MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Seglem om innkjøpsordninga: Einsretta, smal - og konkurransevridande?

Publisert: 09/28/2006 av Karl Seglem

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2006092812280515620965

- Kva kan Liv Sandven, Tore Johansen, Marit Karlsen, Lene Grenager og Hallgrim Berg om norsk platebransje? Eg tvilar ikkje eit sekund på at dei gjer sitt absolutt beste i det vanskelege arbeidet – men er det tilstrekkeleg? Spørsmålet stilles av Karl Seglem. Seglem forteller at han for 19 gang blitt nullet fra innkjøpsordningen, mens hans plateselskap NORCD har blitt nullet 42 ganger. Han etterlyser nå klarere kriterier for tildelingen av denne, som han omtaler som "både ensrettet og smal". Seglem hevder også i dette innlegget at "plateselskap som Tuba er forfordelt på mistenkelig vis, noe som er svært uheldig for norsk platebransje". Seglem stiller også spørsmål om så store tilskudd til ett selskap kan være fatalt konkurransevridende: Vil me ha mangfaldet også i framtida nyttar det ikkje å kjøpa inn fem utgjevingar frå same selskap. Det skapar einfald. Det betyr kanskje at fire små selskap legg ned?, spør Seglem.

Karl Seglem 2006 (330x328)

Av Karl Seglem, musikar og komponist

Kva er breidde? Kva er mangfald? Kva er norske fonogram og kva er eit mangfaldig og kreativt produksjonsmiljø for fonogram med musikk av utøvarar og komponistar i Norge? Og endeleg, i kor stor grad tenker eit fagutval på dette i forhold til tildelinga av statlege midlar?

Spørsmåla har vorte stilte mange ganger dei siste ti åra. Dei må stillast igjen.

Kunnskaps- og historieløysa, eller gløymsla, tek oss som kjent fortare enn me vil innrømma. Me veit at det på trass av ei aukning på ein million kroner på fjorårets statsbudsjett framleis ikkje er nok midlar til å kjøpa inn alle dei gode fonogram som vert produsert i dette landet.

Undertegna argumenterte ved fleire høve og på linje med Fono og andre frå nittitalet og seinast i 2003, om å styrka ordningen. I 2005 vart ordningen tilgodesett med ein million ekstra, men ligg framleis langt etter forholda i bokbransjen.

Eit av argumenta mine i forrige runde av debatten var at når ordningen ein gong i framtida kanskje fekk nok midlar, måtte ein gå gjennom kriteriane. Tidlegare diskusjonar og artiklar om ordningen finst i Ballade sitt arkiv.

Einsretta og smal liste
Det er på høg tid å gå gjennom kriteriane for innkjøp i sin fulle breidde, i samarbeid med representantar for bransjen. Sjølv om - eller nettopp fordi det framleis er så få midlar i ordningen. At dette er naudsynt viser tildelingane frå tredje tildelingsrunde 2006. I femten år har eg lese tildelingslistene.

Eg har aldri tidlegare sett ei slik einsretta og smal liste, så få mottakarar av forholdsvis mykje statlege midlar.

Eg les listene som ein solid brist i fagutvalet sitt arbeid. Fagutvalet har i svært liten grad teke omsyn til breidde og mangfald når det gjeld fordelinga til ulike plateselskap. Har ikkje eit fagutval ansvar også for å ta omsyn til dette ved tildeling? Svaret på det er antageleg nei, - fordi ingen har omarbeida kriteriane og tilrettelagt for den røynda norsk platebransje lever i idag.

Innkjøpsordningen og det eksisterande fagutvalet syner at dei har veldig liten kunnskap om platebransjen og alle dei aktørane som gjev ut CDar. Kva kan Liv Sandven, Tore Johansen, Marit Karlsen, Lene Grenager og Hallgrim Berg om norsk platebransje? Eg tvilar ikkje eit sekund på at dei gjer sitt absolutt beste i det vanskelege arbeidet – men er det tilstrekkeleg?

Konspirasjonsteoriar om korrupsjon
Eg har stor respekt for arbeidet til andre uavhengige plateselskap som til dømes Tuba records. Men at heile fem utgjevingar frå dette selskapet har blitt innkjøpt er nærast mistenkeleg. Det er ei enkel sak å sjekka styresamansetninga i selskapet via Brønnøysund for eventuelt å produsera konspirasjonsteoriar rundt korleis noko slikt kan skje, men det er kanskje å dra det litt langt?

Eg vågar iallfall å påstå at ei slik skeiv fordeling i eit selskap sin favør er svært uheldig for den norske platebransjen generelt. At eit selskap åleine oppnår statleg innkjøp og mottek godt over 260 000 kroner, vil i neste omgang bety at det selskapet og den sjangeren (i dette tilfellet populærmusikk), er styrka i forhold til andre selskap og sjangrar.

Eit plateselskap åleine er etter mitt syn langt frå nok til å skapa mangfald. EMI får kjøpt inn tre av populærmusikk-utgjevingane sine, ta:lik tre folkemusikk-utgjevingar og selskapa under Grappa-paraplyen gjer det som vanleg godt.

Lista fortel at ein del midlar har komme få til gode, noko eg meinar er beklageleg og skadeleg for ein sårbar bransje.

Sint sutrekopp i glashus?
Bakgrunnen for å skriva innlegget er at for andre gang vart forfattaren Jon Fosse og undertegna nulla. Sist var i 1996 med utgjevinga “Prosa”. I år kom “Dikt”.
Eg er fullt klar over at eg sit i glashus og av mange vil bli oppfatta som ein sint sutrekopp som (igjen) ikkje er funnen god nok.

Det er ikkje første gangen på desse femten åra eg har drive NORCD at eg sender inn klage på sakshandsaminga - som er det einaste ein kan gjera (samt be det såkalte fagutvalet å vurdera CD'en ein gong til). Det vil bli ei svær utfordring å argumentera betre for kvalitetane til ein av våre største nolevande forfattarar. Og for at stemma til denne forfattaren skal bli å finna på norske bibliotek med musikk av undertegna. Mine eigne kvalitetar vil eg beskjedent nok halda meg for god til å kommentera i denne omgang.

Norge - ingen kulturnasjon
Mitt mantra er som kjent at Norge ikkje er nokon kulturnasjon, men eg ynskjer ikkje å framstå som like tåpeleg som forfattaren S. Morgenstierne som på martyrvis (fordi ho ikkje vart kjøpt inn sjølv) sette seg ned og las alt som vart kjøpt inn av bøker i 2005, og som sidan skreiv side opp og bloggar i hytt og skvatt og nord og ned om kor vanvittig dårleg det som vert innkjøpt er.

Eg har anna å bruka tida mi på enn å lytta på utgjevingar frå Tuba, Emi, ta:lik og Grappa, og tvilar ikkje på at desse utgjevingane i sine sjangrar er gode nok.

Det er ikkje dit eg vil.

Mangfald og einfald
Eg vil som eg skriv innleiingsvis setta fokus på kriteriane generelt for innkjøpsordningen for nye norske fonogram. Nokon må ta eit alvorleg grep om ordningen. Så lenge det er så lite midlar må tildelarane også vera klar over at i bransjen er det eit mangfald som på mange måtar innkjøpsordningen har vore med å dyrka fram, trass alt.

Mange, som NORCD, klarar seg med svært lite pengar (berre å bli kjøpt inn ein gong er stort) og har ufatteleg stor idealisme, brenn for den musikken dei jobbar med.

Marginane for dei ulike selskapa er svært svært små. Vil me ha det mangfaldet også i framtida nyttar det ikkje å kjøpa inn fem utgjevingar frå same selskap. Det skapar einfald. Det betyr kanskje at fire små selskap legg ned?

Så spørsmålet er også: Kva slags mangfald vil me ha?

Kriteriane for innkjøpsordningen av nye norske fonogram må snarast opp til drøfting og evaluering. FONO må på banen. Den uavhengige platebransjen treng ein dialog med Norsk Kulturråd som idag forvaltar ordningen.

Tida er overmoden.

Er innkjøpsordningen ensrettet og smal? Er det uheldig at ett selskap tilgodesees med flere innkjøp i samme periode. Kan innkjøpsordningen virke konkurransevridende og bidra til at noen selskaper overlever, mens andre går under? Har du innlegg i denne debatten, kan disse sendes til ballade@mic.no.
 

Relaterte bedrifter:

Innkjøpsordingen for fonogram (Støtteordninger)

Norsk kulturråd (Støtteordninger; Offentlige institusjoner)

Fond for Utøvende Kunstnere (Støtteordninger; Støtteordninger\Plate; Støtteordninger\Konsert / Turné)

FONO, Foreningen Norske Plateselskaper (Organisasjoner)

NORCD AS (Plateselskap)

Tuba Records AS (Distributører/grossister; Plateselskap)

Relaterte personer:

Karl Seglem, Daglig Leder

Relaterte artikler:

25.04.2006 Når staten ikke river i

19.04.2006 Støtteordninger

29.08.2005 Slettholm om FONO: - Vi trenger seriøse pådrivere som dere

08.04.2005 62 musikkutgivelser kjøpt inn av Kulturrådet

28.10.2004 72 musikkutgivelser kjøpes inn av Kulturrådet

11.06.2004 Innkjøpsordningen for fonogram - 1. innkjøpsrunde 2004

01.04.2004 FAK-komiteen: FrP vil avskaffe Innkjøpsordningen for fonogrammer

31.03.2004 Stortingets kulturkomite: Fleksibilitet og dynamikk i musikklivet

09.03.2004 Morgenbladet-redaktør Alf van der Hagen: - Styrk innkjøpsordningen!

09.11.2005 Karl Seglem: - Hvilken frihet, Brazz Brothers?

27.11.2002 - Norge er ingen kulturnasjon

10.03.2004 Kulturkutt i hovedstaden: - Oslo blir aldri en kulturby

08.12.2004 Blå Botn: Karl Seglem om mangel på fokus

02.05.2006 Seglem, Karl

14.12.2007 Ensemblestøtten for 2008

07.12.2007 Norge manglar ikkje musikk med høg kvalitet – men opne, dyktige, uavhengige journalistar og redaktørar.

26.09.2007 Fond for utøvende kunstnere korrigerer Wettre

15.12.2006 FFUK 50 år: Feiret med stor prisutdeling

15.11.2006 FFUK er fornøyde - nytt regelverk fra nyttår

03.11.2006 Musikkfond i forandring

03.11.2006 GramArt fikk inn DDE-manager

02.11.2006 Nytt styre i Fond for utøvende kunstnere

31.10.2006 50 år etter Gammleng: - Fellesskapstanke under press?

02.10.2006 FONO: Krever radikalt forbedret innkjøpsordning

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no