MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Noter (300x300)Kulturmeldinga om MIC, dokumentasjon og informasjon

Publisert: 09/02/2003 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2003090211180568755779

- Dokumentasjon og informasjon om norsk musikkliv er ein naudsynt føresetnad for eit levande musikkliv, heiter det i Kulturmeldinga. Dokumentasjonen av og informasjonen om norsk musikkliv er organisert på ulike måtar. Dels er arbeidet knytt til bestemte musikkformer og lokale miljø innanfor musikkfeltet og dels til meir landsomfattande institusjonar og nettverk med verksemd på tvers av sjangergrenser. Fellesløysingar og fagleg samarbeid kan medverka til å styrkja denne delen av musikklivet, meiner Kultur- og Kirkedepartementet, som særleg tar opp Musikkinformasjonssenterets si rolle.


Fra St.meld. nr. 48 (2002-2003), Kulturpolitikk fram mot 2014. Del 7.12: Dokumentasjon og informasjon

Musikkinformasjonssenteret (MIC) har som føremål å arbeida for auka bruk av norsk musikk i inn- og utland. Informasjonssenteret skal aktivt informera om og profilera kvaliteten i musikklivet i Noreg (komponistar, utøvarar og andre aktørar som har norsk statsborgarskap, eller som bur og i hovudsak har verksemda si i Noreg) uavhengig av sjanger og kunstnarleg/estetisk ståstad.

Musikkinformasjonssenteret produserer framføringsmateriell for norske musikkverk og distribuerer og formidlar dette til framføringsinstitusjonar og utøvarar verda over. I tillegg står dei for informasjon om og profilering av norske skapande og utøvande tonekunstnarar og andre bransjeaktørar i inn- og utland. MIC er ansvarleg utgjevar av ballade.no, som er Noregs største nettavis for musikk, og av mic.no/english, som er ein viktig nettportal til norsk musikkliv for utlandet, med mellom anna nyhende, oversyn over skapande og utøvande kunstnarar, innhaldsliste over verk, diskografiar, kalender over tiltak, institusjonar og bransjeregister. MIC medverkar òg til å organisera norsk deltaking på sentrale musikkmesser i utlandet. Senteret har vidare ansvaret for distribusjon og profilering av innkjøpsordninga for nye norske fonogram og for Utanriksdepartementet si reisestøtte til profesjonelle musikarar i utlandet.

Oppgåva med vedlikehald og oppdatering av landets mest komplette kontakt- og bransjeregister for norsk musikkliv og forvaltninga av ei manuskriptsamling med over 7000 norske musikkverk gjer Musikkinformasjonssenteret til eit sentralt miljø for dokumentasjon av norsk musikkliv.

Det er eit udekt behov for systematisk å samla, oppbevara og leggja til rette brukarvenleg dokumentasjon over norsk rock og populærmusikk. Norsk kulturråds utgreiing om populærmusikken peiker på at eit arkiv for populærmusikk bør utviklast i eit samarbeid med arkiva for dei nærskylde musikkformene viser og jazz, der Norsk Jazzarkiv og Visearkivet er sentrale miljø.

Musikkinformasjonssenteret, Norsk Jazzarkiv og Visearkivet vil ha behov for meir tidhøvelege lokale og betre infrastruktur. Den rehabiliterte hovudbygningen for Nasjonalbibliotekets Oslo-avdeling vil ha rom for ei samlokalisering av de nemnde institusjonane. Ei samlokalisering hjå Nasjonalbiblioteket vil òg fagleg kunna medverka til å styrkja dokumentasjonsverksemda omkring norsk musikkliv. Nasjonalbiblioteket har omfattande samlingar av lydopptak, frå dei eldste voksrullane til dei nyaste DVD-platene, og samlingane veks uavbrote gjennom den tilførsla som følgjer av lov om avleveringsplikt for allment tilgjengelege dokument.

Ei slik samlokalisering legg til rette for eit styrkt miljø både musikk- og dokumentasjonsfagleg. Ei samlokalisering av dei tre miljøa og Nasjonalbiblioteket vil ikkje minst gje høve til meir kostnadseffektiv utnytting av teknologi og styrkja kompetansegrunnlaget når det gjeld å ta i bruk ny informasjonsteknologi på området. Eit arkiv for norsk rock og populærmusikk vil høva godt innanfor eit slikt større miljø.

Departementet tek sikte på at alle desse skal vera på plass når den rehabiliterte bygningen for Nasjonalbiblioteket på Solli plass i Oslo opnar for publikum i 2005, jf. kap. 11.5.3.
 

Relaterte bedrifter:

Musikkinformasjonssenteret - MIC (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek; Forlag\Musikk)

Norsk Jazzarkiv (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Norsk Visearkiv (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Nasjonalbiblioteket, avd. Oslo (Bibliotek/arkiv\Fagbibliotek)

Kultur- og kirkedepartementet (Offentlige institusjoner\Departementer)

Relaterte artikler:

12.02.2003 Utenriksdepartementets reisestøtte overført til MIC

27.03.2003 Norsk kulturråd støtter notedigitalisering i MIC

31.01.2003 Reisestøtte til profesjonelle musikeres konserter i utlandet - retningslinjer

17.01.2003 Ballade nominert som beste nettsted

06.11.2002 Nye rekordtall for Ballade og MIC.no

24.10.2002 Høringsuttalelse fra MIC

10.04.2003 Norsk jazzforskning i dobbel utgave

23.10.2001 Norsk jazzbase er på plass

20.09.2000 Vellykket konferanse om jazzforskning

23.01.2003 Norsk visearkiv er 20 år

11.11.2002 Rådet for folkemusikk og folkedans om Norsk visearkiv

01.11.2002 Steinar Ofsdal: - Kunst og kultur i markedets makt

17.10.2001 Nasjonaldiskografi på nettet

19.06.2002 Båndsalat i den norske musikkbransjen

09.02.2007 Når blir popmusikk kunst?

15.08.2005 Norsk Jazzarkiv - et kompetansesenter

15.08.2005 Kongen åpner nasjonalbiblioteket

15.08.2005 Lydkonferansen 2005: En møteplass for alle som er opptatt av lyd

09.06.2005 Adolf Østbye - Norges første grammofonstjerne

09.06.2005 Da de første norske grammofonstjernene sang seg inn i evigheten

07.04.2005 Rapport fra Musikkmesse Frankfurt 2005

02.12.2004 Musikkinformasjonssenteret lanserer artisthjelp

19.10.2004 Elef Nesheim: Tale ved MICs 25-årsmarkering

31.08.2004 Et eget århundre: Pauline Halls Verlaine-suite

25.08.2004 Et eget århundre: Ludvig Irgens-Jensens Heimferd - forbindelsen til det forgangne

18.06.2004 Farvel, herr Walderhaug

27.05.2004 Et eget århundre: Landsdekkende symfoniorkestersamarbeid og jubileumsbok

30.03.2004 Det store Kulturløftet - felles kulturplattform fra SV, Sp og AP

27.01.2004 MIC inn i et jubileumsår

15.01.2004 Rockhistorie, nye strykekvartetter og middelalderballader

23.12.2003 MIC takker for i år!

21.10.2003 Kulturmeldingen og den problematiske populærmusikken

20.10.2003 Høring om kulturmeldingen

08.10.2003 Innkjøpsordningen og festivalstøtteordningen foreslås styrket

15.09.2003 Om kulturmeldinga: - Toler kulturlivet fri ferdsel?

08.09.2003 Kulturmeldinga: Om opera og dans landet rundt

03.09.2003 Debatt i Kirken - Kultur i fokus

03.09.2003 Kulturmeldinga: Særskilt om kor

Relaterte tema:

Ballade (2000 - )

02.09.2003 Kulturmeldingen 2003: "Kulturpolitikk fram mot 2014"

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no