Bachs originalnoter er en del av utstillingen «I wish this was a song».
Foto: Nasjonalmuseet

Ut av gettoen

Er me merksame nok på dei mange koplingane mellom musikk og kunst?

I Museet for samtidskunst heng eit bilete som gjev gjenklang. Eit fascinerande møte med noko som er stort og massivt gjennomskinnleg. Det er det konkrete underlaget som rører, notane til Bachs musikk, nær uattkjennelege. Likevel står dei der, heilt tydeleg — og innbakt i dette også lyden.

13. september opnar utstillinga «I Wish This Was A Song. Music in Contemporary Art» som samlar ei rekkje kunstnarar sine arbeid med musikk.

- Eg har alltid funne det interessant å sjå på interdisiplinære prosjekt. Slik kunst har ofte noko eige, augeopnande ved seg, fortel kurator og avdelingsdirektør for museet, Sabrina van der Ley.


Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook


Saman med kurator Stina Högkvist er ho glad for å kunna fokusera på ein tendens dei seinare åra; musikken som ein stadig gjengongar i nye verk.

- Tanken er ikkje ny. Ein finn koplingar mellom kunstnarlege uttrykk, heilt attende til antikken, seier van der Ley.

Ho nemner oppfinninga av operaen som kroneksempel på blanding av former. Likeeins synestesiske tilnærmingar på slutten av 1800-talet, der ein forsøkte å omsetja kunst til musikk ved å knyta fargar til bestemte musikalske element.

- I vår tid finn ein aktørar som Brian Eno med bandet Roxy Music. Eno var kunststudent men enda opp med å gje sentrale bidrag til musikkfeltet. Miljøet rundt Cage og dei konseptuelle kunstutstillingane på 60-talet kan også nemnast — eksempla er mange.

Før og no
Verka i utstillinga er forsøkt systematisert etter kunstnarane sine strategiar for å inkorporera musikk i arbeida sine. Ein har òg henta inn referansestykke frå 60-80-talet som syner korleis strategiane tidlegare har vore brukt.

- Eit døme på dette er verket «Violin Tuned D.E.A.D» av Bruce Nauman, der fiolinen nettopp spelar dei fire tonane i ordet ’dead’. I dette finst ein ekstra meining; ’turning something dead’ er å skru av lyden, forklarer van der Ley.

Bruce Nauman: Homepage

- Ein tilsvarande tanke finn me i ein skulptur av høgtalarar, bygd som ein modernistisk bygning frå 50-talet. Fem unge arkitektar i New York er spurt om å synga tonane i ordet ’facade’, og desse opptaka av fasade er det altså skulpturen syng, så den vert levande.

Instrumentet som skulptur
Strategiane er delte inn i kapittel. Eitt kapittel viser korleis ein er inspirert av klassikarane, slike som Bach og Wagner, Jim Morrison og Bob Marley. Eitt anna heiter «Sing Along», eitt tredje «Move It», eit fjerde «Sound of Silence».

Dette siste er eitt av to kapittel som i hovudsak omfattar teikningar, maleri og skulpturar som ikkje har lyd knytt til seg. Slik er dei kjærkome med tanke på lydnivået i utstillinga.

- Det er lagt mykje arbeid i å isolera romma, og ved det einskilde verket vil ein høyra berre dette. Men ein kan ikkje unngå overlappande lydar på vandring mellom roma, seier van der Ley.

For øvrig kunne ein ut frå materialet ha laga eit kapittel om discokuler og alt som er relatert til trommer, legg ho til. Overveldande mange kunstverk tek føre seg desse objekta.

- Tromma er eit favorittinstrument, kanskje fordi lyden og rytmen er så fysisk, og umiddelbart påverkar deg. Instrumentet er i seg sjølv allereie eit slags skulpturelt objekt, det er nok òg fascinerande.


Følg Ballade på Twitter


Alle hendingar har plass
Utstillinga har til sist eit live element. Kvar månad vert det halde 1-2 konsertar, fleire av desse med kunstnarar i utstillinga, som altså er både kunstnarar og utøvarar.

- Når banda er så tette: Kvifor opererer me så gjerne med institusjonelle skilje mellom sjangrane?

- Eg trur at kvart felt har ein tendens til å sjå på seg sjølv først fordi det er nok å ta tak i innan den enkelte profesjonen. Men kunstnarane ser på liva våre, der alle kunstuttrykk og hendingar rundt oss har ein plass. Eitt av måla med utstillinga er å visa korleis samansetjingar kan vera gjensidig opplysande. Me ynskjer å stimulera til å oppsøka andre kunstnarlege uttrykk oftare, så ikkje alle vert verande i gettoen sin. Me har mykje å læra frå kvarandre, seier van der Ley.

«I Wish This Was A Song. Music in Contemporary Art»
14. september 2012 – 20. januar 2013
Viser 83 verk av 48 kunstnarar. Meir informasjon på museet si heimeside.

Del artikkelen på:
                    |     Mer
Bachs originalnoter er en del av utstillingen «I wish this was a song».

Legg til ny kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Nyheter fra NBs notearkiv


For å bevare historiske data er MIC-sidene er inntil videre administrert av Aslak Oppebøen
aslak@musicnorway.no