"Skal - skal ikkje" tek utgangspunkt i folkekulturen vår, og er ein blanding av teater, musikk og dans. Regien er ved Leif Stinnerbom, som driver det svenske Västanå Teater og som mottok glitrande kritikkar for si oppsetning av Ibsens "Peer Gynt" ved nyopninga av Rogaland Teater i fjor. - "Skal - skal ikkje" er konsert-teater med fokus på konserten, seier han. - Musikken står i forgrunnen, sjøl om det heile er satt inn i eit dramatisk konsept.
Eit ungt par har funne kjærleiken og vil giftast. Men dei blir begge to utfordra av påkjenningane unge, moderne elskande kan oppleve. Kan han godta hennar sjølstende? Kan ho godta hans binding til mora? Tradisjon og modernitet. Gamle oppfatningar og nye idear. Mann og kvinne. Og svigermor.
Med seg på perkusjon har Kvarts Birger Mistereggen, som forsterkar det dramatiske og drivande lydbildet til handlinga. I rollene som brura og brudgomen finner vi Øyonn Groven Myhren og Hallvard Holmen, og Berit Opheim er den konservative, men livsvise mora til brudgomen. Dansarane Martin Myhr og Solveig Hårdnes, to velkjende namn innan folkemusikken, er maskeparet som illustrerer og kommenterer handlinga gjennom dans, gester og bruk av maskene.
Her er turnélista for "Skal - skal ikkje":
Relaterte bedrifter: |
|||
Kvarts (Plateselskap) | |||
Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner) | |||
Relaterte personer: |
|||
Øyonn Groven Myhren, Folkemusiker, Kveder | |||
Relaterte artikler: |
|||
01.09.2000 Øyonn Groven Myhren - Månadens Artist hos Norsk Folkemusikkatalog | |||
20.10.2005 Tryllefløyta - ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang | |||
15.04.2005 Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene | |||
17.09.2002 Polsdans og Plagiata - i Hilmar Alexandersens fotefar | |||
MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no