MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Gunda Djupvik (150x110)Glødende samtidsmusikk-møte i Berlin

Publisert: 01/08/2002 av Marianne Jemtegård

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002010808310092533302

I november inntar nordiske komponister Berlin med ni dager fylt med samtidsmusikk, nordisk kulturhistorie og sirkus. Berlin har i de senere årene markert seg som et kulturelt kraftsenter med åpne ører for nye kombinasjoner, som for eksempel rap og samtidsmusikk. Blant annet vil anerkjente, tyske musikere ta fatt på norske samtidskomposisjoner. - Endeleg kan det vere ein fordel å ha vore sær og stolt og halde på sitt eige lenge, sier Gunda Djupvik fra Norsk Komponistforening. - Nordisk samtidsmusikk har kredibilitet, og under Magma vil den nå ut til et langt større publikum enn her hjemme.


I anledning Magma 2002 lar vi Norsk Komponistforening og deres generalsekretær Gunda Djupvik komme til orde.

Valget av Berlin som møteplass har skapt debatt i de nordiske landene. Hvorfor er Magma 2002 plassert her?
- Berlin er ein by med ein puls som minnar om New York, med ein sterk politisk og kulturell integritet og ei historie som fascinerer alle. Alt har forandra seg der dei siste 15 åra, og likevel er berlinarane dei same. Muren i hovudet er der framleis, skiljet mellom aust og vest er ikkje borte, men no er dei tettare på kvarande, og kan møtast kvar dag. Kulturlivet kokar, folk er entusiastiske, kritiske, opne og kjepphøge på same tid, eit spennande publikum, med andre ord, sier Gunda Djupvik i Norsk Komponistforening.

- Berlin har jo vokst frem som et kraftsenter for ny og spennende kunst i Europa. Hvordan vil du beskrive dagens situasjon for samtidsmusikk i Berlin?
- Berlin består av 3,5 millionar menneske, og sikkert like mange oppfatningar om kva som er godt og kva som er dårleg. Innanfor den nye musikken skjer mykje av det same som her: Grensene vert utviska, og vår musikk får faktisk eit større publikum fordi dei som lyttar til elektronika, rap og andre samplingbaserte uttrykk har oppdaga den nye kunstmusikken som ei rik kjelde for inspirasjon og råmateriale. Endeleg kan det vere ein fordel å ha vore sær og stolt og halde
på med sitt eige lenge! Det gjev kredibilitet og seier noko om at hardt arbeid lønner seg, same kva sjanger eller uttrykk ein opererer innanfor. Fordelen med å vere i ein stor by er at der er heilt sikkert eit publikum, vi må berre finne dei.

- Et av det uttalte målene for Magma 2002 er å fjerne fordommer omkring nordisk kultur og historie. På hvilken måte tar dere i komponistforeningen fatt på dette?
- Vi vil først og fremst vise kva vi står for og korleis den nordiske musikken er i dag. Eg er freista til å seie at viss nokon har fordommar, så er det strålande, sannsynlegvis vert det viktigare å faktisk få folk interessert enn å endre eksisterande oppfatningar. Men i eit mindre, meir fagkunnig skikt blant våre målgrupper kan kanskje haldningsendringar vere eit viktig mål,
nemleg blant dei profesjonelle kulturarbeidarane. Viss vi kan presentere dei for den nye, nordiske musikken, og gjere dei interesserte, har vi verkeleg gjort det stort.

- Tyske musikere skal i løpet av Magma kaste seg over ny, nordisk musikk. Noe du ser spesielt fram til her?
- Tre abonnementskonsertar med Berlin-filharmonien med nordisk musikk blir nok det soleklare høgdepunktet når det gjeld tyskje utøvarar, men vi opplever og den svært hyggelege "spin-off"-efffekten at lokale arrangørar får vite om festivalen, og legg opp konsertar med nordisk repertoar som dei tilbyr oss å ta inn i programmet. Det er nettopp slike verknader vi ynskjer at festivalen skal ha, og "plante" det nordiske repertoaret i Berlin, sier Gunda som ellers har svenske Cirkus Cirkör som sitt festival-høydepunkt.

- Å få sjå det svenske ny-sirkuset si forestilling med ny musikk til, det blir mitt høgdepunkt. Eg er ein visuell person, og har definitivt mest glede av musikk når eg ser noko som illustrerer musikken samstundes med at eg høyrer den. Elles blir det gøy å høyre Oslo Filharmoniske i Berlin-filharmoniens store sal med Vladimir Ashkenazy som dirigent den 26. november. - Og så det svenske Radiokören, då, det blir også strålande. Som gammal korsangar gler eg meg veldig til å høyre dei. Då treng eg ikkje sirkus som illustrasjon!

Norsk komponistforening er i disse dager i smtale med flere norsk konsern om sponsoravtaler til festivalen. For første gang samles norske komponister om å profesjonalisere seg ovenfor sponsorer.

Vi jobbar nå med å sette ord på kva vi kan tilby næringslivet av aktivitetar, tankar og idéar. Det opnar nye muligheiter, og gjer at komponistane blir flinkare til å sjå og verdsetje sin eigenverdi, avslutter hun.
 

Relaterte bedrifter:

Magma 2002 Berlin The Biennial Festival of Nordic Contemporary Music

Norsk Komponistforening (Profesjonelle organisasjoner\Komponister)

Relaterte personer:

, <

Rolf A. Gupta, Komponist, dirigent

Relaterte begivenheter:

Magma 2002 Berlin

Relaterte artikler:

04.05.2005 Synne Skouen: - Viktig med felles front i debatten rundt orkestrene!

30.04.2004 REDLIGHTmusic: Båndet går!

15.04.2004 Gupta tiltrer som sjefdirigent

26.01.2004 Nordisk Komponistråd: - Hva er nordisk musikk?

21.01.2004 Nordiske kor inntar Frankrike

25.09.2003 Ambassaden som kulturressurs

28.08.2003 MAGMA 2002 - 9 måneder etter

21.03.2003 Rolf Gupta ny sjefsdirigent for Kringkastingsorkesteret

28.11.2002 Morse: Dekoding og avlytting

26.11.2002 Kammerteknikk med Cikadakvartetten

25.11.2002 Ballongar og disige avenyar

25.11.2002 Royalfotogén opnings-tone

21.11.2002 Signal om nordisk alkymi

13.11.2002 MAGMA 2002: Himmelen over Berlin

12.11.2002 MAGMA 2002 - med blikket mot Europa

15.10.2002 Lydskrift 2002 - Musikkens nødvendighet

23.04.2002 Synne Skouen er ny president i Norsk komponistforening

Relaterte tema:

03.12.2002 Magma 2002 Berlin

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no