Stan Hawkins er prosjektleder. Susan McClary representerer Department of Musicology UCLA, California, USA.
Foto: Espen A. Eik

Forfall av kjønnsrollemønster i folkemusikken?

Musikkforskar Mats Johansson beskriv folkemusikken som ein sjanger i sterk utvikling. Framover vil han sjå nærmare på kjønnsuttrykk og kjønnsroller innanfor den norske folkemusikken.

Onsdag inviterte MIC Norsk musikkinformasjon og Institutt for musikkvitskap (IMV) til seminaret “Populærmusikk og kjønn i en transkulturell kontekst”. Seminaret markerte oppstartinga av forskingsprosjektet “Popular Music and Gender in a Transcultural Context”, leda av populærmusikkforskar Stan Hawkins ved IMV.

I løpet av seminaret vart prosjektet grundig presentert, og deltakarane la fram hypotesane dei skal arbeide med framover. I tillegg til prosjektdeltakarane, heldt også dei anerkjente musikk – og kjønnsforskarane Susan McClary og Jacqueline Warwick innlegg.


Les også: Kjøttbikiner og black metal


Ein sjanger i omvelting
Som prosjekttittelen tilseier, adresserer populærmusikkforskarane mellom anna spørsmål kring kjønn. Her vert særskilt den norske musikken plassert under lupa. Ein av prosjektdeltakarane, Mats Johansson, har tidlegare forska på rytmiske mønster i den norske folkemusikken. Folkemusikkperspektivet er noko han tek med seg vidare inn i dette prosjektet.

- Norsk folkemusikk har vore ein ganske isolert musikkform gjennom store delar av 1900-talet. Den har vorte forvalta av spesielt interesserte, entusiastar og organisasjonar, og har vore ei eiga verd på godt og vondt. I dag er sjangeren under sterk utvikling med aukande profesjonalisering og institusjonalisering, parallelt med at leiande musikarar nærmar seg populærkulturen i presentasjonen av seg sjølv og sin musikk.


Les også: Rapperen i dag: Tøff eller tøffel?


Uutforska felt
På generell basis finnast det lite forsking på folkemusikk og kjønn innanfor akademia. Johansson har latt seg inspirere av korleis tradisjonelle kjønnsrollemønster no står for fall innanfor den norske folkemusikken.

- Norsk folkemusikk har historisk sett vore ekstremt mannsdominert med den ansvarslause og “farlige”, men karismatiske og virtuose spelemannen som sjølve symbolet for sjangeren. Det finnast derimot liten plass for kvinna utover rolla som tilskodar i det romantisk framstilte biletet. I dag er bildet, i alle fall overflatisk sett, eit heilt anna. Kvinnelege folkemusikarar er nærmast leiande i sjangeren, ikkje minst med tanke på artistisk sjølvstende og ved å skape seg ein posisjon i det samtidige musikklandskapet. Dømer på dette er utøvarar som Annbjørg Lien, Susanne Lundereng, Tuva Syvertsen, Unni Løvlid og Sigrid Moldestad.


Kjønnsrollemønster
Ved å sjå på folkemusikken frå eit kjønnsperspektiv har mange spørsmål dukka opp. Johansson er mellom anna interessert i å finne ut korleis kjønnsroller vert produserte innanfor feltet, samt korleis det skiftande landskapet av kjønnsroller kan dominere oppfatningar av musikk og stil. Han er også interessert i å finne ut korleis endring i musikk og kunstnarisk åtferd bidreg i danninga av kjønnsbestemte identitetar.

- Det er viktig å påpeike at eg ikkje hevder at dagens kvinnelege folkemusikkartistar opplev at dei er i ein slags rettighetskamp eller at dei bevisst utfordrar etablerte førestillingar og konvensjonar. Poenget er at kvinnene sitt inntog på arenaen synleggjer og problematiserer den kjønna kodinga av både musikken og dei rituala som omgjev den, legg Johansson til.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Stan Hawkins er prosjektleder. Susan McClary representerer Department of Musicology UCLA, California, USA.

Legg til ny kommentar

1 lokal kommentar til denne artikkelen

 

 
 
EIN ENDRAR IKKJE MUSIKKHISTORIA MED PÅSTANDAR
Skrevet 22.03.2011 14:38 av Knut Buen

Det er mykje i at mange kvinnlege utøvarar er mest mediafokuserte og aktive i notid, men det har da verkeleg ingenting med dominans av stilskapande og legendariske spelemenn, i fortid og notid å gjera. Det har da vore framståande kvinner i folkemusikk generellt gjennom hundreår. Kvedarar i hundretal og musikarar på ulike instrument som fløyter, langeleik, fele og hardingfele.

Men at t.d. ikkje nokon har tatt vare på nok av kva sume av desse jentene hadde på repertuaret er sant. Dette er leit, men det skuldast ikkje berre spelemenn. Sume av desse tok kvinnekomponerte melodiar med i framføringar, men var ikkje nok medvetne i høve ivaretaking av originalstoffet.

Skjønar igrunnen ikkje kva desse anstrengte analysane og åtaka på spelemenn er til. Ein kjem vel ikkje langt med påstandar heller. Kvalitetar i slåttespel og melodiskaping er vel ikkje så lett å skapa enda mange idag komponerer iherdig for å auka inntekter med Tonoavgifter. Det er ikkje så mykje skaping av lagnad og liv lengre. Der ligg au skilnaden i det meste. Men det må gå an å vera utøvar utan å skulle hovere over historie og samtidige kollegaer. Idag har me flinke damer i song og spel, men det hadde me før au. Nokon av dei var jamvel dominerande musikkkjelder.

Svar på kommentar


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no