Anne Hilde Neset
Foto: Privat

Ynskjer meir utveksling

Som kunstnarleg leiar i Ny Musikk ynskjer Anne Hilde Neset hyppigare utveksling og fleire internasjonale innslag i organisasjonen.

I september vart det klart at Anne Hilde Neset tek over posisjonen som kunstnarleg leiar i Ny Musikk. Ho er kjend som medredaktør i The Wire, der ho har arbeidd i 16 år. Parallelt har ho vore programleiar i BBC Radio, og starta samtidskunstbyrået Electra, med kuratorverksemd i spennet mellom visuell kunst og musikk.

Stillinga som kunstnarisk leiar trer ho inn i 1. februar, og årets Grønland kammermusikkfestival, som starter fredag, blir den siste Øyvind Torvund har ansvar for som leiar i organisasjonen.


Se også: Hele programmet for årets festival


Ser høve overalt
Per 1. desember tykkjer Neset det for tidleg å fortelja konkret kva planer ho har for verksemda, men signaliserer at det vil bli ei aktiv tid.

- Eg kjem frå eit fullpakka kulturlandskap i London, og føler eg ser høve overalt i Oslo. Eg har henta mykje kunnskap om musikkscena dei siste 16-17 åra, og er klar for å setja meir av kunnskapen ut i praksis. Eg brenn for organisasjonen Ny Musikk, og endå meir for all spanande musikk som finst, seier Neset.

- Kan du vera meir konkret om høva du ser i Oslo?

- Eg trur at Ny Musikk kan røra seg ut i mange forskjellige felt, ut over å vera ein konsertarena. Eg vil ikkje vera så veldig konkret om arbeidet no. Eg har ein del idear, men har ikkje fått teke dei opp med styret endå. Men det er mange høve, det er sikkert.


Nøytral kurator
Med Anne Hilde Neset får Ny Musikk for første gang på ei årrekkje ein leiar som ikkje er komponist. Det gjev stor fridom, meiner Neset.

- Eg føler at eg stiller nøytral i høve til ulike sjangrar – og i høve til musikarar og ensemble. Eg meiner at eg ikkje har nokon voldsam lojalitet til nokon.

Uvanleg er det òg at den kunstnarlege leiaren ikkje har hatt tilhald i Noreg dei siste åra. Neset har hatt god kontakt med det norske miljøet, men har budd utanfor landets grenser nesten heile sitt yrkesaktive liv. Ho har ikkje tidlegare budd i Oslo.

- Du ser det norske samtidsmusikkfeltet frå utlandet: Ser du skilnader mellom måten ein arbeider med og presenterer kunst på i Noreg og utanlands?

- Det er vanskeleg å seia noko på generell basis. Men eg opplever at veldig mykje er kunstnarstyrt i Noreg, medan ein i England har større tiltru til den sokalla nøytrale kuratoren; utdanna musikkvitarar og kunstvitarar, som òg kan omtalast som profesjonelle lyttar og sjåar. I Noreg ser ein ofte at det å kuratera ein festival vert overlete til dei som har arbeidd med uttrykka i praksis.

- Gjev det ulike resultat, meiner du?

- Det er kanskje aller mest ein strukturell skilnad, det å kuratera er uansett individuelt. Eg kjem til å kuratera ut frå meg og mine interesser. Somme av desse fell saman med Øyvind Torvund sine interesser: Øyvind arbeider til dømes med konsertforma på ein måte eg er fascinert av. Han reintroduserte på eit vis konserten som arena i Ny Musikk, parallelt har han insistert på å presentera svært ulike stilar side om side. Det har eg stor sans for. Mykje konsertprogrammering er alt for trygg: Ein programmerer ein sjanger av gongen og plasserer den på scener der desse tradisjonelt høyrer heime. Eg likar at ein gjev lyttaren opplevinga av at stykke vert løfta ut av konteksten sin.


Synleg gjennom samarbeid
I pressemeldinga som vart sendt ut ved tilsetjinga seier Neset at det vert spanande å bringa nytt tankegods inn til norsk samtidsmusikk- og kunstmiljø, og at ho ser eit utviklingspotensial i Ny Musikk.

- På kva plan tenkjer du Ny Musikk bør utviklast?

- Eg trur mellom anna at organisasjonen kan bli meir synleg. Eg ynskjer å utvida horisonten, få Ny Musikk inn i mange ulike felt. Eit naturleg siktepunkt er organisasjonen sin 75-årsdag i 2013.

- Korleis kan organisasjonen bli meir synleg?

- Igjen kan eg ikkje gå for konkret inn på prosjekttenking. Men eg kan seia at eg har lyst til å inngå tettare samarbeid med ei rekkje ulike institusjonar, i Noreg og i utlandet. Eg trur eg har mykje å bidra med gjennom eit nettverk som inkluderer organisasjonar som Tate Modern, Royal Festival Hall og Barbican. Ideen er å få norsk musikk ut i verda, og internasjonal musikk til Noreg. Det har skjedd heile vegen, men eg ynskjer ei større utveksling og fleire internasjonale innslag.

- På Kunstkritikk.no vart det ytra forventningar til at du vil ta inn fleire tverrfaglege prosjekt, som gjerne strekkjer seg i retning av kunstfeltet?

- Ja, absolutt. Eg har både kuratert og skrive mykje om lydkunst. Dette feltet trur eg vil opna seg endå meir; fleire komponistar vil arbeida inspirert av kunstnarar, og omvendt. Mange komponistar tenkjer i dag utanfor papir og scene, med meir enn instrumenta som materiale. Ein kan til dømes tenkja i høve til rommet ein arbeider med. Som resultat av dette kjem verk i sjiktet mellom installasjonar, komposisjon i tradisjonell forstand og konseptuell kunst. Slikt arbeid har eg sans for. For meg er skiljet mellom kunstnarar og komponistar nokså kunstig; det er eit skilje som ein ikkje bør holda seg for strengt til.


Vil reagera og agera
Neset har vore interessert i musikk nær heile livet. Som barn spelte ho klarinett i skulekorps, i tenåra spelte ho i band, og i studietida i England skreiv ho hovudoppgåve om John Cage og støy. I England vart ho snart fascinert av The Wire, der ho byrja med å selja reklame i 1996. Året etter vart ho prosjektleiar og webredaktør. I dag er ho medredaktør – og medeigar – men med jobben i Ny Musikk må redaktørposisjonen liggja.

- Eg kjem nok til å halda fram med å skriva for The Wire. Det er vanskeleg å kutta banda til den plassen der eg har jobba i nesten mitt heile vaksne liv, understrekar Neset.

- Med jamne mellomrom går diskusjonen om problemstillingar kring kritikarar – og andre personar i kunstfeltet – sin habilitet her i Noreg. Kva er ditt syn på dette?

- Eg kan ikkje tenkja meg noko verre enn å måtte skriva kritikk om nokon eg kjenner, det korkje vil eller kan eg. Men det tyder ikkje at ein må halda seg til anten å skriva eller å vera verksam som til dømes kurator. Eg er ikkje nøgd med berre å få ting til å skje på papiret, eg vil gjerne bidra i kulturfeltet. Eg vil ikkje berre reagera på det som skjer, men òg agera. Det har eg gjort sidan 1998. Alt spring jo ut frå ei interesse for musikk. Det å skriva om musikk er ei forlenging av lyttaropplevinga, og særleg i musikkverda tykkjer eg at folk snakkar alt for lite om musikk og sine musikalske opplevingar. Slik sett vonar eg å kunna leggja opp til nokre slike diskusjonar også i Ny Musikk.


Ikkje utlyst
Til sist: Nesets veg inn i Ny Musikk kan sjåast noko krunglete. Stillinga har ikkje vore utlyst, og formelt har ho gått inn i det som er Øyvind Torvund sitt åremål. Parallelt har Agnes Kroepelien gått inn som konstituert dagleg leiar. De kjem begge frå Ny Musikk sitt styre.

- Korleis har denne prosessen gått føre seg?

- Eg vil ikkje seia at det har vore krunglete. Ny Musikk signaliserte alt då dei inviterte meg til å sitja i styret at dei ynskte å knyta meg nærare til institusjonen. Frå før av har eg blitt engasjert som kurator, saman med Rob Young, som også er min mann. Me har kuratert Grønland kammermusikkfestival i 2012, programmet er meir eller mindre lagt, og det var mykje entusiasme kring det me kom fram til. Samtalen med Øyvind Torund heldt fram då han fortalte at han gjerne ville slutta i stillinga fordi han hadde for mykje komposisjonsarbeid. Då vendte styret seg til meg og spurte om dette var ei stilling eg var interessert i. Men den jobben eg har fått er altså det åremålet som Øyvind eigentleg står i.

- Vil styret lysa ut stillinga når åremålet til Torvund er ute?

- Det blir det opp til det nye styret å vurdera når den tida kjem.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Anne Hilde Neset

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no