MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Buen Garnås fikk ærespris

Publisert: 09/27/2005 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2005092712245242287937

Folkemusikeren Agnes Buen Garnås er blitt tildelt Norsk kulturråds ærespris for 2005. Prisen er på 300 000 kroner. «Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken,» heter det i begrunnelsen.

Agnes Buen Garnås (Foto: Anders Bruen) (220x285)

Her er pressemeldinga fra Norsk kulturråd i sin helhet:

"Norsk kulturråd gir æresprisen for 2005 til folkemusikaren Agnes Buen Garnås. Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.

Agnes Buen Garnås vaks opp med folkemusikk og folkesong i heimen, og byrja tidleg å kvede. Alt i ung alder vann ho Landskappleiken seks gonger og har sidan dét medverka på 22 innspelingar. Dei dekkjer eit stort kunstnarleg spenn: frå tradisjonell solokveding og gruppesong over til meir eksperimentelle og sjangerovergripande musikkformer. Garnås har vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år og undervist konservatorie- og universitetsstudentar, samstundes som ho har halde talrike kurs i regi av folkemusikkorganisasjonane. Ho har dreve utstrakt konsertverksemd i inn- og utland og samarbeidt med musikarar innanfor eit bredt spekter av musikksjangrar.

Garnås har og vore sentral i arbeidet med folkemusikk for born og unge. Gjennom innspelingar, arbeid i skulen, turnering med Rikskonsertane og tverrkunstnarleg samarbeid har ho formidla vidare folkemusikktradisjonane til dei minste.

Agnes Buen Garnås er framfor alt kjenneteikna av eit stort personleg engasjement og kjærleik til det stoffet ho formidlar og ei sterk interesse for dei mange ho møter".

Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 300 000 kroner. Agnes Buen Garnås vil og motta ein bronseløve av Elena Engelsen.

Norsk kulturråd har sidan 1968 delt ut denne årlege æresprisen. Lista over prisvinnarane inneheld ei rekkje kjende personar frå norsk kulturliv, mellom anna Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft-Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker-Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Erik Bye, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark, Edith Roger og Jon Fosse. Æresprisen i 2004 gjekk til Jan Garbarek.

Prisen blir delt ut under ein seremoni i Oslo Konserthus mandag 12. desember 2005.»
 

Relaterte bedrifter:

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

Ole Bull Akademiet (Musikkutdanning\Høyere utdanningsinstitusjoner; Plateselskap)

Landskappleiken (Festivaler\Juni)

Rikskonsertene (Konsert management / Event; Offentlige institusjoner)

Oslo Konserthus (Konsertsteder\Saler)

Relaterte personer:

Agnes Buen Garnås, Kveder, Artist

Jan Garbarek, Jazzmusiker, SaxofonistKomponist

Alf Prøysen, Visesanger

Sigbjørn Bernhoft Osa, Spelemann

Harald Sæverud, Komponist

Arne Nordheim, Komponist

Arve Tellefsen, Kunstnerisk Leder

Erik Bye, Artist, Visesanger, Dikter

Relaterte artikler:

07.12.2004 Kulturrådets ærespris til Garbarek torsdag

21.09.2004 Jan Garbarek får Norsk kulturråds ærespris for 2004

26.08.2005 NRKs Gro Holm: - Slåttespelet er ufattelig rikt

25.08.2005 Árinn - folkemusikk anno 2005

23.08.2005 Turistar i eige landskap samlar sumarminne

02.12.2004 Født i 1801 - debuterer i 2004

17.09.2004 Melankolsk folkemusikkduo på Fabrikken

18.03.2004 Programslepp for Telemarkfestivalen

01.11.2002 Ny versjon av "Draumkvedet"

27.09.2002 Vokal folkemusikk i Valle

13.09.2002 Landstad-feiring frå Kviteseid til Stiklestad

10.06.2002 Agnes Buen Garnås syng Landstad - i Landstads kyrkje

03.07.2007 Camilla Granlien vant igjen

19.01.2006 Alf Prøysens hederspriser 2005: Æresprisen til Arthur Arntzen

08.12.2005 Agnes Buen Garnås får Kulturrådets ærespris måndag

30.11.2005 Erik Bye lever videre

03.11.2005 Etter "Tryllefløyta": Vår heimlege stil i Operaen?

20.10.2005 "Tryllefløyta": Ein stemningsrapport

20.10.2005 Tryllefløyta - ein folkeopera: Rikskonsertenes største satsning noen gang

14.10.2005 Turné- og arrangørtilskot frå Norsk kulturråd

13.10.2005 40 musikkutgivingar blir innkjøpte

28.09.2005 - En pris til folkemusikken

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no