der han fekk i oppgåve å kopiera gamle opptak. Midt mellom rekkja av eldre kvedarar og spelemenn – somme av dei med versjonar som Rysstad beteiknar som ”surt og heilt forferdeleg” – fann han altså eit opptak som gav meirsmak.

– Eg høyrde eit opptak med Birgit Rike Lund, som òg er frå Setesdal. No er ho over 80 år, men på opptaket frå 60-talet song ho så fantastisk, eg fekk heilt bakoversveis! Det som òg var rart, var at eg kunne så mange av desse songane. Då ringde eg til Kirsten Bråten Berg og spurte om eg kunne få timar, seier Rysstad.


Det som eigentleg er
Dette var i 2003, og sidan har han altså kvede. Han har teke timar hjå nemnde Bråten Berg, samt Agnes Buen Garnås, Ånon Egeland og Ragnhild Furholt. Han har vore gjennom generelle folkemusikkstudier på Rauland, har fullført eit bachelorstudium ved Ole Bull Akademiet og byrja på eit masterstudium som no heng i lufta mellom travel aktivitet og mange spelejobbar.

I kveld deltek han på by:Larm – der han får selskap av Laila Buer Storli og Jon Ole Morken på høvevis hardingfele/song og gitar.

Men forutan musikken som dei gjer saman, er det i hovudsak det solistiske materialet Rysstad konsentrerer seg om.

– Det er noko med den eine fela eller den eine vokalisten som skal formidle ei historie. Det er så nakent og sårbart, og det er berre du som kan bestemme kva du skal gjere. Det synest eg er flott – at alt er så personleg, seier han.

Han understrekar at solotradisjonen innan norsk folkemusikk er den han fordjupar seg i.

– Eg synes mange grupper i dag er så ”overarrangerte”; det er jo den solistiske folkemusikken som eigentleg ”er”. Eg trur det er viktig at me beheld den, samtidig som me gjer nye ting.

– Og det eg gjer, som kanskje er litt nytt, er at eg arrangerer stevtekstar og melodiar tostemt og trestemt. Det er ikkje gjort før, og det har eg fått mange positive tilbakemeldingar på, sjølv om måten det er arrangert på er inspirert av all verdas musikk; ABBA og pop, you name it. Måten me syng på er likevel kveding. Det er det viktige, seier han.


Frå kannibalisme til lukkeleg kjærleik
Rysstad underviser ofte ved Ole Bull Akademiet, der han gjev ei innføring i vokal folkemusikk og lærer bort mykje av repertoaret sitt. Ofte til folk som ikkje har kjennskap til folkemusikk i det heile.


– Det å få lov til å vise fram tradisjonen min og mange andre sin, gjev mykje. Det inspirerer – eg får lyst til å lære nye songar, finne meir repertoar, heilt enkelt lære meir, seier Rysstad.

Som nok trur at der, sjølv om der har skjedd mykje innan folkemusikken det siste tiåret, står att eit stykke formidlingsarbeid.

– Det er jo som regel musikkstudentar som kjem her, og det er nok mange av dei som har sterke fordommar mot folkemusikk når dei kjem, seier Rysstad; slike som aldri hadde trudd at folkemusikken kunne vera noko fin. – Men eg skjøner deg godt, eg; sjølv hata eg jo folkemusikk, flirer han.

Det er altså ei formidling – både som pedagog og som utøvar – som ligg til grunn for verksemda, og best trivst han med å gjera balladene; dei gamle middelaldersongane med historier som femner det meste, frå drap og kannibalisme til lukkeleg kjærleik. Songar som brettar seg ut over tid.

Men når det kjem til stykket, er det fascinerande nok ikkje teksten han først og fremt er oppteken av.

– Eg tenkjer nok meir på melodiane, seier han. – Der er det så mykje rare vendingar; mange av dei har eit slik alderdommeleg preg, ein høyrer at dette ikkje er noko nytt.

– Og eg meiner at når du kan melodien godt, så kjem teksten naturleg. Ein treng ikkje tenkje for mykje på den, analysere kvar det er dramatisk, kvar det er koseleg. Eg synast det skal komme av seg sjølv, seier Rysstad.


Livsvisdom
Kvedaren har spissa kjennskapen til i hovudsak å gjelda musikken frå sine eigne trakter, kring Setesdal og Agder. Korleis vil du karakterisera denne tradisjonen?

– Det er vanskeleg å beskrive kva som er stilmessig i Setesdalen. Men stevet var gjerne viktig. Aller mest nystevet, som er ei verseform på fire liner. Innanfor dei fire linene skal ein formidle ei historie! Dermed er det ofte direkte, rett fram.

Og dette skiljer seg frå andre sentrale vokale område?

– I Telemark er der ein levande balladetradisjon, det er det ikkje i Setesdal. I Telemark er der dessutan ofte ekstremt mykje ornamentikk, medan det i Setesdal er meir forenkla. Lyttar ein til gamle kjelder frå Setesdal, finn ein at mange av dei berre syng ut – ”Høyr her er eg!”

– Det er rart eigentleg, for dei er ofte innådvende i Setesdal. Men når det kjem til songen så syng dei berre ut, seier Rysstad.

Samstundes er tekstane ofte romantiske, der er mykje kjærleik, både til naturen men og menneske i mellom, fortel han – og siterer:

”So e ho laga den livsens stridi,
du må ver’ vare å passe tidi.
Med du sat der sulla på tullan di,
kan det hende lykka deg for forbi!”

– Dette stevet handlar jo om å ta vare på den tida ein har, å ikkje kaste ho vekk! Er ikkje det livsvisdom så veit ikkje eg!


Var i veremåten
Kvifor trur du tradisjonen er slik – at steva vart så viktige framfor balladane i dine trakter?

– Det var jo både folkeleg og veldig høgt ansett det å kunne dikte, eller svare nokon tilbake på stev. Folk som kunne seia at ”eg kved ikkje så fort, for at eg dikter på stande fot”. Dét er det ikkje så mange som kan no, men det var enkelt å dikte på nystevforma – det var direkte, og du trong ikkje den lange historia, seier Rysstad.

Som innrømmer at det er ein motsetnad mellom hans forkjærleik for balladane og fordjupinga i Setesdals-tradisjonen. Òg mellom karakteristikken han har give av det utådvende uttrykket i heimbygda og hans eige uttrykk som gjerne er karakterisert som lyrisk, reint og klårt.

– Det er nok mest dette med ornamentikken eg har henta frå Telemark; det vare ligg nok meir i min veremåte. Eg er vel ikkje den som busar ut og seier: ”Her er eg!” Men eg plar ofte å seie når eg underviser at eg har lært mykje av Whitney Houston i måten å ornamentere på, og Ingebjørg H. Bratland. Dei gjer det slik eg likar. Eg hentar inspirasjon frå desse og blandar det saman med min tradisjon frå Setesdal.

– Då fær eg det uttrykket som eg vil have, seier setesdølen.


Eksemplar på Kim Andre Rysstad sin musikk, samt turnelista hans finn du her. Rysstad opptrer på Folkets hus i kveld kl 21.30.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no