Sju vindar i alle retningar!

Sidan oktober har ”Sju vindar” – beståande av Unni Løvlid, Becaye Aw, Rolf-Erik Nystrøm og Ingar Hunskaar halde meir enn 40 konsertar i Tanzania, Kina, Nepal, Sri Lanka og India.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Sju vindar

Det er i år 100 år sidan diktaren Olav H. Hauge vart fødd, og som del av markeringa vart”Sju vindar” denne våren spurt av Dei Nynorske Festspela om å gjere eit bestillingverk basert på tekstane til Hauge til årets festspel.

Som del av motivasjonen bak tingingsverket er ei omsetjing av Hauge-dikt til fleire asiatiske språk. Etter framsyninga vart urframførti juni, har gruppa difor teke musikken med seg til Afrika og Asia, der dei no har vore på turne i 3 månader.

”Sju vindar” har på turneen samarbeid med lokale musikarar og diktarar frå mellom anna Zanzibar, Beijing, Seoul, Kunming, Kathmandu, Colombo, Shanghai, Hanzhou, Xi’an, Lanzhou, Bhopal og Delhi. Hauge-tekstane har vorte framført på nynorsk, kinesisk, fransk, fulani, hindi, zwahili og koreansk.


Med seg i India har gruppa Teji Grover og Rustam Singh som har oversatt Olav H Hauge til hindi. Desse omsetjingane til hindi vert lansert i bokform 14.desember i Delhi. Meir om Hauge på hindi finn du
her.

Siste konsert på turneen er 17.desember i Delhi – medan gruppa presenterer framsyninga si på Cosmopolite i Oslo 4.februar.

Turneen er støtta av lokale arrangørar, HT08, Norsk Kulturråd, MIC, Sparebank Vest, Rikskonsertene, FFLB, Ambassaden i Beijing og Oslo kommune


Dette i følgje ei pressemelding.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten