MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no



Grieg til Bangladesh og Jotunheimen

Publisert: 05/15/2007 av - Red.

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2007051513224157449301

Først skal Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til Bangladesh, deretter går ferden til flere av stedene i Jotunheimen der Grieg hentet inspirasjon fra og materiale til "Norske folkeviser opus 66".

Unni Løvlid (330x514)

I samband med Grieg-markeringa skal folkesongaren Unni Løvlid og pianisten Joachim Kjelsaas Kwetzinsky gje konsertar mellom anna i Bangladesh, Jotunheimen og Island.

Dhaka
Det er i år 100 år sidan komponisten Edvard Grieg gjekk bort, men han er framleis aktuell, både som komponist og humanist. I fjor var Bangladesh eit av dei landa som markerte Ibsen-året sterkast, og no står Grieg for tur. Center for Asian Theatre har i samarbeid med UD og den norske ambassaden i Bangladesh tatt initiativ til ein konsert 18. mai med dei norske musikarane.

Saman med skodespelarar og musikarar frå Dhaka vil dei presentere utdrag frå "Peer Gynt" og "Norske folkeviser opus 66". Dei vil og gje ein barnekonsert med Grieg sin musikk i regi av organisasjonen Kachi Kanchar Mela, samt møte studentar og lærarar på Dhaka universitet.

Jotunheimen
Deretter skal Løvlid og Kwetzinsky ut på ein lengre turné til stader i Jotunheimen der Grieg henta inspirasjon og materiale til sine "Norske folkeviser opus 66", slik som Luster, Turtagrø, Lom, Eidsbugarden og Vetti i Årdal. I tillegg skal dei gje konsertar på Fossli ved Vøringsfossen (der Grieg sat og skreiv sitt opus 66), Leirvassbu, Spiterstulen, Troldhaugen, Oslo Grieg Festival, samt to konsertar på Island. Grieg tolka og omarbeidde folketonane han høyrde til klaverstykke og samla dei i sitt opus 66.

Mest kjend er Gjendines bådnlåt, som vart sunge for Grieg av den 19 år gamle seterjenta Gjendine Slålien på Skogadalsbøen i 1891. Seinare skulle det bli fleire møte med ho i Jotunheimen, og ho er truleg kjelda til åtte av songane i samlinga. Løvlid og Kwetzinsky har intervjua personar som kjende Gjendine Slålien og vil formidle delar av dette materialet vidare til publikum. Dei vil framføre folkevisene både i original- og klaverversjon.

Musikerne
Unni Løvlid og Joachim Kjelsaas Kwetzinsky representerer begge Grieg07 og er del av Grieg Force. Løvlid er ein av våre mest etterspurde og allsidige folkesongarar. Ho vart i fjor kåra til "Årets folkemusikkartist" på Folkelarm. Kwetzinsky er aktiv som konsertpianist i Norge og i utlandet. Han vart i 2004 plukka ut til Rikskonsertene sitt lanseringsprogram Intro-klassisk.

Konsertoversikt:


Dette i følge en pressemelding.
 

Relaterte bedrifter:

Grieg 07 AS ()

Relaterte personer:

Edvard Grieg, Komponist

Unni Løvlid, Folkemusikksanger

Joachim Kjelsaas Kwetzinsky, Pianist

Relaterte artikler:

12.03.2007 Andsnes i Bærum, Oslo, Wien og Baden Baden

18.01.2007 TSO: Grieg med Brahms og Schumann

11.01.2007 Dramatisk og lidenskapelig avslutning

09.01.2007 Edvard Grieg minnes med lydkunst

14.05.2007 Styret i Riksscenen med sitt første møte

08.03.2007 Unni Løvlid - Vita (Heilo, 2006)

02.10.2006 Folkelarm: Årets vinnere

20.03.2006 Unni Løvlid gjør Schönberg i Konserthuset

18.05.2006 Folkemusikkveka 2006: Frå stand up-kveding til folkemusikkmesse

20.09.2006 Klappet og klart for Folkelarm

21.09.2006 Den store norske skatten

13.04.2007 Pling plong hos bling-bling

23.03.2007 Samtidsmusikk for folk flest - velkommen til Happy Days på Oslo City!

13.11.2006 INTRO-klassisk til Spania, Kina og Russland

05.10.2006 De unges kompetanse

04.05.2006 Program for INTRO-klassisk under Festspillene i Bergen

18.01.2006 Intro-musiker Joachim Kjelsaas Kwetzinsky til Moskva

06.06.2005 Joachim Kjelsaas Kwetzinsky: Usentimental følsomhet

12.12.2008 Sju vindar i alle retningar!

04.03.2008 Sluttrapport Grieg 07: Grieg – død eller levende?

31.01.2008 Norske musikere på eventyr i Sudan

15.01.2008 Norske musikere til Sudan

03.01.2008 Støvtørkeren kaster kluten

14.11.2007 Til Jordan med Griegs klaverkonsert

06.09.2007 Til St. Petersburg og Athen med Griegs a-mollskonsert

04.09.2007 Over the hills and far away

02.08.2007 Amputert protest

26.06.2007 Blir norske samtidskomponister neglisjert i Grieg-året 2007?

25.06.2007 Grieg-markering MED norske komponister

22.06.2007 Lyden tå Gudbrandsdalen

19.06.2007 Absolutt gehør? - utenrikspolitikkens kunst

18.06.2007 Jonas Gahr Støre om Edvard Grieg, Dreyfus-saken og Mstislav Rostropovitsj

15.06.2007 Edvard Grieg 164 år i dag

13.06.2007 KORK feirer Grieg med gratis podkast og T-banekonserter

12.06.2007 Bergen Filharmoniske Orkester: Feirer Grieg

31.05.2007 Offentlig urfremføring av Grieg

23.05.2007 Kjelsaas Kwetzinsky i Klagenfurt

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no