MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Intro Folk: Stort løft for norsk folkemusikk

Publisert: 11/12/2004 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2004111210210087210345

Det var mange blide andlet å sjå på Fabrikken onsdag 10. november då det nye lanseringsprogrammet for unge folkemusikarar - Intro Folk - vart lansert. Programmet er eit samarbeid mellom Rikskonsertane, Norsk folkemusikkformidling og Den norsk Folkemusikkscena, og Intro Folk kan få ei viktig rolle i å setje folkemusikk på dagsorden i media og musikkbransje, skriv folkemusikkbladet Kvinten.

Majorstuen ved Gjermund Larsen og Andreas Ljones, 2004 (Foto: Kvinten) (200x169)

Av Kvinten - meldingsbladet til Norsk folkemusikk- og danselag

- Vi er i ei tid der norsk musikk er på offensiven. Dette er resultatet av ei langsiktig utdanningsatsing som har ført til revitalisering av norsk musikk, sa konsertsjef i Rikskonsertane, Helge Skansen då Intro Folk vart lansert på Fabrikken i Oslo onsdag.

Intro Folk er eit lanseringsprogram for unge folkemusikarar som spelar samisk eller norsk folkemusikk, som er lagt opp som ein konkurranse. Desse tevlingane vil finne stad på Telemarkfestivalen, Førdefestivalen, Riddu Ridddu og Ål-dagane før finalen på Jørn Hilme-stemnet. Vinnaren spelar både på Osa-festivalen, Kalottspel og Nordsjøfestivalen same år.

- Initiativet til Intro Folk har kome frå Norsk folkemusikkformidling og Den norske Folkemusikkscena ved Ola Berge og Asgaut Bakken, og Rikskonsertane var villige til å henge seg på. Ein kan stille seg skeptisk til konkurranseaspektet, men vi opplever at dette er svært effektivt for merksemd og oppslag i media. Samstundes er presentasjonen av dei ulike gruppene og solistane på festivalane i seg sjølv ei lansering, uttalte Skansen.

Kulturminister Valgerd Svarstad Haugland kasta glans over opninga og uttrykte stor glede over at Intro Folk no er ein realitet.

- Eg skjøner godt at folkemusikkmiljøet har ønskt dette lanseringsprogrammet som jazz og klassisk no har hatt ei tid, uttalte Svarstad Haugland etter opninga, og i talen sin repeterte ho kor viktig det er å gjere folkemusikken konkurransedyktig i forhold til andre kunstuttrykk.

Andreas Ljones, profilert ung folkemusikar, la også vekt på dette, og trakk fram kor viktig det er å ha økonomiske ressursar til å satse på ei artistkarriere.

- Kvalitet, pengar og eit PR-apparat er dei tre viktige ingrediensane for å slå gjennom som artist, og dette har Intro Folk, sa ein entusiastisk Ljones.

Deretter spela Majorstuen to rykande ferske låtar frå det nye albumet deira. Dei i salen som måtte vere forbehaldne til folkemusikkens potensial som høgste kvalitetsmusikk og underhaldning i ei og same tapning, gjekk truleg frå Fabrikken med nye tankar.
 

Relaterte bedrifter:

Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner)

Den Norske Folkemusikkscena (Amatørorganisasjoner; Konsert management / Event; Profesjonelle organisasjoner\Musikere; Støtteordninger)

Norsk Folkemusikkformidling (Booking)

Kvinten (Media\Tidsskrift)

Relaterte personer:

Helge Skansen, Konsertsjef

Valgerd Svarstad Haugland, Kultur- og kirkeminister

Ola K. Berge, Artistprofilering og formidling

Relaterte artikler:

23.10.2002 OsloFOLK - ny festival for folkemusikken

14.02.2002 Levende folkemusikk i Oslo

15.04.2002 Konsert med Trispann

11.09.2001 Øyonn Groven Myhren på FolkemusikkPØBB

10.11.2004 INTRO-folk: Storsatsing på folkemusikk

03.11.2004 Womex 2004: - Dette er sjansen folkemusikkmiljøet har til å komme ut i verden

20.11.2003 Folkemusikkmiljøet vil ha egen folkemusikkpris

13.10.2003 Oslo lag for folkemusikk er 100 år - om media, bevisstgjering og interesse

06.03.2003 Norsk Folkemusikkformidling: - NRK si Grand Prix-flause

01.11.2002 Sterk norsk profil på årets Womex

12.02.2001 Norsk folkemusikk til Vancouver

28.03.2001 Folkemusikkens vaktbikkje

07.09.2007 OsloFolk: Lanserer høstprogram

21.06.2007 Folkemusikken ser ut

20.04.2007 Den Store Norske Gitarkvartett på Fabrikken

18.01.2007 Granli og Brimi med felles turné; innleder konsertsesongen på OsloFOLK

22.09.2005 Ny sesong med folkemusikk i Tromsø

30.05.2005 Startskotet har gått for INTRO-folk 2005

15.04.2005 Folkemusikkgruppa Dvergmål på turné for Rikskonsertene

22.02.2005 INTRO-folk: Åtte folkemusikk-formidlere i kappestrid

08.02.2005 Verdensmusikalsk felespill på Norgesturné

08.02.2005 Majorstuen lanseres på World- og Folkmarkedet i USA

07.01.2005 Unni Løvlid: - Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

15.12.2004 Ledige stillinger i Rikskonsertene

14.12.2004 Storsatsing på norsk kultur i utlandet - men Pål sine høner blir heime

10.12.2004 INTRO-folk søker unge, dyktige folkemusikere

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no