MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk- og Danselag) (320x249)Opningskonsert og tingingsverk for hardingfele til Osafestivalen og Ultima

Publisert: 09/30/2003 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2003093010320772298924

Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele. Føremålet har vore å setja fokus på instrumentet for vår tids komponistar. Dei fem komponistane, Michael Finnissy, England, Malin Bång, Sverige, Kevin Volans, Irland, Kunsu Shim, Korea og norske Asbjørn Schaathun har på førehand fått eit innblikk i dei tradisjonelle uttrykksformene ein har på hardingfela.


Intensjonen har vore at verka skal kunne utøvast av ein spelemann slik at det vil klinge på instrumentet. Dei tre utøvarane som er plukka ut til dette prosjektet er Nils Økland, Liv Merete Kroken og Lars Underdal, heiter det hos Norsk Folkemusikk- og Danselag, som har vald desse konsertane som Månadens Artisfgfokus for oktober 2003.

Nils Økland er ein særs kreativ og oppsiktsvekkjande hardingfelespelarar, ein allsidig utøvar på fiolin og hardingfele som har brukt mykje tid på fleire stilar innan både folkemusikk og klassisk musikk. Han er frilans musikar involvert i mange ulike prosjekt og har gjeve ut 2 soloplater med mykje eigenprodusert musikk. Bakgrunnen hans gjorde han til eit naturleg val for eit prosjekt som dette

Liv Merete Kroken og Lars Underdal var begge studentar ved fyrste kullet på Spelemannsskulen ved Ole Bull Akademiet. Med bakgrunn i heimbygda Hornindal i Nordfjord er Liv Merete Kroken utøvar av musikk frå Nordfjord til Hardanger. Utover å vera soloutøvar har ho i lag med Sigrid Moldestad duoen Spindel, og dei to med Unni Løvlid trioen Fjøgl. Repertoaret i desse to gruppene byggjer på både tradisjonell musikk og ein del eigenprodusert materiale.

Lars Underdal voks opp i Vinje i Telemark og har difor felespel frå Telemark som sitt basisrepertoar. Han er med i gruppa Blåmann Blåmann som dei siste åra har vore aktive både på festivalar, turnear og enkeltkonsertar. Sist år var han solist med Sinfonietta Dresden i "Violintripelkonzert" av Karsten Gundermann, under Dresdner Tage der zeitgenössischen Musik. Han har og vore med på fleire CD-plater og gav i 1998 ut plata "Gullfakse" på NOR-CD.

Om du vil lese meir om utøverane, kan du gå vidare til denne sida hos Norsk Folkemusikkkatalog.

Prosjektet er støtta av Lindemans Legat, Landslaget for spelemenn og Fond for utøvende kunstnere. Opningskonserten på Osafestivalen finn stad på Nain, fredag 10. oktober kl. 19, mens konserten under Ultimafestivalen blir å sjå i Lindemansalen, sundag 12. oktober kl. 15. Heimesidene til Osafestivalen finn du her, medan Ultima har denne nettadressa.
 
 

Relaterte bedrifter:

Osafestivalen (Festivaler\Oktober)

ULTIMA (Festivaler\Oktober)

Relaterte personer:

Nils Økland, Folkemusiker, Fiolinist

Asbjørn Schaathun, Komponist

Relaterte begivenheter:

ULTIMA 2003

Osafestivalen 2003

Relaterte artikler:

26.08.2003 Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

11.10.2002 EYFO med avslutningskonsert på Osafestivalen

16.10.2001 Om Osafestivalen 2001

23.11.2000 Engelsk suksess for Nils Økland

16.10.2000 Nils Økland i The Wire

10.08.2001 Etterdønninger på Blå

25.10.2002 Fjøgl til fjells

26.09.2003 "No Title Performance": En verden snudd på hodet

26.09.2003 "No Title Performance": Det kvinnelige evangelium

19.09.2003 Christian Eggen - Oslos musikalske kosmopolitt

22.09.2003 Christian Eggen: - Mozart er samtidsmusikk det også, så lenge det blir spilt i dag

02.09.2003 Ultima 2003: Ekko fra en æra

21.10.2008 Osafestivalen starter torsdag

23.10.2007 Osafestivalen starter torsdag

24.10.2006 Osafestivalen 2006

05.11.2004 Nils Økland med lanseringskonsert måndag

14.10.2003 Sindre Andersen: Småplukk fra Ultima

10.10.2003 Siste helg med ULTIMA

10.10.2003 Kevin Volans' minimalistiske arkitektur

10.10.2003 - Jeg er ikke ferdig ennå!

07.10.2003 Exploratio Invisibilis - en lasermålt reise i lyd

07.10.2003 Portettkonsert med Jon Øivind Ness

07.10.2003 Oslo Domkor: - Mye vellyd, men få overraskelser

02.10.2003 Det Norske Kammerorkester under Ultima-festivalen

02.10.2003 DANS FOR KAMERA - Bevegelser over lerretet

01.10.2003 Installasjoner under Ultima 2003: "The Tunnel of Light"

01.10.2003 Ultima som internasjonal møteplass for publikum og kunstnere

Relaterte tema:

09.10.2003 Ultima 2003

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no