MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Kammerteknikk med Cikadakvartetten

Publisert: 11/26/2002 av Nicholas H. Møllerhaug

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2002112611452890389562

- I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber - og endå fleire kjende si besøkelsestid enn i løpet av helga. Kanskje hypen med kronprinsen hadde ein funksjon, slik eg sjølv ymta om i mi gårsdagsmelding. Dette er Magmamelding nr 3 frå Nicholas Møllerhaug - ballade.no sin utsendte i den tyske hovudstaden.

Cikada Quartet, Berlin (246x184)

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin

Magmamoroa fortset her i Berlin. Igår var det på ny duka for ein konsert kor endå fleire kjende si besøkelsestid enn i helga. Kanskje hypen med kronprinsen hadde ein funksjon, slik eg sjølv ymta om i mi gårsdagsmelding. Det kan truleg ha like mykje å gjere med det gode ryktet Cikada sist dei vitja Tyskland. Då leverte dei ein solid konsert under den store samtidsmusikkfestivalen i Witten. Det er ein dagsferd frå Witten til Berlin - difor var det nok mange i går som endeleg kunne høyre gjengen dei har høyrd rykter om. Berre programmet dei spelte var grunn nok til det.

Ein velfyld sal fekk fyrst innsikt i live-electronics-verda til den svenske komponisten Åke Parmerud. Cikada Duo - den kompromisslause duodelen av Cikada - spelte det fersket verket 'Zeit aus Zeit' med komponisten sjølv bak spakane. Det vart også eit møte med eit verk som i sin formdiversitet burde vore litt kortare. Særleg slår tanken eit for å yte rettferd til det instrument-responsive materialet Parmerud hadde klart. Kenneth Karlsson og Bjørn Rabben er ein gruppering som speler sjeldan godt i lag: og får fram slektskapet mellom dei pianoet og slagverket. To slagverksinstrument. Dette samspelet er også blitt varemerket for den mest resirkulerbare i Cikada-ensemblet - nemleg pianisten Kenneth Karlsson. Han var ein gjennomgongsfigur under gårdsdagskonserten med fleire ufordrande pianonoter på klaveret.

Cikadakvartetten fekk også gjort mykje utav seg igår - både med Streichquartett Nr. 2 av Halflidi Hallgrimmson og Nymphea av Karija Saariaho. To verk med veldig ulike kammertekniske utfordringar - det eine spelte på den meir vaklevorne og menneskelege delen av uttrykkskalaen. Hallgrimsson er på mange måtar ein romantikar som får fram eit til tider veldig melodisk materiale. Fordelen hans er at han aldri blir for patetisk - litt patetisk må ein kanskje kunne vere. På norsk er diverre ordet blitt eit skjellsord. Dei kontrastive kvartettsatsane hans spelte fint opp mot einannan. Dei til dels litt 'sure' crispy tonane som er signaturen hans fekk fram ein god programregi: At Saariaho endte konsertmoroa var eit godt val - ho sit jo verkeleg på toppen av parnasset når det gjeld asketisk komplekst uttrykk. Linjene hennar er prega av både dialog med avansert software og lyrisk temperament: Det gjer musikken til Saariaho sylskarp i den intenst dialogen ho fører med instrumentariet ho opererar med.

Den nordiske settingen treng kommenterande krefter for å bli sett i ein større samanheng. Elles kan denne verda bli for intern. Dette verker som ein idiotisk måte å seie at den nordiske musikken er ei straumlinja masse. Det er tvertom ikkje - det fekk me jo verkeleg sjå frå fyrste stund igår. Parmerud speler seg inn i den elektrofoniske tradisjonen til svenskane: frå studioet i Sveriges Radio. Valet av Parmerud viste seg iallfall som ein knallhard motsats til Hallgrimsson og Saariaho. Men, ikkje minst gjorde det Karlsson gav oss som solist igår kveld dette. For det fyrste var det den merksnodige og vemodige kommentaren til musikksoga Asbjørn Schaathun signerte - Stravinsky goes Bach and Schaathun goes Frescobaldi. I løpet av denne treminuttar lange urframføringa kom komponisten fleire gongar inn i eit Bach/Frescobaldiforedrag. Alt skjedde med fleire djuptgåande pausar som plutseleg blei avbrotne og så fortsatt med utviklingar i same retning - ei slags kronologisk delaykjensle.

Luigi Nono sitt verk for pianosolo med elektronikk - Sofferte Onde Serene - vart knallkommentar til det nordiske. Dette hadde ein fin posisjon til dette elles heilnordiske programmet. Ikkje minst fekk me som tilskodarar eit nytt innsyn i meisterskapet til Karlsson. Sjølv om plata han spelte inn med dette stoffet er storarta - er verket live ei endå stor oppleving. Elektronikken kjem fullt til si rett. Det er få betre måtar å beskrive det nordiske på enn å setje det i samanheng med Syden. Ikkje utan grunn at norden blir kalla mezzanotte på italiensk - det betyr midnatt. Syden blir derimot kalla mezzogiorno på italiensk - middag betyr de. Det heile har med lys og temperament å gjere: velillustrert gjennom musikken.
 

Relaterte bedrifter:

Magma 2002 Berlin, The Biennial Festival of Nordic Contemporary Music

Cikada (Utøverinstitusjoner\Ensembler)

Relaterte personer:

Bjørn Rabben, Slagverker

Kenneth Karlsson, Pianist

Relaterte begivenheter:

MAGMA2002 Berlin

Relaterte artikler:

08.01.2002 Glødende samtidsmusikk-møte i Berlin

12.11.2002 MAGMA 2002 - med blikket mot Europa

21.11.2002 Signal om nordisk alkymi

25.11.2002 Royalfotogén opnings-tone

25.11.2002 Ballongar og disige avenyar

15.06.2007 Elektronisk Nordheim

03.12.2004 Mye publikum på nordiske dager

12.05.2004 Cikada og Bræin med forsmak på CD

29.04.2004 Cikada inntar København og Malmö

02.04.2004 God påske med Cikada

18.03.2004 Cikada gjør nordisk program i Bergen

09.02.2004 Fransk ring sluttes for Lasse Thoresen

26.01.2004 Nordisk Komponistråd: - Hva er nordisk musikk?

21.01.2004 Nordiske kor inntar Frankrike

19.11.2003 Cikada Duo og Nordheim vakte begeistring i Danmark

28.08.2003 MAGMA 2002 - 9 måneder etter

21.05.2003 Stor Oslokonsert med Cikada

14.03.2003 Blendende Dark Matter i Berlin

03.12.2002 Buss-stereo

02.12.2002 Asheim fantastisk - Marhaug sabotert

29.11.2002 Det nye Titano: Trekkspelvreng og Kletzmer

28.11.2002 Morse: Dekoding og avlytting

27.11.2002 Valen i Berlin - ein mental referanse

Relaterte tema:

03.12.2002 Magma 2002 Berlin

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no