Ny opera av Knut Vaage og Jon Fosse

Opera Vest presenterer norsk urpremiere av "Nokon kjem til å komme" under Ultima 2000 i morgen. Forestillingen spilles i Oslo fredag, lørdag og søndag, og vil i november dra videre til Bergen. I rollene finer vi Lars Fosser, Siri Torjesen og Nils Harald Sødal, mens musikken blir framført av BIT 20 Ensemble under ledelse av Ingar Bergby.

Del artikkelen på:
                    |     Mer

Knut Vaage

Nokon kjem til å komme er ein nyskriven opera av Knut Vaage, basert på Jon Fosse sitt skodespel med same tittel. Fosse sin dramatikk blir her nytta for første gong i ein musikkdramatisk samanheng, og forfattar og komponist har samarbeidd om å omarbeide skodespelet til libretto.

Knut Vaage har skrive musikk for tre songarar og åtte musikarar. I rollene finn vi Lars Fosser, Siri Torjesen og Nils Harald Sødal, og musikken blir framført av BIT 20 Ensemble under leiing av Ingar Bergby. Regien er ved Michael McCarthy, Simon Banham står for scenografi og kostymar, og Ace McCarron er lysdesignar.

Eit par, Han og Ho, kjem for å busetja seg i eit gamalt hus ved havet. Dei ynskjer å koma vekk - vera åleine saman. Idyllen blir truga av ei kjensle av at "nokon kjem til å komme". Mannen, han som selde huset til dei og er einaste nabo, dukkar opp og utgjer snart eit trugsmål for deira tosemd. Rundt denne enkle intrigen oppstår ein understraum av spenningar. I librettoen er den opprinnelege teksten kutta frå sytti til tjue sider, men essensen og spenningane i skodespelet er like sterke, og blir understreka og ivaretatt i musikken.

Nokon kjem til å komme er eit samarbeid mellom Opera Vest, Ultimafestivalen og Den Nationale Scene i Bergen, og oppsetjinga er støtta av Norsk Kulturråd, Kulturby Bergen 2000, Bergen kommune, Det Norske Operafond, Norsk Kassettavgiftsfond og Fond for Utøvende Kunstnere.

Prosjektet er ein del av Norsk kulturråds satsing i 2000 – Attacca-00. Her inngår prosjekter innen flerkulturelle musikkuttrykk, musikkdramatikk og jazz, foruten satsinga "21 marsjer for det 21. århundre". På www.kulturrad.no/attacca finnes oppdatert informasjon om prosjektane. Fellesbrosjyre kan tingast frå Kulturrådet.

For meir informasjon kontakt:

Opera Vest, e-post: operavest@operavest.no, tlf. 55 21 61 20/ 55 21 61 22 / faks 55 21 61 21, eller kunstnerisk leiar Stein Olav Henrichsen, tlf. 913 80 557.

Attacca_00: Morten Walderhaug, tlf 55 31 05 80 / 91 30 92 04
Norsk kulturråd: Christian Lund, tlf 22 47 83 30

Urpremiere 6. oktober kl. 22.00 Black Box Teater, Oslo
Framsyninga blir og spela 7.okt. kl 20.00 og 8. okt. kl. 15.00 same stad, og i Bergen som del av Kulturby Bergen 2000 og BergArt på Den Nationale Scene: 25. november – 6. desember.

Del artikkelen på:
                  |     Mer

Kommentarer:

Kom gjerne med informasjon, argumenter og synspunkter. Du kan enten kommentere via din Facebook-profil, eller, om du ikke har det, via vårt lokale kommentarsystem. Vi krever uansett at du underskriver med fullt navn. Alle kommentarer må godkjennes av redaksjonen før de offentliggjøres (mer om Ballades kommentarsystem). På forhånd takk!

Lokale kommentarer:

Legg til ny lokal kommentar

Ingen lokale kommentarer er lagt til


Siste fra forsiden





Hva skjer i dag:



Siste om kunstmusikk

Ballade · Postboks 2674 Solli, 0203 Oslo · Besøksadr: Henrik Ibsensgt. 110
Vil du annonsere i Ballade? Ta kontakt med: Sture Bjørseth · sture@ballade.no · Mob: 95 43 60 31
Ballade drives etter redaktørplakaten og vær varsom-plakaten