MIC / Ballade artikkel
Utskrift fra mic.no / ballade.no
Musikken er i dag fri fra CDen. Ver så snill å heng med, skriv Olav Opsvik.



ECM og strømmetenester

Publisert: 04/25/2012 av Olav Opsvik

http://www.ballade.no/nmi.nsf/doc/art2012042415130571612268

INNLEGG: Eg blir oppgitt og nærmest personlig fornærma over enkelte aktørers holdning til strømmetenestene, skriv Olav Opsvik.


Det var med stort vemod eg for eit par veker sidan oppdaga at den einaste årsaken til at eg i utgangspunktet starta eit WiMP abonnement hadde forsvunne: ECM-katalogen.

Då ECM først trekte seg ut av Spotify i 2010 fekk eg raskt nyss om at WiMP framleis hadde musikken inne i sitt bibliotek, og skaffa meg eit abonnement umiddelbart. ECM-katalogen var definitivt verdt ei ekstra utgift på 99,- kr i månaden. Sjølv for ein fattig student.


Kan berre spekulere
Men no har dei altså trekt seg ut av denne strømmetesten også. Etter eit par kjappe spørsmål til WiMP sin twitterkonto kunne eg få vite at ''dette skjedde nokså brått, med en kort beskjed fra leverandørene''.

Vidare har ikkje ECM svart på mine henvendelsar der eg har spurt etter ein kort begrunnelse.

Dermed gjenstår det berre å spekulere i kva som er årsaken til ECM si plutselige tilbaketrekning frå strømmetenester. Men det er heller ikke så vanskeleg å tenkje seg. Dei fleste vil kanskje huske Maria Menas Spotify-''RAN!'', samt Erik Hillestad sine dystre spådommar for ''den krevende musikken''.

Om tilbaketrekninga frå ECM er basert på prinsipp om for låge inntekter generelt, eller om det er slik for dei som nisjeselskap spesielt har eg altså ikkje lukkast å få svar på. Alt eg kan gjere er å fortelje ECM, Kirkelig Kulturverksted og andre nisjeselskap korleis eg, som villig betalande kunde, opplever utviklinga.


Siste nytt fra musikknorge: Ballade på Twitter


Farvel til CDen
Eg applauderer CDens død.

Det byrjar å nærme seg eit par år sidan eg forrige gang kjøpte ein CD, og det er deilig. Eg er oppvaksen med musikk på PC, og alle CD-ar eg kjøpte tidlegare blei alltid importert rett inn på ein harddisk, før CDen blei lagt vekk. Slik var det då. No veit eg at det ikkje treng å vere så tungvint.

Som storforbrukar av musikk er det fantastisk å kunne benytte seg av strømme-tenester gjennom både PC og telefon, og alltid ha mesteparten musikken eg interesserer meg for tilgjengeleg. Ikkje minst har tenester som Spotify og WiMP ført til at eg har oppdaga bøttevis med ny musikk eg ikkje hadde hatt ressursar til å nå tak før.


Personleg fornærma
Eg er kanskje ikkje ein gjennomsnittsforbrukar av slike tenester. I tillegg til at eg elskar å lage lister til ulike anledningar, er eg framleis ein stor fan av albumformatet, og alle slags former av ''krevende musikk''.

Derfor blir eg nærmast personleg fornærma når alle listene mine med ECM-musikk på WiMP plutseleg er tomme, og eg blir oppgitt når viktige aktørar som Hillestad har eit så einsidig negativt syn i staden for å vere løysingsorientert. Særleg når dette kjem i etterkant av lovande tal frå TONO, og gode oppfordringar frå Erik Brataas i Merlin.


Les intervjuet med Brataas: Lys i tunnelen


Ver så snill, ta grep
Men eg vil ikkje angripe desse aktørane som eg er så glad i. Lat meg heller komme med forslag som kan gagne alle.

Så: Kjære ECM, Hillestad, Spotify og WiMP. Eg vil så gjerne høyre på musikken de har å tilby, og eg vil så gjerne strømme den, og sleppe maset med å flytte den rundt frå apparat til apparat. Og eg betalar gladeleg både tre, fire og fem hundre i månaden om de kan gi meg eit produkt som er verdt pengane.

Spotify lanserte for ikkje så lenge sidan interne applikasjonar. Kva med, til dømes, ein ECM-app? Som eg kan betale ekstra for, naturlegvis. Med heile ECM-katalogen tilgjengeleg, samt informasjon ein vanlegvis ville funne i coverheftet. Ein app med slike hefter eksisterer allereie for utvalde artistar.

Uansett kva som skjer, ver så snill, heng med på utviklinga, stup inn med hovudet først, tenk konstruktivt og aggresivt, ikkje defensivt. Vi er mange som vil gi dykk inntektene og de berre kan gi oss noko å betale for. Om de ikkje tek grep er eg redd de kan dette fullstendig av lasset.

Olav Opsvik er musikkstudent og skribent.
 

Relaterte bedrifter:

WIMP (Butikk\Nettbutikk)

Spotify Ltd (HQ) (Butikk\Nettbutikk)

Phonofile AS (Distributører/grossister; Butikk\Nettbutikk)

Kirkelig Kulturverksted (CD produksjon; Plateselskap)

Relaterte personer:

Erik Hillestad, Kunstnerisk leder, Produsent, Tekstforfatter

Erik Brataas, Daglig Leder

Relaterte artikler:

15.03.2012 En gang til

06.03.2012 Ikke fremtidsrettet

05.03.2012 Strømmetjenester, bredde og nyskapning

27.01.2012 GramArt med strømmedebatt

09.01.2012 FFUK åpner for digitalstøtte

23.01.2012 Strømming fester seg

12.12.2011 Sterk sluttspurt

08.12.2011 Året det var så bratt

16.08.2011 Mer strømmeforskning

30.06.2011 Digital musikk opp 75 %

24.10.2012 Sjangerdeling eller trinnvise verdier

24.10.2012 - Vi må se radikalt på strømmemodellen

23.10.2012 Ny musikk viktig

17.07.2012 - Mentor og inspirator

16.07.2012 Et alternativ til SpotiWimp?

04.06.2012 For et fritt marked

29.05.2012 Vi trenger en musikklov

25.05.2012 NOPA i drømmeland

25.05.2012 - Må fronte norsk

24.05.2012 Vil ha musikklov

23.05.2012 Strømming opp, norsk ned

15.05.2012 Redningen, ikke problemet

14.05.2012 Nisjene på nettet

10.05.2012 TV-vekst for WiMP

09.05.2012 Trenger ny forretningsmodell

07.05.2012 Det forbrukeren vil ha

02.05.2012 Medan vi ventar

30.04.2012 Utviklinga mot strømmen

27.04.2012 Husker du hvor stille det var?

27.04.2012 Smertefull skvis

26.04.2012 Peker ikke fremover

25.04.2012 - Mer erfaring

MIC Norsk musikkinformasjon
Postboks 2674 Solli
0203 Oslo
Tel: 2327 6300
Fax: 2327 6301
info@mic.no