Virtuos og utådvend jubilant

- Ole Bull kom kanskje noe i skyggen av de andre store. Det har nok noe å gjøre med at han først og fremst er kjent som utøver. seier Trond Indahl, prosjektleiar for Ole Bull 2010.

Ole Bull/Foto: Ole Bull 2010

Av Ida Habbestad

Eit drøyt halvår før oppstart er planleggjinga av 200-årsjubilanten i god gang. Fiolinvirtuosen, fødd i 1810 og død i 1880, vart sist stort feira ved 150 årsdagen i 1960. No har Bergen kommune teke initiativ til ei ny markering av Bull, der målet ikkje berre er å feira musikaren og komponisten, men òg å sjå nærare på den rolla han spelte som nasjonal inspirator i den tidlege nasjonsbyggjinga.

Prosjektorganisasjonen Ole Bull 2010 er lagt til Kunstmuseene i Bergen. Den er styrt av eit arbeidsutval der Bergen, Os og Osterøy kommuner, Hordaland fylkeskommune og Kunstmuseene i Bergen er representerte. I tillegg er ei rekkje kunstnarlege institusjonar involverte med ulike arrangement.

Men prosjektleiar Trond Indahl, som til dagleg er førstekonservator ved Kunstmuseene i Bergen, ynskjer gjerne fleire involverte. Difor oppfordrar han interesserte til å ta kontakt med sine bidrag eller tankar om samarbeid.

- Vi retter oss først og fremst mot musikkfestivaler, orkestre og andre som synes Ole Bull er verdt å markere og som vil vinkle programmet sitt mot Ole Bull på en eller annen måte, seier Indahl.

Inspirator, nettverksbyggjar og superstjerne
Men prosjektleiaren ynskjer òg andre formar for arrangement velkommen som del av markeringa av personlegdomen han meiner det er verd å feira stort.

For personlegdomen sjølv var stor: På nettsida, oppretta og drifta av Bergen Offentlige Bibliotek, vert Bull sine mange roller henta fram i lyset, og me finn spellemannen, nettverksbyggjaren, inspiratoren, marknadsføraren og Norges første superstjerne. Bull vart kjend som den første kunstnaren som verkeleg sette Norge på det internasjonale kartet, som ein av dåtida sine framste fiolinvirtuosar - den naturlege arvtakaren etter Paganini. (Ynskjest eit meir nøytralt blikk, finst det i Harald Herresthal sine biografiserie, mellom anna omtalt her).

Kva så med Ole Bull sin status anno 2009? Vil ei markering av Bull vera like naturleg som ei markering av Ibsen, Bjørnsson og Grieg - eller står han i skuggen av slike namn?

- Når jeg nevner Ole Bull, har jeg stort sett møtt velvilje og entusiasme. De fleste forbinder noe med ham, svarer Indahl.

- Men Ole Bull kom kanskje noe i skyggen av de andre store. Det har nok noe å gjøre med at han først og fremst er kjent som utøver. Jeg er ikke musikkfaglig utdannet, men så vidt jeg forstår er hans komposisjoner ikke satt så stor pris på i nyere tid som utøvervirket – selv om Harald Herresthal gjennom sitt biografiarbeid har funnet frem til en del materiale som har vært tapt.


Samansett personlegdom
Ikkje desto mindre er det den samansette personlegdomen ein vil ha fram i søkelyset under Bull-markeringa. Med eit vell av mytiske og faktiske historier - som den om korleis han betalte kvinner for å dåna under konsertane sine, eller andre om kolonieventyr og tilhøvet til dei mange andre internasjonale kulturpersonlegdomar på tida.

Med sterkt medietekke, som biograf Harald Herresthal påpeikar i forordet til første band i biografiserien, gjorde Bull eit grundig arbeid med å byggja opp kunstnarmyten om seg sjølv. Det var òg han sjølv som i 25-årsalderen tinga og betalte den første biografien om seg. Og, han fekk plass til å delta i det offentlege, med sine patriotiske og demokratiske tankar.

- Ole Bull var en person med en enorm tiltrekningskraft. Han fikk folk med seg på en helt spesiell måte. Det særtrekket ved ham var unikt og viktig, seier Indahl.

- Det var nok noe av dette som gjorde at han fikk slik betydning i nasjonsbyggingen. Som Bjørnstierne Bjørnson sa ved graven hans, han gav nordmenn selvtillit ved nasjonsbyggingen.

Mange komponistar rekna han som sitt førebilete, men òg for andre kunstnarlege grupperingar vart han viktig – mellom anna for teateret. Den Nasjonale Scene reknar Bull som sin grunnleggjar, og det er dermed naturleg at jubileet opnar der, ei veke etter fødselsdagen 5. februar.

- Bakgrunnen er at Ole Bull i 1850 tok initiativ til å lage et norsk teater med norske skuespillere som skulle spille på norsk. Før dette var det i stor grad utenlandske kompanier og det danske språket som hadde dominert teaterscenen. Så det at det kom istand en scene som ble kalt Det norske Theater i Bergen, hvor han engasjerte forfattere som Ibsen og Bjørnson til å skrive skuespill og instruere, var helt klart viktig. Jeg mener at man kan si at Ole Bull har en vesentlig ære for utvilkingen av Ibsen som skuespillforfatter på den tiden, seier Indahl.

- Og, både ved å sette i gang et norskspråklig teater, og ved å være den første av betydning som sa at den norske folkemusikken er viktig, ble han viktig for norsk kulturell identitet generelt.


Ole Bulls villa Lysøen

Ei vestnorsk feiring?
Det er kunstmuseene i Bergen som har fått koordineringsansvaret for markeringa. På spørsmål om kvifor er svaret heilt enkelt at desse museene har Ole Bull sin fiolin, ein Gasparo da Salò (som saman med ei rekkje andre av verdens mest kjende fiolinar frå 1600- og 1700talet vil vera utstilt i jubileumsåret) og som disponerer Lysøen, komponistheimen i Os som Bull fekk bygd tidleg i 1870-åra. Sistnemnde vert oppussa i desse dagar, og skal stå ferdig til jubileets start.

Mellom andre jubileumsmarkeringar er konsertar under Festspillene i Bergen, konsertar med Bergen Filharmoniske Orkester, samt konsertar på Troldhaugen. I oktober vert det seminar på Ole Bull-akademiet på Voss om Ole Bull sitt tilhøve til folkemusikken. Bergen offentlige bibliotek driftar webside om Ole Bull og arbeider med digitalisering av arkivmateriale for å nemna noko.

Administrasjonen og storparten av programmet er lokalisert til Vestlandet – i likskap med øvrige komponistjubileum i nyare tid, som Tveitt- og Grieg-markeringane. Kva med det nasjonale planet?

- Du vet, bergenserne er glade i markeringer, ler Lindahl.

- Men det er klart det er ønskelig med en mer nasjonal markering. Fokus til nå vært Bergen og Hordaland. Det er her initiativet ligger. Men det er klart vi ønsker flere initiativ over hele landet. Vi har enkelte samarbeid på trappene - vi er for eksempel i dialog med Bjørnson-jubileet, seier han.

Til sist: Det er det museale og det feirande som virkar stå i fokus. Vil markeringa verta reint attendeskodande; eller ynskjer de òg å setja lys på Bull i lys av vår eiga tid?

- Vi ønsker å se ham i lys av vår tid, absolutt. Et element i denne satsningen er et fokus på virtuositet, som i kan knyttes også til dagens utøvere og kunstnere.

Det siste fokus - på virtuositet - er under arbeid, og Indahl kan ikkje seia meir konkret om dette. Imidlertid kan Ole Bull-stykke som obligatorisk nummer på den internasjonale Menuhin-konkurransen i Oslo neste år, sjåast i lys av dette. Det førebels programmet for Ole Bull 2010 finst her. På same nettside finst kontaktinformasjon for dei som er interesserte i kontakt med jubileet for samarbeid.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no